Alle infobrev

Infobrev / epost 19.07.2017


Vyrde Agrilogg-brukarar!

Fredag 21. juli blir Vernerunde-modulen tilgjengeleg for alle Agrilogg-brukarar. Du vil finne den under HMS i hovudmenyen.

Eit verktøy kan gi auka motivasjon til å gjennomføre ei vernerunde

Vi håper at det nye verktøyet vil gjere deg meir motivert til å faktisk gå ei vernerunde på garden din. Vernerunda er viktig for å identifisere og fjerne risiko/fare slik at garden blir ein trygg stad å bu og arbeide på - for deg, familien din og eventuelt arbeidsfolka dine.

Foto-dokumentasjon

Du kan dokumentere vernerunda ved å for eksempel fotografere avvik rett frå smarttelefonen eller nettbrettet. Og når eventuelle tiltak er utført nokre dagar eller veker seinare, kan du ta eit nytt bilde.

Full rapport med bilder/foto

Du kan til ei kvar tid køyre ut ein vernerunde-rapport som inneheld alle observasjonar, merknader, avvik, tiltak og foto.

Varsling: Ansvarleg person (utbetre manglar/avvik)

For kvart avvik du oppdagar og noterer kan du velje om du vil sette ein person på saka - og ein tidsfrist. Han/ho vil då få eit varsel om dette i Agrilogg når tidsfristen nærmar seg.

Tidsbesparande huskeliste (forslagsbibliotek)

I tillegg til «Egendefinert», der du sjølv skriv inn ein observasjon med dine eigne ord, vil du finne følgande tema. Når du vel eit tema, vil ein meir utfyllande tekst dukke opp automatisk.

Tema:

  1. Golv og gangareal
  2. Fallfare (rekkverk, luker o.l.)
  3. Trapper, stigar m.m.
  4. Sikring mot utforkøyring
  5. Sikring av kummar og dammar
  6. Gjenstandar som kan falle ned/velte
  7. Traktor/maskin: Setebelte
  8. Traktor/maskin: Verneinnretningar
  9. Støy / støyplager
  10. Lys / lysforhold
  11. Belastningsskadar
  12. Vibrasjonsskadar
  13. Sikkerhetsdatablad
  14. Støv / støveksponering
  15. Ventilasjon
  16. Forgifting (silogass m.m.)
  17. Rømingsvegar (brann)
  18. Brannsløkkingsutstyr
  19. Førstehjelpsutstyr
  20. Trygge leikeområde

Kvifor gå vernerunder?

For di eiga og andre si sikkerheit bør du gjennomføre ei vernerunde minst ein gong i året. Dette er også eit statleg krav. Vernerunda er viktig for å identifisere og fjerne risiko/fare slik at garden blir ein trygg stad å bu og arbeide på - for deg, familien din og eventuelt arbeidsfolka dine.

Du gjennomfører ei vernerunde ved at du tar med deg andre som er på garden (tilsette og/eller familie) og fysisk går ei runde på garden for å sjå etter ting som kan utgjere ein fare/risiko for liv og helse - og kva som kan gjerast for å utbetre det aktuelle området.

Du kan også notere ned forhold som er sjekka ut og som er funne i orden, då er det også dokumentert for ettertida.

Både nynorsk og bokmål

Vernerunde-modulen får du både på nynorsk og bokmål. Har du valt bokmål i innstillingane dine, vil dei ferdigskrivne temaene og sjekkpunkt-tekstane vere på bokmål.

Integrasjon mot KSL/Matmerk?

Vi har hatt fleire møter med Matmerk om dataoverføring mellom Agrilogg og KSL-systemet (som dei driftar). Konklusjonen frå deira side er at integrasjonar mellom eksterne system (som Agrilogg) og KSL tidlegast kan kome i stand hausten 2018 – dei er inne i ein prosjektfase der føremålet er å finne ut korleis integrasjonar med eksterne system skal skje.

Ein tryggare kvardag på garden din (som du vanlegvis får ved å gå ei vernerunde) er likevel viktigare enn å krysse av eit punkt i KSL. Vi håper at du har det rette verktøyet mellom hendene no.

Siste nytt finn du alltid her: https://agrilogg.no/nytt

Mvh
Bjørn Tore, 91 22 11 33, Jan-Øystein, 47 39 19 63
og Agrilogg sin super-maskot, huskatten Emma Kaspara (14 år)


©2016-2026 Agrilogg AS. All rights reserved. Agrilogg® is a registered trademark

Kundeservice Kundeservice tlf 40 61 52 37

AgriLogg på Facebook    AgriLogg på Instagram