Her kjem siste nytt i Agrilogg dei siste 30 dagane:
Takk til alle bønder og entreprenørar som har vore med på vidareutviklinga av Agrilogg i november!
Alle skjermbilda i dette infobrevet er frå ein iPhone - dei kan variere litt frå mobiltelefon til mobiltelefon og nettbrett og PC/Mac.
Skraping
Skraping er lagt til som val i rodelistene og enkeltregistrering. For enkeltregistreringar kan du legge inn fast timepris for skraping i pris-innstillingane dine, på lik linje med brøyting, strøing og salting. Om du brukar rodelister kan du legge inn fast pris pr tur pr kunde i rodeliste-innstillingane.
Stad/adresse i rodeliste og fakturagrunnlag
Du kan også legge inn stadnamn eller nøyaktig adresse for kvart punkt (stad/kunde) i rodelista - og dette vert automatisk overført til fakturagrunnlaget.
«Registrert av» og «utført av»
Vi har lagt inn datafeltet «utført av» i tillegg til det eksisterande datafeltet «registrert av». Om du leiger inn folk til sprøytinga, er det gjerne du sjølv som registrerer men ein annan som utfører. Med dette er det ikkje lenger tvil om kven som gjer kva.
Vassmengd og vindstyrke
Du kan også legge inn total mengde vatn og vindstyrke.
Mange bønder brukar Norsk Landbruksrådgiving (NLR) og andre aktørar i HMS-arbeidet. Dersom rådgjevaren din er registrert i Agrilogg sitt rådgjevarregister og du har gitt han/ho tilgang, vil rådgjevaren din no kunne registrere vernerunda på vegne av deg.
Resultatet, altså vernerunderapporten, vil bli lagra i din Agriloggkonto under HMS > Vernerunder - og rådgjevaren din vil også ha full oversikt.
Forutsetninga er altså at rådgjevaren din er registrert i rådgjevarregisteret og at du har gitt han/ho tilgang til delar av dine data. Dette gjer du under Profil og innstillingar > Ekstern tilgang (rådgjevar).
Frå Rådgjevarportalen:
Du kan no opprette eigne mapper i Agrilogg med dine eigne namn. I eit fleirbrukarabonnement har alle brukarar tilgang til filene i standardmappene.
Når du opprettar ei eiga mappe kan du sjølv velje om det berre er du som skal ha tilgang til filene, eller om alle andre brukarar i same firma også skal ha tilgang til dokumenta (eller bilda) som du lastar opp. Rådgjevarar har tilgang til alle standardmapper (dersom du har gitt dei tilgang til det).
Vi har lagt til 5 stk eigendefinerte boksar der du sjølv kan legge inn eigenskap og spesifikasjon, for eksempel «Årsmodell» og «1992» (sjå bilde under). For bygningar kan du f.eks. legge inn farge og fargekode.
Desse tilleggsopplysningane kjem sjølvsagt også automatisk med i serviceheftet.
Av og til kan det hende at du har behov for å ta ut rå-data pr månad, ikkje berre for eit heilt år. Det kan du no.
Siste nytt vil du alltid finne her:
https://agrilogg.no/nytt
Med helsing frå oss i Agrilogg,
Emma Kaspara, 14 1/2 år, heimalen huskatt, ihuga spissmuspinar og Agrilogg-maskot,
Bjørn Tore (91 22 11 33) og Jan-Øystein (47 39 19 63)
Kundeservice tlf 40 61 52 37