Logg inn Funksjonalitet Prøv gratis Artiklar Video Kontakt oss Nettkurs RådgjevarPortalen
Start Funksjonalitet Prøv gratis Artiklar Videoar Kontakt oss Nettkurs

Bjørn Oskar Tessem: Månadens bondeprofil, august 2019

Fakta om Tessem gard
Bjørn Oskar Tessem
Profilbilde: Bjørn Oskar Tessem

Bjørn Oskar Tessem frå Beitstad i Steinkjer (Trøndelag) driv kjøtproduksjon på heiltid

Kvifor vart du bonde?

- Eg er den midterste i ein syskenflokk på tre. Vi var alle med i drifta då vi vaks opp, men eg vart den med størst interesse for garden, og den mest heimekjære av oss. Då bror min, som er to år eldre enn meg, sa frå seg odelen, var det naturleg for meg å trå til. Endå er det far vår som står som gardseigar, men planen er at eg tek over på papiret innan få år, då han no nærmar seg pensjonistalderen.

Sjølv kor heimekjær eg er, så kom eg meg litt ut då eg var yngre, mellom anna eit år i Garden og to år etter gjekk eg eit år på Karmøy folkehøgskule. Der traff eg Marit, som no er kona mi. Vi er begge utdanna innan faget, eg som agronom (Mære landbruksskule) og Marit med tre år på høgskule i Steinkjer innan husdyrfag, så kona mi er også med i gardsdrifta når borna er i barnehage.

På garden er det to hus, foreldra mine bur i trønderlåna og vi i kårstova. Etter kvart blir det vel til at vi byter hus, for kårstova har begynt å bli litt liten for oss. Foreldra mine er fine og gode å ha til barnepass når det er nødvendig!

Kva er det beste med å vere bonde?

- Som bonde er eg nesten heilt min eigen sjef. Eg styrer sjølv korleis eg vil leggje opp dagane mine, i samråd med far min. Eg får bruke kroppen aktivt og jobbe utandørs. Vi held kulturlandskapet i orden og har gleda av å sjå det vi dyrkar veks og gror. Eg vil seie det er mykje positivt i kvardagen, men det finst sjølvsagt også dagar der ikkje alt berre går på skinner.

Steinkjer er ein av Noreg sine største landbrukskommunar. Å kunne vere med på å produsere god og trygg norsk mat i eit godt miljø med yrkeskollegaer, er noko eg ser stor verdi i - og synest er motiverande.

Kva er dei største utfordringane i drifta di?

- Som dei fleste andre bønder, er vi avhengige av veret. Dette kan stundom by på utfordringar, men stort sett går det greitt. Vi er ferdige med andreslåtten for i år allereie, og håper på endå ein slått denne sesongen. Det er berre andre året på rad dette er mogleg, det har ikkje vore normalt å kunne slå tre gongar før.

Her på garden har vi hovudsakleg siloproduksjon, i tillegg til noko rundballar. Dei siste 15 åra har vi drive økologisk, men dyra er ikkje godkjende for dette per i dag, då vi ikkje har lausgongarfjøs og fast liggedekke. Planar om ny fjøs er på trappene, og noko vi arbeider for å realisere innan få år.

På ein gard skjer det uforutsette ting frå tid til anna, enten det er maskiner som går i stykke, veromslag eller kalving på beite, men vi lærer oss til at slik er det, og gjer det beste ut av dei situasjonane som oppstår.

Ei anna utfordring er å ha tid til alt som skal gjerast. Vi har også små born som skal ha sitt, så prioriteringane kan vere harde innimellom. Ein av naboane mine, som også er bonde, brukar å seie at vi må vere fornøgde med det vi får gjort, for à jour blir vi sjeldan likevel! Det er heilt sant!

Kva modular brukar du mest i Agrilogg?

– Eg tok i bruk Agrilogg i 2017, og er vel kanskje over snittet aktiv med loggføring og rapportering. Eg ser på dette som eit unikt verktøy, som hadde vore vanskeleg å greie seg utan.

Vinterstida brøyter vi til bortimot 40 andre, der alt vert notert i Agrilogg, så modulen for brøyting er veldig fin. Når roder, prisar og namn vert lagt inn, blir det lett å loggføre etter kvart. Det er veldig oversikteleg og greitt!

Gjødselmodulen vert flittig brukt, sameleis modulane for slått og jordbearbeiding. Vi slår raigras til foring om sommaren (i tillegg til vanleg gras), i tillegg til beiting. Alt vert loggført. Treskemodulen vert brukt om hausten. Som kornslag produserer vi bygg, men har også om lag 40 daa erter og havre til modning. Dette vert brukt som kraftfôr.

Modulen for loggføring av vedlikehald av maskiner og bygningar er mykje i bruk. Bruker også Agrilogg sitt produksjonslager for rundballar, samt leigearbeid.

Om vinteren driv eg, far min og eit par andre menn ein del skogsarbeid, hovudsakleg med motorsag. Tømmeret vert brukt til ved og materiale, og vi leverer ein del sagtømmer. Kanskje skogsarbeid/hogst kunne kome som ein eigen modul i Agrilogg?

Har du ein kommentar, eller saknar du noko i Agrilogg?

- Når det gjeld halmpressing er det litt vanskeleg å notere dette på slått, til dømes 4. slåtten. Det hadde kanskje vore mogleg å få registrere det i treskemodulen, utan at det er eit fasitsvar? Eg har vore i kontakt med kundeservice om dette, og dei jobbar nok med saka.

Elles kan eg nemne at eg er svært fornøgd med Agrilogg, og har fått god hjelp dei gongane eg har hatt spørsmål. Mellom anna hadde eg ønske om å få legge inn dieselfylling på notat, noko som vart ordna raskt etter førespurnaden min!

Prisen er det ingenting å seie på; her får vi mykje for pengane, som er vel anvende! Agrilogg vil eg anbefale på det varmaste, det har gjort kvardagen min som bonde mykje lettare og meir oversiktleg!

Video Sjå også Korn- og grønsaksproduksjon i grøderike Beitstad i Trøndelag

Bondeprofil: Bjørn Oskar Tessem

Garden Tessem ligg øvst til høgre nærast vegen. Resten av grenda (til venstre) heiter Solberg. Inste del av Trondheimsfjorden i bakgrunn heiter Hjellbotn (Foto: Bjørn Oskar Tessem)

Vi i Agrilogg ynskjer Bjørn Oskar og familien lykke til vidare på Tessem gard nord i Trøndelag!


Prøv Agrilogg | Logg inn | Kontakt oss

Prøv Agrilogg | Logg inn | Kontakt oss
©2016-2024 Agrilogg AS. All rights reserved
Agrilogg® is a registered trademark
Personvern (GDPR)

AgriLogg på Facebook    AgriLogg på Instagram