Frå i dag av vil all datakommunikasjon mellom Agrilogg-systemet og deg som Agrilogg-brukar gå over ein sikker/kryptert forbindelse. På fagspråket heiter dette SSL (Secure Sockets Layer) og er same teknologi som du brukar når du loggar deg inn i nettbanken. Det einaste du vil merke er ein hengelås i adressefeltet i nettlesaren din - og med den kan du føle deg trygg på at ingen datasnokarar eller andre idiotar på nettet kan sjå kva du legg inn i eller tek ut av Agrilogg. Du hadde valet før, men no er det obligatorisk for alle.
Du kan legge inn produsentnummeret ditt i profilen din. Produsentnummer vil vere nødvendig når Agrilogg ein gong i nær framtid begynner å kommunisere med andre datasystem. Du kan sjølvsagt alltid vere trygg på at Agrilogg aldri gir frå seg data utan at du på førehand har godkjent det!
Om du er bokmålsbrukar, kan du allereie no velje norsk bokmål som standard språk i Agrilogg. I skrivande stund finst brorparten av systemet framleis berre på nynorsk, men etter kvart som vi nærmar oss våren 2017, vil alle delar av systemet verte oversett til norsk bokmål. Som bokmålsbrukar treng du ikkje å gjere noko anna enn å velje bokmål som språk - resten går av seg sjølv.
Språkvalet finn du under Profil og Innstillingar > Profil
No kan du inkludere arbeid over fleire månader i eitt og same fakturagrunnlag. Dette vil vere nyttig dersom du har kundar som du ikkje fakturerer kvar månad.
Helsing frå oss karane i Agrilogg