Logg inn Funksjonalitet Prøv gratis Artiklar Video Kontakt oss Nettkurs RådgjevarPortalen
Start Funksjonalitet Prøv gratis Artiklar Videoar Kontakt oss Nettkurs

Bli klar for brøytesesongen med Agrilogg

Vinteren nærmar seg med minusgrader og snø. Allereie har folk starta å planlegge brøytesesongen og fått spikra brøyteavtalar. Visste du at Agrilogg har ein eigen modul for snøbrøyting? Vi genererer også fakturagrunnlag for deg og dine kundar. Enklare for deg!

Rodeliste og Enkeltregistrering

Under Brøyting -> Snøbrøyting kan du velje «Rodeliste» eller «Enkeltregistrering». Med Enkeltregistrering kan du legge inn brøytearbeid eller beredskap for kvar enkelt kunde. I Rodeliste vel du eigendefinert rodeliste, med fleire kundar på ei liste. Dersom du køyrer ei brøyterunde der du brøyter for fleire samtidig så er dette eit godt val! Då registrerer du utført arbeid og pris for alle på lista med ei registrering. Du kan opprette så mange rodelister som du treng til ditt brøytearbeid.

Registrer kundar og rodelister

For å kunne registrere snøbrøyting, startar du med å legge inn alle kundane dine og deretter eventuelle rodelister. Dette finn du under Profil/innstillingar.

Brøytemodulen i Agrilogg
Brøytemodulen i Agrilogg

Agrilogg og modulen Brøyting kan brukast på telefon, nettbrett og PC. Med mobiltelefon er det enkelt å registrere fullført snøbrøyting medan du sit i traktoren

Andre tips for brøytemodulen:

Du er no klar for vinterens eventyr - snøbrøyting med dine maskiner!

Setesdal
Setesdal

Ein solskinsdag i Setesdal. Snøbrøyting er eit viktig arbeid i snørike Norge. Takk til alle som held vegane frie for snø!

Publisert november 2023


Prøv Agrilogg | Logg inn | Kontakt oss

Prøv Agrilogg | Logg inn | Kontakt oss
©2016-2024 Agrilogg AS. All rights reserved
Agrilogg® is a registered trademark
Personvern (GDPR)

AgriLogg på Facebook    AgriLogg på Instagram