Logg inn Funksjonalitet Prøv gratis Artiklar Video Kontakt oss Nettkurs RådgjevarPortalen
Start Funksjonalitet Prøv gratis Artiklar Videoar Kontakt oss Nettkurs

– Felles måltid samlar gjengen

Nokre av gjengen i Berge Samdrift
Berge Samdrift DA

Frå høgre: Storbonden Per Berge med to av dei heiltidstilsette ved Berge Samdrift DA, Jonas Lillebø Grønvold og Thomas Thunem

Nyleg gjennomførte Berge Samdrift ei arbeidsmiljøundersøking i Agrilogg. Samdrifta har eit veldig godt arbeidsmiljø, der alle blir sett og høyrd etter beste evne - spesielt rundt matbordet.

Agrilogg AS og Akslar AS møter Per Berge og to av dei heiltidstilsette, Thomas Thunem og Jonas Lillebø Grønvold, til ein hyggeleg prat på Fiskå.

– Vi har no fått dokumentert det gode arbeidsmiljøet gjennom arbeidsmiljøundersøkinga som er bestilt via Agrilogg. Vi kan også bruke undersøkinga i ettertida ved å tenke på resultata av den og utvikle oss vidare, seier Per.

Nytt samarbeid og Questalyze
  • Agrilogg AS har inngått samarbeid med søsterselskapet Akslar AS, som driv Questalyze og gjennomfører arbeidsmiljøundersøkingar. Denne tenesta er no tilgjengeleg for alle gardar som har tre eller fleire tilsette
  • Questalyze er utforma etter spørjeskjemaet QPSNordic som måler ulike psykologiske og sosiale forhald på arbeidsplassen, med bakgrunn av eit prosjekt som i 1994 ble igangsett av Nordisk Ministerråd. Arbeidsmiljøundersøkingar i Questalyze har stor fagleg tyngde bak seg - og er og har vore brukt av firma, kommunar og bedriftshelsetenester i over 15 år
  • Fysisk arbeidsmiljø er også ein opsjon
  • Undersøkinga er 100 prosent anonym

– Den heldigaste mjølkeprodusenten i Norge

Berge Samdrift DA blir drive av brørne Stein Rusten Berge og Per Berge på Fiskå i Møre og Romsdal. I utgangspunktet var det to gardar som vart slått saman, og i ettertida har dei fått fleire fjøsar å drifte. Totalt er dei 15 tilsette, der fem personar jobbar heiltid, sju jobbar deltid og resten er der ved behov.

– Vi driv med mjølk og kjøt. Produksjonsvolumet vårt ligg på 700 000 liter mjølk og om lag 300 storfe til slakt i året. Den største utfordringa i drifta akkurat no er det likviditetsmessige, neste utbetaling er i februar, fortel Per.

Per synest at det beste med å jobbe i samdrifta er at han har mange å spele på lag med.

– Eg har fantastiske folk rundt meg! Eg er den heldigaste mjølkeprodusenten i heile Norge, stråler Per.

Og det meiner han med store ord, trass i at han ikkje er den som snakkar minst eller mest. Berge Samdrift handlar inn mat til gjengen og har felles måltid som er bra for fellesskapet. Dei har det kjekt saman. Rundt matbordet legg dei arbeidsplanar, samt justeringar av dagsplanen sidan ein del av arbeidet er vêravhengig.

Arbeidsmiljøundersøking i Agrilogg

Frå Berge Samdrift deltok 11 personar i arbeidsmiljøundersøkinga. Per og Stein gjekk igjennom rapporten av undersøkinga saman med rådgjevar, før storbøndene hadde ein gjennomgang av resultata og samtale med sine tilsette som varte om lag ein time.

– Det gjekk greitt å gå igjennom det, og det er greitt å ha gjort det. Eg har aldri tenkt på arbeidsmiljøet før, fortel Jonas.

Dei tilsette hadde eit bra arbeidsmiljø i utgangspunktet og trivselen er god. Per, Jonas og Thomas opplevde ingenting som negativt med å ha ei arbeidsmiljøundersøking.

– Det er positivt å kartlegge arbeidsmiljøet uansett, meiner Thomas.

– Vi har eit fellesskap der alle blir sett og høyrd. Tanken min har ikkje endra seg etter arbeidsmiljøundersøkinga, seier Per bestemt.

Per er ein open og ærleg kar. Han seier at han verken er perfekt eller ein engel. Der er alltids områder ein kan utvikle seg i. Arbeidsmiljøundersøkinga har fått han til å tenke:

– Eg kan bli betre med påskjønningar i form av ord. Eg skal bli flinkare til å gi fleire positive tilbakemeldingar! Det er lett å legge vekt på det som ikkje gjekk så bra, fortel Per.

Berge Samdrift, med Per Berge i spissen, anbefaler andre å gjennomføre ei arbeidsmiljøundersøking.

Vi takkar for praten og deltakelsen, og ønskjer Berge Samdrift lykke til vidare!

Berge Samdrift, frå lufta!
Berge Samdrift

Berge Samdrift, sett frå lufta i 2018. Den gong var produksjonsvolumet 600.000 liter mjølk og om lag 180 storfeslakt. I dag produserer dei 700.000 liter mjølk og om lag 300 storfeslakt i året. Ei fin produksjonsauke (Foto: Privat)

Publisert november 2023


Prøv Agrilogg | Logg inn | Kontakt oss

Prøv Agrilogg | Logg inn | Kontakt oss
©2016-2024 Agrilogg AS. All rights reserved
Agrilogg® is a registered trademark
Personvern (GDPR)

AgriLogg på Facebook    AgriLogg på Instagram