Programmet var svært variert. Fleire informative foredrag vart helde, eine dagen kom Arne Brimi og fortalde folk over det ganske land om mat og drikke med identitet, medan det hin dagen var politisk debatt. Også motevisning for landbruket, storfeutstilling og livdyrauksjon kunne publikum få med seg.
Det var fullt i gangane med mange kjekke folk!
Mesterbakeren, som stod for servering av nysteikte kveitebollar som fekk bein å gå på, kunne fortelje at det i løpet av messehelga vart steik og gitt ut om lag 24 000 kveitebollar! Dette føregjekk i Felleskjøpet si avdeling, som var svær i seg sjølv! Ja messehallen er så stor, at det nok er fleire som tenkjer som underteikna, at ein meir enn gjerne skulle hatt rullesko eller kanskje helst Segway å ta seg fram på, berre for å kome seg frå A til B…
Mesterbakeren, som stod for servering av nysteikte kveitebollar som fekk bein å gå på
Desse tøffe jentene er elevar ved Tomb Vidaregåande Skule. Her på besøk i Agrilogg sin stand
Flott countrymusikk av Linda Kvam med band, underheldt torsdag kveld på AgroScenen
Nokre hadde endåtil teke «dresskoda» på ramme alvor... Er det Landbruksmesse, ja då er det fjøsdressen som gjeld!
Ei ekstraordinær moteoppvisning! Alle mannekengane viste seg å vere dyktige songarar og showartistar, i tillegg til å vise fram aktuelle klede for landbruket, fekk publikum eit show utan like! Her var det trøkk og tæl på samtlege
Mange av dei som allereie er brukarar av Agrilogg kom innom for å dele innspel til vidare utvikling, medan andre fekk demonstrasjon av systemet, og fatta interesse for å teste ut vidare ved å få seg ein brukarprofil ein månad gratis.
Vonleg kan Agrilogg gjere kvardagen til endå fleire bønder enklare!
Takk for glede og samvær på Agroteknikk 2018!