Logg inn Funksjonalitet Prøv gratis Artiklar Video Kontakt oss Nettkurs RådgjevarPortalen
Start Funksjonalitet Prøv gratis Artiklar Videoar Kontakt oss Nettkurs

Jan Øystein Aksnes frå Rovde: Bondeprofilen vinteren 2022/2023

Fakta om Hånes Hereford Aksnes
Jan Øystein Aksnes
Profilbilde: Jan Øystein Aksnes

Jan Øystein under den raudgyldne himmelen på garden i Rovde

Kva er det beste med å vere bonde?

- Det eg synast er best med å vere bonde er at eg har noko kjekt og noko fornuftig å gjere kvar dag.

Korleis fann du ut at du ville bli bonde?

- Det har vore ein evig draum å leve av garden. Eg tok først over heimplassen i 2006 - då var det ikkje mogleg å leve av drifta aleine. Denne garden håpar eg at neste generasjon vil ta over ansvaret for snart. I 2016 tok eg over garden på Rovde og i løpet av dei 10 åra har eg bygd meg opp mykje erfaring, og kan no leve av å vere bonde på heiltid. Før eg blei bonde utdanna eg meg til å bli tømrar for å jobbe med bygg og anlegg. Eg har alltid likt fysisk arbeid og har alltid hatt interesse for landbruk, og jobba som avløysar.

Kan du beskrive ein typisk dag som bonde?

- Store delar av dagen går til fjøsstell. Resterande tid av dagen blir brukt til å utbetre driftsgrunnlaget i form av jordbearbeiding og vedlikehald av maskin og utstyr, men fjøsstellet er hovudfokuset då det er det vi tener pengar på. Eg tok valget om å bli heiltidsbonde då eg såg kor mykje arbeid som måtte til for å drive garden. Eg er opptatt av å drive aktivt i fjøsen og ha kontroll på drifta når eg er borte på andre oppdrag. Det digitale verktøyet hjelp godt til når det kjem til å ha kontroll på kva som skjer på garden, det gir meg eit overordna blikk på drifta.

Eg har også eit godt team med kone, fire born og svigerfar som hjelper til, alle har interesse for gardsdrift. Eldste sonen går landbruk ved Øya VGS og alle borna har valgt sine hovudoppgåver på garden sjølv. Eldste har traktorkøyring og melkeproduksjon, dei mellomste har ansvar for eggproduksjon og sau, medan minstemann bidreg med motivasjon og godt humør. Typiske oppgåver vi gjer i fjøset er stell, fôring, bingestell, måking og strøing. Eg held også ekstra godt auge med om kyrne har det bra og ser at dei ikkje har teikn til skader på kroppen.

Kalving skjer på hausten og våren, det meste vi har hatt av kalving på kortast tid er 19 kalvingar på 14 dagar. Vi har om lag 40 melkekyr, 11 ammekyr. Det skjer mellom 50 og 60 kalvingar i året.

Kalvar
Kalvar

På garden skjer det kvart år mellom 50 og 60 kalvingar, som alle skal ha stell

Melkerobot
Melkerobot

340 000 liter mjølk skal leverast årleg - då er det greitt med melkerobot!

Kva er dei største utfordringane i drifta dykkar?

- Den største utfordringa er å sikre fôrtilgang av god kvalitet. I lovverket står det at leigejord skal ha langsiktig leigeavtale, t.d. på 10 år. Eg og fleire bønder eg har prata med har fått intrykk at det er vanskeleg å få langsiktige avtalar på grunn av gardsbruk som leggast ned. Skal vi få god kvalitet må ein eige sjølv. Det er vanskeleg å investere om det ikkje er ein langsiktig avtale. Ved å ha langsiktige avtalar kan ein påverke meir sjølv og arbeide lenger med marka, og då kan det fort bli dobbelt så mykje gras.

Kva modular brukar du mest i Agrilogg?

- Alt som har med jord og slått, vedlikehaldsmodulane på grunn av stor bygningsmasse og maskinpark og vi brukar aktivt lagermodulen, og ikkje minst HMS. Dokumentsamlingsmodulen er viktig, då vi eig fleire gardar med ulik historie som vi vil ta vare på. Vi har ei mappe for kvar gard. Beitemodulen brukar eg til kyrne mine.

Har du ein kommentar til, eller saknar du noko i Agrilogg?

- Bruken av Agrilogg sikrar at eg kan dokumentere drifta og hjelpe neste generasjon med informasjon om drifta. Det gjer det enklare for neste generasjon å ta over garden.

Dokumentert sikkerhetsopplæring
Dokumentert sikkerhetopplæring

Dokumentert sikkerhetsopplæring på Avant 520

- enkelt i Agrilogg!
Dokumentert sikkerhetopplæring

Alt signert og dokumentert i Agrilogg!

Vi i Agrilogg takkar for praten, og ynskjer Jan Øystein mykje lukke til vidare med drifta!


Prøv Agrilogg | Logg inn | Kontakt oss

Prøv Agrilogg | Logg inn | Kontakt oss
©2016-2024 Agrilogg AS. All rights reserved
Agrilogg® is a registered trademark
Personvern (GDPR)

AgriLogg på Facebook    AgriLogg på Instagram