Logg inn Funksjonalitet Prøv gratis Artiklar Video Kontakt oss Nettkurs RådgjevarPortalen
Start Funksjonalitet Prøv gratis Artiklar Videoar Kontakt oss Nettkurs
Infoskriv januar 2024

Importér teigkarta dine frå kartfil (shape-fil)

No kan du enkelt hente inn teigkarta dine i Agrilogg frå ei kartfil. Dette gjer du ved å køyre importprogrammet, som ligg under Profil og alle innstillingar > Teigar.

For kvar teig vil du ha følgande valg:

Du slepp altså dermed å teikne inn kvart enkelt teigskisse manuelt; veldig tidsbesparende!

Dersom du brukar ekstern hjelp til f.eks. gjødslingsplanen din, vil importfunksjonen også lette arbeidet for rådgjevaren din.

Om du ikkje allereie har ei kartfil (shape-fil), kan sannsynlegvis rådgjevaren din få tak i ei slik fil for deg. Det er nemleg krav om teigkart for kvar enkelt teig som skal vere med i gjødslingsplanen.

Teigkart er også påkrevd om du skal sende data til Klimakalkulatoren, noko vi spår det vil bli meir og meir fokus på i tida framover.

Importer teigkarta dine

Om bruk av kunstig intelligens (AI) i Agrilogg

Agrilogg AI er eit samarbeid mellom Agrilogg og seriøse internasjonale aktørar innanfor kunstig intelligens (AI, Artificial Intelligence).

100% anonymiserte data

For å kunne la ein AI-modell analysere dataene dine, må vi sende visse data frå Agrilogg til AI'en. Du kan likevel vere sikker på at dataene vi sender av stad er 100% anonymiserte, dvs namn, adresse, telefon, epost o.l. ikkje blir sendt til nokon AI.

Kontinuerlege tilpassingar og finjusteringar

Vi vil kontinuerleg tilpasse og finjustere all kommunikasjon/samhandling med AI-modellane for å oppnå det best moglege resultatet/responsen til deg som brukar.

Gratis å bruke

Vi har visse kostnader ifm utvikling og bruk av interne og eksterne AI-tenester, men for deg som brukar er det gratis å bruke, i allefall i heile 2024.

AI i gjødslingsplanlegginga

Først ute (5. januar) var vurdering av gjødsling i gjødslingsplanen. Det kjem meir AI i andre modular etter kvart.


©2016-2024 Agrilogg AS. All rights reserved
Agrilogg® is a registered trademark
Personvern (GDPR)

AgriLogg på Facebook    AgriLogg på Instagram