Personvernerklæring

Personvern

Ditt personvern som brukar av Agrilogg er svært viktig for oss. Persondata som vi registrerer om våre brukarar vert behandla etter gjeldande personvernreglement (General Data Protection Regulation, GDPR). Det er dagleg leiar i Agrilogg AS som er øvste ansvarleg for at det til ei kvar tid gjeldande personvernreglementet vert følgt.

Føremål

Føremålet med innsamling og behandling av personopplysningane er å kunne administrere og gje tilgang til abonnementstenesta Agrilogg. Personopplysningane vert også nytta ved utsending av nyheitsbrev og informasjon om produktet og tenestene.

Behandling av personopplysningar

Personopplysningar som vert samla inn er opplysningar for å identifisere den enkelte brukar av Agrilogg. Ved teikning av Agrilogg-abonnement ber vi om fullt namn, telefonnummer og e-post. I tillegg behandlar vi opplysningar om vedkomande si bedrift, men dette vert ikkje definert som personopplysningar.

Innsamling av personopplysningar

Det er ikkje mogleg å levere tenesta Agrilogg utan at vi ber om nokre enkle personopplysningar. Når abonnement på Agrilogg vert teikna, vert personopplysningane registrerte og aksepterte frå det tidspunktet abonnementet vert oppretta.

Agrilogg samlar ikkje inn personopplysningar automatisk og brukar heller ikkje Cookies til dette føremålet, verken direkte eller indirekte via tredjepart tenester.

Sikring av personopplysningar

All datatrafikk til og frå Agrilogg er kryptert. I tillegg er alle personopplysningar og selskapsdata passordbeskytta.

Utlevering av personopplysningar

Innsamla personopplysningar vert utelukkande brukt til dei nemnde formåla. Personopplysningar vert difor ikkje utlevert til tredjepartar, og våre tilsette er kjent med gjeldande personvernreglement og følgjer desse.

Innsyn, endring og sletting

Du kan når som helst sjå informasjon som er lagra om deg ved å bruke innebygd funksjonalitet i Agrilogg. Noko av denne informasjonen kan du også sjølv endre. For å endre informasjon som styrer tilgang/aksess til Agrilogg, må du ta kontakt pr telefon/epost eller bruke kontaktskjemaet.

Du kan slette abonnementet (brukarkonto med tilhøyrande persondata og selskapsdata) via innebygd funksjonalitet i Agrilogg.

Akseptar som du har gjeve for mottak av informasjon pr epost/SMS kan du når som helst trekke tilbake ved å melde deg av epost-/SMS-tenesta i Agrilogg.

Kontakt

Du kan når som helst ta kontakt med oss vedrørande personvernspørsmål via kontaktskjemaet på heimesida vår, eller direkte til vår behandlingsansvarlege på mobil 47 39 19 63.

©2016-2019 Agrilogg AS. All rights reserved
Agrilogg® is a registered trademark

AgriLogg på Facebook    AgriLogg på Instagram    AgriLogg på Twitter