- Eg er fødd odelsgut og har vakse opp her på garden. Har alltid interessert meg for gardsdrift - og angrar ikkje på at eg vart bonde.
Kva er det beste med å vere bonde?
– Det beste er at eg kan styre dagane mine sjølv, gjere det som passar meg når det høver seg slik.
Kva er dei største utfordringane i drifta di?
- Eg er ganske fornøgd slik det er, men været kan vere ei utfordring. Også det å få tid til å være med borna
på fritidsaktivitetar. Som bonde krevst det at du har ei tolmodig kjerring!
Kva modular brukar du mest i Agrilogg?
- Sidan eg brøytar svært mykje no i vinter, er det den modulen eg brukar mest. Eg har 100 faste kundar eg brøytar til,
i tillegg til ca. 40 sporadiske, så brøytemodulen er svært viktig for meg. Her held eg styr på alt og kan
ta ut fakturagrunnlag.
Også nokre fleire modular, som slått, gjødsling og teigar er i bruk, men eg kunne vore endå flinkare å
bruke dei andre modulane, ser eg.
Har du ein kommentar, eller saknar du noko i Agrilogg?
– Det kunne vore litt enklare å legge nye kundar rett inn i brøytemodulen, syns eg. Litt tungvindt
at ein må legge inn kunden ein annan plass, for så å hente den opp att. Men det går greitt, altså!
Elles er eg svært fornøgd med Agrilogg!
Flott vintertun: Bustadhuset og driftsbygninga på Flak gard i Trøndelag
Vi takkar Trond Flak for praten, og ynskjer han og familien ei riktig god jul på Flak Gard!