Logg inn Funksjonalitet Prøv gratis Artiklar Video Kontakt oss Nettkurs RådgjevarPortalen
Start Funksjonalitet Prøv gratis Artiklar Videoar Kontakt oss Nettkurs

Beiting: Utfordringar og allmenn nytte

No er sesongen for beiting for lengst i gong, med både dyr på høgfjellet, i utmarka og på heimebeitet. Dyr på beite betyr tid til innhausting, men sjølv om mange av dyra i fjøset er ute, betyr ikkje dette at bonden har heilt fri. - Og visste du at beiting har ei positiv effekt på klimaet?

Beitelova – ulike krav til ulike husdyr

Beitelova har ulike reglar for dei forskjellige dyra når det gjeld tid til beiting. Til dømes har storfe i båsfjøs krav på minst 16 veker på beite, medan storfe i lausdrift har krav på minst 8 veker på beite. Det optimale er 5 veker på utmarksbeite og 12-16 veker på innmarksbeite og/eller på utmarksbeite, alt etter drift og dyr. Som dyreeigar seier beitelova at du har ansvar for at dyra dine ikkje bryt seg inn på andre sine beiteområde. Du er også pliktig til å følge med på dyra på beita. Det er eigne reglar for hanndyr når det gjeld beiting, dette er omtala i hanndyrlova.

I reinsdyrnæringa er det andre reglar sidan reinen går på heilårsbeite. Hannreinen er ofte på beite nær eigarane, fordi desse er rolegare. Ei simle i brunst er meir uroleg og treng større plass. Dersom eit menneske tek borti kalven rett etter fødselen, vil mora forlate han.

Gjerdeplikt

Mange er ikkje klar over at gjerdeplikta ligg fast sjølv om eigedomen er ute av drift

Gjerdeplikta

Til alle landbrukseigedommar ligg der krav som påverkar beitinga. Døme på dette er gjerdeplikta som kvart gardsbruk må rette seg etter. Gjerdeplikta er styrt av gjerdelova som sikrar at vi kan beite utmark/innmark på ein trygg måte. Her opplever mange bønder utfordringar, sidan så mange landbrukseigedommar fell ut av drift. Det er viktig å presisere at gjerdeplikta ligg fast sjølv om eigedomen er ute av drift.

Ville dyr

Ville dyr spelar ei stor rolle i naturen. Dei ville dyra et ulike planter i ulike område og samspelet mellom artane er viktig for livet i naturen. Det er likevel avgjerande at vi held nokre dyrebestandar nede for at dei ikkje skal ta overhand og dermed skape ubalanse. Nokre av villdyra som gjer mest skade for bøndene er villhjort, gås, rådyr, elg og ulv.

Villhjort

Den ville hjorten er eit av dei dyra som gjer mest økonomisk skade for bøndene. Dei er planteetarar og et opp store avlingar, både på innmark og i utmark. Dei legg seg også ofte ned på markane, trakkar ned avlingar og øydelegg og/eller et opp rundballar. Dei vaksne dyra kan vege frå 120-300 kg (levande), alt etter kjønn og alder. Hjorten er mest utbreidd på Vestlandet, men har no også spreidd seg til Sørlandet og Austlandet.

Rådyr og elg

Som hjorten et også rådyra opp avlingane, men er i seg sjølv eit mindre dyr. Rådyra veg vanlegvis mellom 18-30 kg og er utbreidd i heile Norge. Elgen held til i nesten heile Norge, men på Vestlandet er det lite elg å finne. Den vaksne elgen kan vege frå 240-800 kg, alt etter kjønn og alder. Elgen utgjer same type skade som hjorten og et gras frå beita og rundballar.

Gås

Gåsa har i dei siste åra spreidd seg til store delar av Norge. Desse et opp store avlingar til bøndene, både på mark og åker. Ei grågås er ikkje større enn 3-4 kg, men ho kan likevel ete så mykje som 1 kg med gras i løpet av ein dag. Norsk Viltskadesenter har målt opptil 100 kg avføring frå grågås per dekar. Dette kan øydeleggje og gjere store skader på avlingane til bonden.

Rovdyra

Dei store rovdyra kan også gjere beiting utfordrande for bonden og dyra. Ulv, bjørn, jerv og gaupe er dei største rovdyra våre. Desse kan skape store problem for bønder som driv i nærleiken av leveområda deira.

