Vi håper at det nye verktøyet vårt vil gjere deg meir motivert til å faktisk gå ei vernerunde på garden din. Vernerunda er viktig for å identifisere og fjerne risiko/fare slik at garden blir ein trygg stad å bu og arbeide på - for deg, familien din og eventuelt arbeidsfolka dine.
I tillegg til «Egendefinert», der du sjølv skriv inn ein observasjon med dine eigne ord, vil du finne følgande tema. Når du vel eit tema, vil ein meir utfyllande tekst dukke opp automatisk.
Tema:
Du kan dokumentere vernerunda ved å for eksempel fotografere avvik rett frå smarttelefonen eller nettbrettet. Og når eventuelle tiltak er utført nokre dagar eller veker seinare, kan du ta eit nytt bilde.
Agrilogg er mykje meir enn vernerunder, du kan sjå all funksjonalitet her. Du kan også prøve Agrilogg gratis i 1 mnd
Du kan til ei kvar tid køyre ut ein vernerunde-rapport som inneheld alle observasjonar, merknader, avvik, tiltak og foto.
For kvart avvik du oppdagar og noterer kan du velje om du vil sette ein person på saka - og ein tidsfrist. Han/ho vil då få eit varsel om dette i Agrilogg når tidsfristen nærmar seg.
For di eiga og andre si sikkerheit bør du gjennomføre ei vernerunde minst ein gong i året. Dette er også eit statleg krav. Vernerunda er viktig for å identifisere og fjerne risiko/fare slik at garden blir ein trygg stad å bu og arbeide på - for deg, familien din og eventuelt arbeidsfolka dine.
Du gjennomfører ei vernerunde ved at du tar med deg andre som er på garden (tilsette og/eller familie) og fysisk går ei runde på garden for å sjå etter ting som kan utgjere ein fare/risiko for liv og helse - og kva som kan gjerast for å utbetre det aktuelle området.
Du kan også notere ned forhold som er sjekka ut og som er funne i orden, då er det også dokumentert for ettertida.
Vernerunde-modulen får du både på nynorsk og bokmål. Har du valt bokmål i innstillingane dine, vil dei ferdigskrivne temaene og sjekkpunkt-tekstane vere på bokmål.