Logg inn Funksjonalitet Prøv gratis Artiklar Video Kontakt oss Nettkurs RådgjevarPortalen
Start Funksjonalitet Prøv gratis Artiklar Videoar Kontakt oss Nettkurs

Arne Wiggo Theodorsen: Månadens bondeprofil, februar 2020

Fakta om Kilaaker Gard
Arne Wiggo Theodorsen
Profilbilde: Arne Wiggo Theodorsen

Arne Wiggo Theodorsen driv med økologisk mjølkeproduksjon

Kvifor vart du bonde?

- Garden Kilaaker vart kjøpt av våre besteforeldre i 1946. Foreldra våre dreiv den saman inntil 1989, då far vår omkom i ei tragisk ulykke. Mor vart ståande åleine med tre born, og dreiv garden vidare med leigehjelp. Alle vi borna var interesserte i garden, og hjelpte gjerne til. Difor var det naturleg for oss å verte bønder etter kvart som tida gjekk. Eg og bror Birger forpaktar no garden frå 01.01.2020, men mor er framleis eigar.

I 2016 stod nytt lausdriftsfjøs ferdig, der mjølkekyrne held til. Denne er bygd saman med gamlefjøset der vi har ungdyr og ammekyr. Per dags dato er det 42 mjølkekyr og 6 ammekyr.

Sidan vi begge to har anna arbeid ved sidan av garden, leiger vi faste avløysarar.

Det er ikkje mange gardsbruk att i bygda vår, berre to eller tre sauebønder, og om mjølkeproduksjon er vi heilt åleine.

Kva er det beste med å vere bonde?

– Eg treng ikkje ha andre hobbyar, fritidsproblem er eit framandord! Det er interessant å dyrke jorda og drive med storfe.

Her på garden er det alltid noko å gjere, ekstra kjekt er det å ha med borna på gardsarbeidet. Eg har ein toåring på fanget akkurat no, som synes det er stor stas å køyre traktor og vere attmed kyrne i fjøset. Også den eldste guten vår er interessert i gardsdrifta.

Kva er dei største utfordringane i drifta dykkar?

- I 1997 byrja vi å legge om drifta til økologisk. Årsaka var at vi fann ut at vi brukte meir handelsgjødsel for same, eller til og med redusert, avling. Vi byrja difor å dyrke meir jord, samstundes som vi reduserte bruken av kunstgjødsel. Vi hadde rekna med om lag 70 % avling, men hamna på om lag 85 %. Det var bra vi var unge og hadde godt pågangsmot, for det er mykje meir arbeid å drive økologisk. Det er mange krav som kan vere utfordrande å få til.

Dei største utfordringane er å ha kontroll på ugras, og få nok fôr ut av avlinga. Her i nord har vi vanlegvis berre ein slått i året, men av og til ein liten i tillegg, som vi kallar «hå». Vi gjødslar berre med naturgjødsel som vi blandar ut med vatn og køyrer ut som gylle.

På sommaren er vi med i eit fellesbeite med ein annan produsent, så mjølkekyrne er på to månaders sommarferie på beite!

Slåtten gjer vi oftast i juli, midt i fellesferien når andre folk har fri... Heldigvis har eg kone, og bror min sambuar, som tek affære og sørgjer for at det blir ferietur på oss også!

Kva modular brukar de mest i Agrilogg?

- Modulen for teigar, jordbearbeiding og gjødsling. Også gardskart, sørvis på maskiner og bygningar - og ikkje minst modulen leigearbeid, der vi alle skriv timane våre slik at vi har god kontroll på dei. Planen er at også eine avløysaren vår skal registrere i Agrilogg med eigen brukar, då på engelsk, som også er mogleg no, heldigvis!

Har du ein kommentar eller er det noko du saknar i Agrilogg?

- Eg synes mengder på auto-uttak på lager kunne vore meir fleksibelt. Eg prøvde å lage ein plan på uttak av kraftforsilo, men der var ei grense på vel 300 kilo, som var for lav for min del i den perioden. Eg forstår ikkje kvifor det skal vere ei grense på dette. Prøvde også på å registrere tonn, men då vart det for stort igjen. Er det nokon tips til korleis gjere dette?

Kommentar frå Agrilogg: Godt poeng! No har vi auka denne grensa betrakteleg!

Bondeprofil: Arne Wiggo Theodorsen

Kyrne på Kilaaker gard er ute på beite heile to månadar om sommaren

Vi ynsker alle store og små, to- og firbeinte på Kilaaker Gard mykje lukke til vidare med drifta!


Prøv Agrilogg | Logg inn | Kontakt oss

Prøv Agrilogg | Logg inn | Kontakt oss
©2016-2024 Agrilogg AS. All rights reserved
Agrilogg® is a registered trademark
Personvern (GDPR)

AgriLogg på Facebook    AgriLogg på Instagram