Sauer på beite

Sauer på beite

Snyltedyr og parasittar

I tillegg til ville dyr finst også plagsame insekt og snyltedyr/parasittar. Husdyra må behandlast mot desse før dei vert sett ut på beite. Døme på slike er flått og rundorm. Nokre tips:

Villdyr og økonomi

Om dei ville dyra i naturen tek avlingane/dyra til bonden, vil dette ha store økonomiske konsekvensar. Planteetande villdyr har ført til store tap for bøndene (beiting på markane, øydelagde rundballar og tap av husdyr til rovdyra, m.m). Dette gjer at bonden må kjøpe nytt fôr til vinteren og/eller nye dyr. Dersom bonden ikkje har råd til det, vil dette i verste fall kunne ende med konkurs eller total nedslakting. Om ikkje bonden får ha dyra på beite lenge nok, vil ikkje bonden få beitetilskot/utmarksbeitetilskot, noko som ofte vil ha store konsekvensar for drifta. Då må bonden betale for maten dyra et når dei ikkje er ute på beite, ekstra gjødsel i gjødselkjellaren, kjøpe fôr til vinteren, osv.

Både for dyra, bonden og for naturen, er beiting viktig. For bonden vil det å ha dyra på beitet gi han meir tid til slått og vedlikehald av utstyr, fjøsdrift og dei andre dyra som av ulike grunnar må vere inne. Bonden vil kanskje få litt fri, tid til nedvask av fjøs og vedlikehald av beita dersom det er innmarksbeite. Bonden sparer pengar på å sleppe å fôre dyra ein periode - og i tillegg vil han kunne få tilskot for å ha dyra på beite. Tilskotet er ei ordning frå staten, der dyrevelferd og dyr på beite vert premiert.

Flått

Talet på villhjort har i dei siste åra vore aukande, og dette kan vere med på å auke flåttebestanden også. Hjorten er ikkje spreiaren, men den er vert for flåtten. Dette gjer at den store hjortestamma kan vere med på å auke flått-talet. Dette påverkar ikkje berre bønder men alle som nyttar seg av naturen og nærområda. Flåtten kan ofte bere med seg sjukdommen borreliose, men den kan også gi sepsis (blodforgifting).

Positiv klimaeffekt

Visste du at beiting har ei positiv klimaeffekt?

Beiting er positivt for klimaet!

Det mange kanskje ikkje er klar over er at beiting også er eit klimatiltak. Kort fortalt kan ein seie at når graset vert beita ned, blir rota/graset tjukkare, noko som i neste omgang fører til at graset tek opp meir CO2. Om ikkje så lenge vil bøndene kunne gi beitedata til Klimakalkulatoren/Klimasmart Landbruk via Agrilogg.

Kulturlandskap

For rundt 100 år sidan var det omlag 300.000 geiter i Norge, no er det berre rundt 65.000 geiter att. Områda geitene gjekk på før har no grodd igjen, dette er noko som set eit preg på naturen i seg sjølv. Om vi hadde slutta å beite ville naturen tatt heilt overhand. Antal bønder i Norge minkar med åra og om dette vedvarer, vil busker og kratt overta heilt. Der bønder tidlegare dreiv, vil beiteområda, skogen og fjella kanskje gro att.

Beiting og forvalting av dei ville dyra er eit nødvendig samspel som må utøvast med fagleg forankring. Alt heng saman og påverkar kvarandre, og den minste feil kan skape store skader. Dette viser kor viktig beitinga er, sjølv med utfordringar. Bønder har i lang tid stått ovanfor ei fantastisk utvikling, frå manuelt til maskinelt landbruk. Mange ulike oppgåver har blitt mekanisert og digitalisert for bøndene. Kvardagen til bonden har endra seg, særleg dei siste åra. Beiting er ein av dei tinga ein ikkje kan bytte ut med maskiner. Dyra kan utnytte ressursane i skog og utmark, der den maskinelle innsamlinga av gras ikkje kan skje. Dei utnyttar område med lyng og næringsrike høgtveksande ville planter. Ressursar menneska ikkje får tak i og kan fordøye, kjem til nytte ved at vi kan ete dyra og maten dei produserer. Aktiv beiting av beiteområde skaper grobotn for frodige beitemarker, og ein open og fin natur, samtidig som mat til menneske vert produsert.

Kjelder:

Publisert august 2022


Prøv Agrilogg | Logg inn | Kontakt oss

Prøv Agrilogg | Logg inn | Kontakt oss
©2016-2024 Agrilogg AS. All rights reserved
Agrilogg® is a registered trademark
Personvern (GDPR)

AgriLogg på Facebook    AgriLogg på Instagram