Her er siste nytt i Agrilogg sidan siste infobrevet 31. desember:
Sikker jobbanalyse bør gjennomførast for spesielt farlege arbeidsoppgåver eller oppgåver som vert utført sjeldan. Dette gjeld oppgåver som kan føre til personskadar eller materielle skadar. Arbeidstilsynet kan krevje at ei sikker jobbanalyse er gjennomført.
Skjemaet for Sikker Jobbanalyse finn du under HMS i hovudmenyen, saman med dei andre HMS-relaterte undermodulane.
No kan du legge inn serviceintervall (med SMS-varsling) opptil 48 mnd på maskiner og utstyr. Då kan du for eksempel legge inn el-anlegget ditt med pålagd service kvart 3. år – Agrilogg vil minne deg på det. Takk til Irma Ø. frå Stjørdal for tipset!
I tillegg til oppsummering av heile sesongen eller året, har du no til ei kvar tid ei vekesoversikt. Grafen viser sum kr pr dag dei siste sju dagane. Alt arbeid i heile bedrifta er tatt med, uansett om du driv åleine eller om du har eit fleirbrukar-abonnement. På bildet under ser du oversikta i Snøbrøyting. Leigearbeid har ein tilsvarande graf.
Har du behov for å eksportere strøing for seg, salting for seg (osv) så kan du gjere det no under Dataeksport.
Med nye fylkes- og kommunesamanslåingar har fleire fått nytt produsentnummer. Hvis dette gjeld deg må du oppdatere produsentnummeret ditt i Agrilogg under Profil og innstillingar > Profil.
Du finn alltid siste nytt her:
https://agrilogg.no/nytt/
Helsing frå oss i Agrilogg,
Bjørn Tore (91 22 11 33), Jan-Øystein (473 91 963)
- og sjølvsagt Agrilogg sin supermaskot, Emma Kaspara