…og då passar det vel godt med ein oppdatert brøytemodul.
I tillegg til oppdatert brøytemodul (som vi vil konsentrere oss om i dette infobrevet) kan du finne følgjande nytt i Agrilogg sidan siste infobrev den 22. september:
Men no vil vi konsentrere oss Snøbrøyting:
Ei rodeliste vil forenkle registrering og fakturering av snøbrøyting. Du legg inn to eller fleire kundar i rodelista - og fast pris pr tur pr kunde. Du kan legge inn fast turpris på snøbrøyting, strøing og salting.
Her har vi laga ei rodeliste som vi har kalla «Åmdalen rundt» med tre kundar og fast pris per tur (bildet):
Når du først har laga ei rodeliste kan denne brukast av alle tilsette i bedrifta. Du kan enkelt merke brøyting, strøing og salting med eitt trykk/klikk (sjå bilde under). Du kan endre prisen om noko uventa skulle oppstå (knappen «Vis prisar») og du kan legge inn klokkeslett pr aktivitet pr kunde (knappen «Vis klokkeslett»).
Med andre ord: Med eit par-tre trykk har du registrert alt arbeid du har gjort på ei køyrerunde (rodeliste). Og dermed ligg arbeidet klart til fakturering: Fakturagrunnlaget er ferdig i same sekund.
Du lagar ei (eller fleire) rodelister under Profil og innstillingar > Rodelister:
Somme har oppdragsgjevarar som krev at klokkeslett skal loggførast. No kan du legge inn start- og stopptidspunkt enten manuelt (taste inn klokkesletta sjølv), eller du kan bruke start- og stoppknappen.
På timebaserte oppdrag vil systemet gjere reknearbeidet for deg: rekne ut antal timar og minutt - og gjere det om til timar med to desimalar. 3 t. og 25 minutt er det same som 3,42 timar (sjå eksempel under). I fakturagrunnlaget vil du automatisk finne heilt nøyaktig tidsrom og pris ihht avtalt timepris.
Somme ynskjer å skjule prisane i rodelistene for arbeidstakarar av ymse grunnar. Som administrator kan du gjere dette no – du gjer det på same plass som der du opprettar og endrar rodelistene. Dersom du skjuler prisane for ein person, så vil han han/ho heller ikkje ha tilgang til Fakturagrunnlag (elles ville det vere meiningslaust).
Denne funksjonaliteten gjeld berre fleirbrukar-abonnement.
Vi vil spesielt takke grisebonde og snøfjernar John Magne K. frå Baconhill i Åmdalen og anleggsgartnar Jostein B. for god hjelp til utforming av den nye brøytemodulen.
Vi vil også takke for dei mange gode tilbakemeldingane og innspela som kjem kvar veke – dei aller fleste forslaga vert notert og vil kome i seinare oppgraderingar av Agrilogg.
Siste nytt vil du alltid finne her:
https://agrilogg.no/nytt/
Med helsing
Emma Kaspara, 14 1/2 år, huskatt og Agrilogg-maskot
Bjørn Tore (91 22 11 33) og Jan-Øystein (47 39 19 63)
Kundeservice tlf 40 61 52 37