Bjørn Gunnar Nordbø: Månadens bondeprofil, februar 2019

Fakta om Nordbø gard
Bjørn Gunnar Nordbø
Profilbilde: Bjørn Gunnar Nordbø

Bjørn Gunnar Nordbø med hunden Pepsi. Det vert mykje snøbrøyting om vinteren, då er Agrilogg godt å ha!

Kvifor vart du bonde?

- Eg er odelsgut og har vakse opp med sauehald her heime på garden. Eg orkar ikkje tanken på at jorda skal gro att! Har interesse av, og føler eit ansvar for å ta vare på arven min og drive garden vidare. Men dette er eit småbruk, så jobb ved sidan av må eg ha for å greie det økonomisk. I tillegg har eg eit hyttefelt og driv brøyting på vinterstid, både privat og kommunalt.

Kva er det beste med å vere bonde?

- Det må vere allsidigheita. Mykje forskjellig arbeid på ein gard, kvar dag er ikkje lik. Eg er i full stilling som gravemaskinførar også, så det er nok å halde på med!

Kva er dei største utfordringane i drifta di?

- Noko av dei største utfordringane er å få tid nok til all dokumentasjonen som krevst. Eg likar ikkje papirarbeid, vert ofte sittande med slikt på kveldstid, for dagane strekk ikkje til.

- HMS og KSL spøkjer i bakgrunnen, det må gjerast skikkeleg skal alt verte godkjent. Før hadde eg mange små papirlappar rundt omkring, men etter å ha brukt Agrilogg i eitt år no, må eg seie at det er lettare, eg har betre kontroll.

- Her eg bur har vi også litt problem med jerven som tek dyra våra. Men heldigvis ingen ulv!

Kva modular brukar du mest i Agrilogg?

- Både modulane gjødsling, slått, beiteslepp og produksjonslager er i bruk, men modulen for snøbrøyting er den eg brukar aller mest. Eg brøyter både til hyttefeltet, til kommunen og til private, så det er veldig mykje å halde styr på. Med Agrilogg går dette betre!

Har du ein kommentar, eller saknar du noko i Agrilogg?

- Det fungerer greitt. Agrilogg er enkelt å bruke, noko viktig som har kome for å bli. Om det skulle vere noko, så kanskje kunne det vore enklare å vidaresendt dokument frå PC? Frå mobilen er det lett! I brøytemodulen kunne det vore fint om ein ikkje må begynne på nytt klokkeslett, etter å ha logga seg ut og inn att. Elles er Agrilogg fint!

Bondeprofil: Bjørn Gunnar Nordbø

Gjetarhund er godt å ha! På Nordbø gard har dei omlag 90 sauer. Her er hunden Donna på jobb, ein vakker sommardag i Nissedal

Vi takkar Bjørn Gunnar Nordbø for praten og ynskjer han lykke til vidare som deltidsbonde i Nissedal!


Prøv Agrilogg | Logg inn | Kontakt oss

Prøv Agrilogg | Logg inn | Kontakt oss
©2016-2019 Agrilogg AS. All rights reserved
Agrilogg® is a registered trademark
Personvern (GDPR)

AgriLogg på Facebook    AgriLogg på Instagram    AgriLogg på Twitter