Logg inn Funksjonalitet Prøv gratis Artiklar Video Kontakt oss Nettkurs RådgjevarPortalen
Start Funksjonalitet Prøv gratis Artiklar Videoar Kontakt oss Nettkurs

Lars Kristian Haarberg: Bondeprofilen for hausten 2021

Fakta om Kne Gard
Lars Kristian Haarberg
Profilbilde: Lars Kristian Haarberg

Lars Kristian Haarberg i traktoren

Profilbilde: Lars Kristian Haarberg

Det er sau det går i på Kne Gard!

Kva er det beste med å vere bonde?

- Det som er det beste med å vere bonde er å kunne styre dagen sjølv.

Korleis fann du ut at du ville bli bonde?

- Eg har vakse opp på garden som familien min har drive i mange år. Eg fann ut i ung alder at draumen for framtida var å kunne ta over garden når eg blei stor. Barndomen på bygda, og ikkje minst livet på gard, er noko eg trivst veldig godt med. Det blei eit stort leikeområde for ein liten gut. Eg begynte også å arbeide på garden i ganske ung alder. Det eg likte best med gardsarbeidet var turane då eg fekk vere med å køyre traktor - enda større var det då eg blei gammal nok til å køyre traktor sjølv.

Kan du beskrive ein typisk dag som bonde?

- Eg har mine to døtrer på fem og seks år 50% av tida. På desse dagane står eg opp om morgonen og køyrer døtrene mine i barnehagen. Når eg kjem heimatt er det rett i fjøset og sjå til sauene. Noko av arbeidet eg gjer i fjøset er fjøsstell, fosterteljing, paring, saueklipping og lamming.

- Eg jobbar også som tømrar innleigd i Bygdeservice. Etter å ha arbeidd i fjøset og hos Bygdeservice hentar eg døtrene mine igjen i barnehagen. Så lagar eg middag til dei og er saman med dei fram til leggetid. Dei blir også med i fjøset når dei vil det. Når jentene har sovna, går eg inn i fjøset igjen og ser til sauene. Om vinteren når eg ikkje har døtrene mine hos meg driv eg med brøyting i boligstrøk og i byen om nettene.

Kva er dei største utfordringane i drifta di?

- Eg har eit ønske om å auke drifta med fleire dyr på garden slik at eg kan leve som bonde på heiltid. Per dags dato er det tilleggsjobbane eg tener pengar på. Tømring kvar dag, brøyting vinterstid – og eg er også dirigent på kveldstid.

Kva modular brukar du mest i Agrilogg?

- Modulane eg brukar mest er slått, jordbearbeiding, snøbrøyting og leigekøyring.

Har de ein kommentar til, eller saknar du noko i Agrilogg?

- Det hadde vore kjekt om Agrilogg kunne vore ein mobil-app (i tillegg til web-app), men elles er eg ganske fornøgd!

Lars Kristian passar på dei 100 vinterfora sauane - her er planen er å auke antalet på sikt

Gard

Kne Gard frå lufta

Vi i Agrilogg takkar for praten, og ynskjer Lars Kristian Haarberg lukke til vidare med drifta!


Prøv Agrilogg | Logg inn | Kontakt oss

Prøv Agrilogg | Logg inn | Kontakt oss
©2016-2024 Agrilogg AS. All rights reserved
Agrilogg® is a registered trademark
Personvern (GDPR)

AgriLogg på Facebook    AgriLogg på Instagram