Dette kan du lese om i denne eposten:
I visse tilfelle vil du ha behov for å skrive ut timeliste eller fakturagrunnlag kun for ein bestemt aktivitet, eller type arbeid. Det kan du no (sjå bilde under). Takk til leiaren i FB Samdrift AS for tips og konstruktive tilbakemeldingar.
Agriloggbrukaren Arne O. har fått med seg at prosjektgruppa for Grovfor 2020 (NLR, Yara, Felleskjøpet og Tine) oppfordrar grovforprodusentar (gras) til å registrere innhausting på same måte som kornprodusentane. Det måtte vi berre gjere noko med: I tillegg til talet på rundballar, lass og volum (kubikk) kan du no legge inn kilogram (sjå bilde under).
Gjødsel for yrkeshagebruk er lagt inn.
I framtida vil grønsak-, frukt- og bærdyrkarar få sine eigne modular i Agrilogg.
Dersom du ikkje finn det du brukar av gjødsel eller sprøytemiddel må du vere snar å melde det inn til post@agrilogg.no. Vi kan so å seie garantere at det tek maksimum 12 timar før det er på plass (så lenge du kan fortelje oss dei nøyaktige produktnamna).
Vi samlar alle opplasta dokument og foto på ein felles plass under eit nytt menypunkt kalla «Dokumentsamling». Dette er i kjømda – og er nær knytt til neste punkt:
Rådgjevarportal: Deling av dokument og meldingar mellom bonde og rådgjevar i AgriloggVi håper at vi kan gjere det enklare for deg som bonde ved at rådgjevaren din kan laste opp dokument direkte til din Agrilogg-konto. Vi er klar over at alle dokument (gjødslingsplanar, jordprøver, KSL-revisjonar, osv) som ligg i ein mailboks gjerne har det med å forsvinne. Om kort tid vil rådgjevaren din kunne laste opp dokumenta dine til Agriloggkontoen din (du må først godkjenne han/ho) – og der vil du kunne lagre dei for alltid.
Vel, alltid og alltid - somme seier at sola sloknar om 6 milliardar år. Om 6.000.000.000 år kan vi ikkje garantere at du finn dei att – men kva skal du vel med eit dokument som er 6 milliardar år gamalt? Vi satsar på at rådgjevaren din oppdaterer dokumenta dine minst ein gong i året.
Vernerunder (Vernerunder > HMS > KSL)Vi ventar vi framleis på svar frå nokre karar i Oslo. Dersom dei gjev oss klarsignal i løpet av kort tid, vert «Vernerunder» opna i løpet av juni, som lova.
Siste nytt finn du alltid her:
https://agrilogg.no/nytt
Med venleg helsing
Bjørn Tore (91 22 11 33), Jan-Øystein (47 39 19 63)
…og sjølvsagt maskoten vår, Emma Kaspara (14 år, lat huskatt, men dog ein ihuga spissmusdrepar og småfugletar)
Kundeservice tlf 40 61 52 37