Logg inn Funksjonalitet Prøv gratis Artiklar Video Kontakt oss Nettkurs RådgjevarPortalen
Start Funksjonalitet Prøv gratis Artiklar Videoar Kontakt oss Nettkurs

Eirik Skyberg: Månadens bondeprofil, desember 2019

Fakta om Skyberg gård / Musdal Samdrift
Eirik Skyberg
Profilbilde: Eirik Skyberg

Eirik jobbar i Musdal Samdrift og er også sjølvstendig næringsdrivande. Utanom dei vekene han jobbar i samdrifta, kan han disponere tida akkurat slik det passar!

Kvifor vart du bonde?

- Det fall heilt naturleg for meg. Eg har vakse opp på garden Skyberg, der fleire generasjonar har drive med produksjon av mjølk, smågris og slaktegris, samt grovfôr. Då vi tok over drifta, eksisterte berre mjølkeproduksjon og grovfôr, så vi hadde sau i 3 år som attåtnæring. Dette blei avvikla hausten 2018. Tidlegare har eg jobba som fast tilsett anleggsmaskinførar, men det passa ikkje for meg å jobbe under faste rammer.

Eg er fødd i 1991 og tok over garden heime på nyåret i 2019, men forpakta den tre år tidlegare. I samdrifta har eg vore involvert i 3 år no, i tillegg på helgebasis i eitt års tid medan far min framleis stod som medeigar.

Kva er det beste med å vere bonde?

- Det beste er at det gjev god variasjon og fleksibilitet, iallfall slik eg no arbeider. Eg har mine faste veker der eg jobbar i samdriftsfjøsen, totalt 40%. Resten av tida kan eg disponere slik det passar meg, anten med graving, brøyting eller anna arbeid i enkeltmannsføretaket mitt.

Snøbrøyting har eg drive med heilt sidan eg tok traktorsertifikat som sekstenåring. Eg er med i eit samarbeid med 3 andre naboar på brøyting av ca 200 hyttetomter, i tillegg til at eg har noko privat sjølv. På sommarstid leiger eg meg ut som sjåfør i anleggsbransjen lokalt. Alt i alt må eg seie meg svært nøgd med måten eg no arbeider på!

Det var fleire bønder her som såg nytta av å slå seg saman, dermed vart Musdal Samdrift stifta. Vi har eit godt samarbeid, som i alle fall eg ser berre nytten og gleda av. Eg ser på samdrift generelt som ei stor gulrot, der du veit når du har fjøstid og den jobben du gjer skal vere god, fordi der faktisk kjem ein etter deg som skal ta over. Såleis motiverer det for godt arbeid. Også det sosiale er bra, for min del ser eg berre det positive med samdrift. Eg synast det er dumt at ikkje fleire går i hop om gardsdrifter!

Kva er dei største utfordringane i drifta dykkar?

- Nei, sei det, du! Det er så utruleg godt lagt opp, fleire år med planlegging var det bak samdrifta, så ting fungerer meget godt, vil eg seie! Den største utfordringa mi er kanskje kabalen med småungar, arbeid og familie som skal gå opp, men man er vel eigentleg privilegert der også som sjølvstendig næringsdrivande...

Her på våre kantar er det relativt stabilt klima, men stort press på leige av jord, noko som resulterer i en del kjøp av grovfôr og for lite spreieareal til husdyrgjødsla.

Kva modular brukar du mest i Agrilogg?

- Snøbrøyting er den modulen eg har aller mest bruk for, men eg brukar nesten alle modulane. Det er veldig ryddig å registrere i Agrilogg, då eg er involvert i mange kundar. I Agrilogg registrerer eg alle jobbar eg gjer, og køyrer ut faktura etter desse. Det er lett å ha alt tilgjengeleg på mobilen i lomma! Alt i Agrilogg er sjølvlært, eg har aldri hatt behov for kundesørvis, for det er så lett å forstå seg på. Om du driv med landbruk fullt eller på deltid, så er det svært godt eigna med Agrilogg, sidan det er så landbruksrelatert. Ein finn alltid fleire modular som er nyttige! Ekstra kjekt var det då Agrilogg også kom på bokmål, for oss bønder som har det skriftspråket!

Har du ein kommentar eller er det noko du saknar i Agrilogg?

- Det må vere at det skulle vore mogleg å kunne sende dokumentfiler direkte på e-post. Dette er litt tungvindt no, synest eg, då det må lastast ned først og sendast der etter.

Bondeprofil: Eirik Skyberg

I samarbeid med 3 andre naboar, brøytar Eirik ca. 200 hyttetomter i nydelege omgjevnadar. Eirik har drive med snøbrøyting sidan han tok traktorsertifikatet som sekstenåring!

Vi ynskjer den unge, lovande bonden og snøbrøytaren Eirik Skyberg mykje lukke til vidare!


Prøv Agrilogg | Logg inn | Kontakt oss

Prøv Agrilogg | Logg inn | Kontakt oss
©2016-2024 Agrilogg AS. All rights reserved
Agrilogg® is a registered trademark
Personvern (GDPR)

AgriLogg på Facebook    AgriLogg på Instagram