Bjørn Gunnar Nordbø: Månadens bondeprofil, februar 2019
Fakta om Nordbø gard
Namn: Bjørn Gunnar Nordbø
Gardsnamn: Nordbø Gard
Produksjon: : Sau, hyttefelt og brøyting
Driftsareal: Ca 150 mål
Lokasjon: Nissedal, Vest-Telemark
Sivilstand: Kjæreste og to barn
Heiltid/deltid: Deltid
Motto: "Det er betre å gjere sitt beste, enn å ikkje gjere noko!"
Bjørn Gunnar Nordbø
Bjørn Gunnar Nordbø med hunden Pepsi. Det vert mykje snøbrøyting om vinteren, då er Agrilogg godt å ha!
Kvifor vart du bonde?
- Eg er odelsgut og har vakse opp med sauehald her heime på garden. Eg orkar ikkje tanken på at jorda skal gro att!
Har interesse av, og føler eit ansvar for å ta vare på arven min og drive garden vidare. Men dette er eit småbruk, så jobb ved sidan av
må eg ha for å greie det økonomisk. I tillegg har eg eit hyttefelt og driv brøyting på vinterstid, både privat og kommunalt.
Kva er det beste med å vere bonde?
- Det må vere allsidigheita. Mykje forskjellig arbeid på ein gard, kvar dag er ikkje lik. Eg er i full stilling som gravemaskinførar også,
så det er nok å halde på med!
Kva er dei største utfordringane i drifta di?
- Noko av dei største utfordringane er å få tid nok til all dokumentasjonen som krevst.
Eg likar ikkje papirarbeid, vert ofte sittande med slikt på kveldstid, for dagane strekk ikkje til.
- HMS og KSL spøkjer i bakgrunnen,
det må gjerast skikkeleg skal alt verte godkjent. Før hadde eg mange små papirlappar rundt omkring, men etter å ha brukt Agrilogg i eitt år no,
må eg seie at det er lettare, eg har betre kontroll.
- Her eg bur har vi også litt problem med jerven som tek dyra våra. Men heldigvis ingen ulv!
Kva modular brukar du mest i Agrilogg?
- Både modulane gjødsling, slått, beiteslepp og produksjonslager er i bruk, men modulen for snøbrøyting er den eg brukar aller mest.
Eg brøyter både til hyttefeltet, til kommunen og til private, så det er veldig mykje å halde styr på. Med Agrilogg går dette betre!
Har du ein kommentar, eller saknar du noko i Agrilogg?
- Det fungerer greitt. Agrilogg er enkelt å bruke, noko viktig som har kome for å bli.
Om det skulle vere noko, så kanskje kunne det vore enklare å vidaresendt dokument frå PC? Frå mobilen er det lett!
I brøytemodulen kunne det vore fint om ein ikkje må begynne på nytt klokkeslett, etter å ha logga seg ut og inn att. Elles er Agrilogg fint!
Gjetarhund er godt å ha! På Nordbø gard har dei omlag 90 sauer. Her er hunden Donna på jobb, ein vakker sommardag i Nissedal
Vi takkar Bjørn Gunnar Nordbø for praten og ynskjer han lykke til vidare som deltidsbonde i Nissedal!