Arne Bjørke: Månadens bondeprofil, april 2019

Fakta om Søndre Walhovd gard
Arne Bjørke
Profilbilde: Arne Bjørke

Arne Bjørke frå Aust-Torpa (Oppland) driv mjølk- og kjøtproduksjon på heiltid

Kvifor vart du bonde?

- Det er i grunnen tilfeldig at eg vart bonde med eige bruk. Eg har arbeidd som røktar på andre gardar i heile mitt vaksne liv. Etter at eg vart skild for mange år sidan, var eg så heldig å finne meg ei ny dame som kom frå gard. Ho var ikkje odelsjente, men bror hennar som var eldst sa frå seg garden, noko som ga oss moglegheita. I 2009 tok vi over Walhovd gard. Sambuaren min, Randi, er lærar, så det er eg som jobbar på garden.

Kva er det beste med å vere bonde?

- Eg trivst godt med å vere bonde. Det beste er å kunne styre dagane mine sjølv, vere min eigen sjef. Eg er til dømes svært glad i å gå på ski og set stor pris på å kunne ta meg ein skitur etter fjøsstellet på vinterstid - noko eg kan gjere utan dårleg samvit! Det hadde eg ikkje hatt moglegheit til i ein annan jobb. Denne fleksibiliteten passar meg fint!

Kva er dei største utfordringane med å vere bonde?

– Arbeidsmengda på sommarstid er vel den aller største utfordringa. I løpet av sesongen skal det gjerast veldig mykje! Då kjenner eg på presset og kan verte litt stressa.

Vanlegvis har vi eit fint og passe tørt klima her på desse kantar, men i fjor var det særdeles tørt! Som følgje av dette enda eg opp med berre 40 prosent av avlinga mi i 2018. Det var triste greier! Heldigvis fekk vi ei bra erstatning etter kvart, det kom godt med!

Kva modular brukar du mest i Agrilogg?

– I Agrilogg brukar eg mest modulane for slått, gjødsling, sprøyting, jordbearbeiding og beiteslepp. Alle behova mine i gardsdrifta er stetta med dette verktøyet, eg saknar ingenting slik det er no.

Då eg skulle sende inn søknad på avlingsskadetrygd etter fjorårets sommar, tok eg ut rapportar i Agrilogg og brukte desse i søknaden. Det var dokumentasjon som Fylkesmannen var godt nøgd med. Eg har brukt Agrilogg sidan våren 2017, synest det er kjempebra å ha all dokumentasjon lagra på same plass. Dette verktøyet kjem eg med glede til å bruke vidare!

Bondeprofil: Arne Bjørke

Søndre Walhovd gard ligg fint til i Aust-Torpa med god utsikt over dalføret. Randi Solveig og Arne trivst godt her på bruket

Vi takkar Arne Bjørke for praten og ynskjer han lykke til vidare som mjølk- og kjøtprodusent på Søndre Walhovd gard!


Prøv Agrilogg | Logg inn | Kontakt oss

Prøv Agrilogg | Logg inn | Kontakt oss
©2016-2019 Agrilogg AS. All rights reserved
Agrilogg® is a registered trademark
Personvern (GDPR)

AgriLogg på Facebook    AgriLogg på Instagram    AgriLogg på Twitter