Alle infobrev

Infobrev / epost 12.05.2017


Vyrde Agrilogg-brukarar!

Mange av dykk har etterspurt ein rapport som viser all informasjon som er registrert på ein teig.
Den er no klar.

Teig-rapport

Teigrapporten finn du no under seksjonen «Rapportar og dataeksport» i hovudmenyen (nytt ikon).


Bildet viser «komprimert» visning (mobil, nettbrett, pc/mac)

Du kan sjølv velje kva som skal vere med i rapporten: Loggføring av slått, tresking, gjødsling, sprøyting, jordbearbeiding, beiteslepp og til og med notat som er knytt opp teigen du køyrer rapport på.

Vi vil takke Tommy og andre tilsette ved NMBU for konstruktiv tilbakemelding på teigrapporten.

Storleiken på ein teig

Aslak T. tipsa oss om at det var fornuftig at storleiken på ein teig var synleg i nedtrekkslista der du vel teig i gjødslingmodulen (slik at det vert lettare å beregne mengde gjødsel pr kubikk eller dekar). Han kan ikkje ha meir rett – no kan du sjå storleiken på kvar teig direkte i nedtrekkslista i dei modulane der dette kan vere nyttig info.

Aslak frå Sørgarden i Hemne kommune er forresten i gong med å bygge heilårleg gjødsellager – med klimagevinst:
https://klimasmartlandbruk.no/100-losninger/bygger-helarlig-gjodsellager-article227-7.html

Siste nytt finn du alltid her:
https://agrilogg.no/nytt

Mvh
Oss i Agrilogg
Tlf 91 22 11 33 / 47 39 19 63
(inkl vår kjære maskot, Emma Kaspara, 14 år, huskatt, profesjonell smågnagar-avlivar og ihuga livsnytar)

https://agrilogg.no/

©2016-2026 Agrilogg AS. All rights reserved. Agrilogg® is a registered trademark

Kundeservice Kundeservice tlf 40 61 52 37

AgriLogg på Facebook    AgriLogg på Instagram