Som mange av dykk allereie veit, vert Agrilogg i praksis utvikla av den norske bonden. Vi mottek nesten dagleg ein eller fleire e-postar eller telefonar med forslag til vidareutvikling av systemet. Dette set vi stor pris på – for på denne måten lagar vi eit system der bonden sine behov og ynskjer veg mest - sett med bonden sine auge!
Denne e-posten inneheld informasjon om:
Etter fleire førespurnader frå ulike brukarar er «Notat» no tilgjengeleg i Agrilogg.
Når du etter kvart får mange notat kan det vere lurt å kategorisere dei slik at du lett kan finne dei igjen. Pr i dag kan du velje mellom 19 ulike kategoriar. Kom gjerne med forslag til fleire.
I tillegg til å kategorisere eit notat, kan du også linke/koble eit notat til teigar, kundar, maskiner og bygningar på garden (sjå bilde). Dersom du gjer det, vil notatet automatisk dukke opp under dei respektive innstillingane (Profil og innstillingar).
Jørgen K. og Elina S. har kome med gode innspel til modulen Notat.
Etter tips frå Per Einar A. kan du no legge inn fleire sprøytingar på same teig, same dag.
Du kan laste opp gjødselplanane dine i modulen «Gjødsling og kalking», enten som PDF-fil, Word- eller Excel-fil, eller (om du brukar mobiltelefon) som foto. Mobilen har du vel som regel alltid med deg – og då er gjødselplanane dine berre eit par tastetrykk unna til ei kvar tid. Takk til Frants K. for tipset.
Av og til ønsker du kanskje å legge inn timetalet på traktoren når du loggfører vedlikehald og service? Det kan du no.
Når du utfører vedlikehald og/eller service på maskiner og utstyr som er registrert i Agrilogg har du anledning til å registrere kor lang tid du har brukt. Når du ein gong evt skal selje maskina kan serviceheftet vere gull verdt. Tips frå Erik Aa.
Brunstkalender er under utvikling. Sidan dette er eit område der ulike praksisar kan råde, vil det ideelle vil vere at fleire personar frå ulike delar av landet deltek i testing og utvikling. Om du vil vere med på å utvikle modulen «Brunstkalender», kan du melde di interesse her: https://agrilogg.no/kontakt/
Det kjem stadig nye funksjonar i Agrilogg. Om det er nokre du ikkje har bruk for, kan du skjule dei. Dette gjer du enkelt under «Profil og innstillingar» > «Profil» > «Vis eller skjul modular».
Med vennleg helsing