Logg inn Funksjonalitet Prøv gratis Artiklar Video Kontakt oss Nettkurs RådgjevarPortalen
Start Funksjonalitet Prøv gratis Artiklar Videoar Kontakt oss Nettkurs

Tore Moen Forodden: Månadens bondeprofil, desember 2020

Fakta om Tore Moen Forodden
Tore Moen Forodden
Profilbilde: Tore Moen Forodden

Tore med vedhogst i skogen til svigermor

Mjølkebonde frå Hessdalen:

- Ingen kyr bortført av UFO endå!

Heilt sidan 2000 har Tore Moen Forodden og onkelen Jan Moen drive Formo Samdrift AS ilag.

- Eg tok over etter mine foreldre som også har drive i samdrift med mjølkeproduksjon, seier Tore, og fortel vidare om livet på landet i Hessdalen, med familie, mjølkekyr og litt snøbrøyting som attåtnæring på vinteren.

- Vi bur i huset der eg vaks opp, men sjølve garden ligg seks hundre meter unna. Mor mi er framleis «still going strong» og tek gjerne i eit tak i drifta når det trengst. Kona mi Maren er sjukepleiar og jobbar på legekontoret, men hjelper også til innimellom. Borna er engasjerte og syns at garden er spennande. Minstemann Ludvik har spesiell interesse i alt som bråkar og lagar lyd, slik smågutar gjerne har!

Kanskje ser Tore ein arvtakar etter seg i ein av desse friskusane?

Born

FV. Ludvig (5 år), Sigrid (10 år) og Borghild (12 år). Ein glad og livleg barneflokk!

«Født» inni samdrift og trivast godt

- Foreldra mine og onkel og tanta mi starta opp drifta saman i 1981. Som odelsgut vart eg naturleg arvtakar, og trivast godt i yrket mitt. Eg og onkelen min har eit godt fungerande samarbeid, og har funne fin balanse i arbeidskvardagen, kan Tore seie vidare.

- Det er ei fryd å kunne sjå resultat av arbeidet som er lagt ned over tid, anten det er nyfødde kalvar eller arbeidet på åkrane. Å fylje med år etter år og sjå kor det spirer og gror, veks og utviklar seg er motivasjon i seg sjølv i arbeidet som bonde.

Ingen åtte til fire jobb!

Å vere gardbrukar er som kjent ingen åtte til fire jobb, men har absolutt sine fordelar likevel.

- Eg og onkelen min vekslar på å gjere fjøsen annakvar veke. Den andre veka brukar vi til førefallande arbeid, slått på sommartida og snøbrøyting om vinteren. Eller heilt andre ting, når behovet for å kople av melder seg. Dette gjer arbeidet meir variert og ikkje så rutineprega, og er godt for trivselen! Vi har funne formelen til ei drift som fungerer over tid. Det kjennast godt, held Tore fram.

Maren og Tore

Ekteparet Forodden. Maren Osøien-Forodden (36) og Tore Moen Forodden (41)

Flittig Agrilogg-brukar sidan 2018

I Agrilogg registrerer både Tore og onkelen Jan mykje av det som skjer på garden, mange modular er dagleg i bruk.

- Men hovudgrunnen til at vi abonnerer på Agrilogg er snøbrøytinga. Tidlegare gjekk det ganske mange turar med brøyting tapt, det vart mykje gratisarbeid for min del, innrømmer Tore.

- Eg rota vekk notat og gløymde å fakturere for jobbar eg hadde gjort. No er det enkelt; alt blir registrert i Agrilogg, fakturagrunnlaget utkøyrd og kundane får fakturaen tilsendt raskare enn vegen snør igjen, gliser Tore fornøgd!

Både han og Jan registrerer all brøyting i Agrilogg, og køyrer dei same rodene.

Landbruk bygd på lokale ressursar

I bygda vår er vi til saman sju mjølkebønder, og nokre driv med sau i tillegg. Det er ikkje store bruk her, i snitt om lag 14-15 mjølkekyr per bruk. Vi i Formo samdrift har det dobbelte, sidan det er to bruk i eitt.

Her i Hessdalen er det naturleg med grasproduksjon. Vi har innlandsklima og ligg på om lag 630- 700 meter over havet, så det seier seg sjølv at verken grønsaker eller korn veks særleg godt her.

Eg syns norsk landbruk er på god veg til å bli bra, med tanke på å nytte lokale ressursar, dyrke korn der kornet veks best og så vidare.

Kyr

Inntektsgrunnlaget på beite. - Heldigvis er ingen kyr bortført av UFO endå, kan Hessdals-bonden spøke med

Dyrk og et norsk!

Hessdalsbonden held tankefull fram:

- Koronatida har sett mykje i perspektiv for oss, men den kunne vore mykje verre. Krisa har synt oss kor viktig det er å også kunne vere sjølvforsynte med mat her i landet; tenk om smitten til dømes var i utanlands mat og det vart importstopp! DÅ hadde folk verkeleg fått augo opp for viktigheita av norskprodusert mat, kan bonden som brenn for landbruket, slå fast.

- Vi må også sjå korleis alt heng i hop; dyra treng vi, både til beiting, gjødsel og som mat i seg sjølv. Om folk vel å leve ein vegansk liv, så må ein likevel sjå det naturlege aspektet med dyrehald. Dyra skal absolutt ha eit godt liv og behandlast fint. Etter alt som vert skrive og kommentert på sosiale media for tida, kan vi som driv med dyrehald bli sett på som verstingar! Det er skremmande kor stor plass veganarar og vegetarianarar tek på sosiale media!

Gjerde

Gjerding av gard

UFO

Hessdalen ein fin sommarkveld. -Nei; det er ikkje ein UFO du ser på bilete, seier Tore!
- Dette UFO-styret i Hessdalen er noko media har hausa veldig opp. Men når det er sagt, så har eg sjølv opplevd å sjå eit merkeleg lys på himmelen her to gongar faktisk, kan Tore Forodden seie. Om det er naturfenomen eller UFO, ja det vites ikke...

Vi i Agrilogg ynskjer alle i Formo Samdrift ei retteleg god jul og eit godt nytt år!


Prøv Agrilogg | Logg inn | Kontakt oss

Prøv Agrilogg | Logg inn | Kontakt oss
©2016-2024 Agrilogg AS. All rights reserved
Agrilogg® is a registered trademark
Personvern (GDPR)

AgriLogg på Facebook    AgriLogg på Instagram