Logg inn Funksjonalitet Prøv gratis Artiklar Video Kontakt oss Nettkurs RådgjevarPortalen
Start Funksjonalitet Prøv gratis Artiklar Videoar Kontakt oss Nettkurs

Fredrik Wahl: Månadens Agrilogg-profil, april 2020

Fakta om Fredrik og drifta
Fredrik Wahl
Profilbilde: Fredrik Wahl

Fredrik ved ein av traktorane sine.
- Det blir nokre timar i denne i løpet av året, slår han fast.

- Agrilogg opna ei ny verd for meg!

Ein ung gut veks opp på bygda på nittitalet. Guten viser tidleg stor interesse for køyretøy, då særskilt traktorar og gravemaskiner. Han vel ei yrkesfagleg utdanning, og skaffar seg etter kvart fagbrev som landbruksmekanikar. Saman med ein kamerat går dei i 18-årsalderen til innkjøp av rundballepresse, og tek på seg arbeid for andre.

Slik starta det som skulle føre til at Fredrik Wahl for ni år sidan velde å starte opp eige enkeltmannsføretak som entreprenør, eit yrke han let vel over!

- Ja, eg kan vel seie det er gutedraumen som har gått i oppfylling, slår han fast.

Oppvaksen på småbruk

Fredrik vaks opp på småbruk i Skotselv, som er ein tettstad i Øvre Eiker Kommune med om lag 700 innbyggjarar.

- Tidlegare var det sauedrift på garden vår, men etter kvart såg vi ikkje gevinst i den drifta lenger, eg ville satse annleis då eg tok over. Kornåkeren vi har er altfor liten. Planen er å utvide denne, men noko anna måtte til for å kunne leve av garden. Då vart vegen gjennom maskinarbeid tingen for min del, seier Fredrik.

Store investeringar

- Den 1.april var det akkurat ni år sidan eg starta opp, noko eg slett ikkje har angra på. I løpet av desse åra har eg måtte investere i mykje utstyr. Dette har eg teke gradvis, seier den positive entreprenøren, som har skaffa seg mange faste avtalar etter kvart, og er også ein del av faste innlegg i større firma, som leiger han inn.

Arbeid for private og kommunale

- I kommunale anbod er det ofte avtalar på 2-4 år, såleis held eg meg med mykje arbeid der. Også gjennom vegvesenet tek eg på meg arbeid, i tillegg til ein god del private avtalar langsmed, fortel Fredrik, som slett ikkje manglar noko å gjere.

Mykje snøbrøyting

- I vinterhalvåret går det mykje i snøbrøyting. Stort sett er det snørike vintrar her i området, men denne sesongen var det heller dårleg. No er våren komen for fullt, og feiing av vegar står på agendaen.

I sommarhalvåret vert det ein del gravearbeid, der masseforflytting står sentralt. Eg trivast godt i gravemaskina også, slår han fast.

- Som enkeltmannsføretak er eg min eigen sjef, kan bestemme sjølv og legge opp dagane slik det passar best. Det er ein stor fordel som eg set pris på, seier han.

Agrilogg forenklar arbeidet!

Allereie våren 2017 kom Fredrik over og fekk testa ut det digitale verktøyet Agrilogg.

- Det opna faktisk ei ny verd for meg! Etter mange år med fakturering på «gamlemåten», vart dette brått veldig enkelt! Også registrering og loggføring fungerer utmerka, for ikkje å snakke om å rekne ut anbod, som tidlegare kunne vere eit mareritt! No går eg berre inni Agrilogg-systemet og sjekkar tidlegare registreringar, som eg nyttar ved utrekning av anbod!

Tal på registreringar i modulen for leigearbeid vitnar om ivrig bruk av verktøyet.

- Eg veit faktisk ikkje korleis eg skulle klare meg utan, etter å ha hatt det i tre år!

Anbefaler Agrilogg til fleire

- Eg har ofte anbefalt Agrilogg til fleire i same bransje som meg sjølv. Mange er skeptiske og trur dette er eit verktøy berre er for bønder, noko eg kan avkrefte med ein gong. Eg har til dømes ikkje eit einaste dyr på garden, men nyttar meg dagleg av Agrilogg. No slepp eg skrive ned manuelt i notisbøker. Mobilen er alltid med, her har eg alt eg treng, slår Fredrik fast, som i sitt yrke er ganske uberøra av koronakrisa. Feiing av vegar står for tur, våren er komen og med det nok å gjere for ein entreprenør med godt humør og ein stor porsjon stå-på-vilje!

Bondeprofil: Fredrik Wahl

Feiereiskapen er kopla til traktoren. Fredrik er klar for ein sesong med berre vegar og mange arbeidstimar i traktor og gravemaskin.
- Heldigvis har eg Agrilogg, som gjer livet som entreprenør ein god del lettare, kan han trygt slå fast!

Vi ynskjer Fredrik Wahl ein fin sesong og mykje lukke til vidare i drifta!


Prøv Agrilogg | Logg inn | Kontakt oss

Prøv Agrilogg | Logg inn | Kontakt oss
©2016-2024 Agrilogg AS. All rights reserved
Agrilogg® is a registered trademark
Personvern (GDPR)

AgriLogg på Facebook    AgriLogg på Instagram