Logg inn Funksjonalitet Prøv gratis Artiklar Video Kontakt oss Nettkurs RådgjevarPortalen
Start Funksjonalitet Prøv gratis Artiklar Videoar Kontakt oss Nettkurs

Iver Ulven: Månadens bondeprofil, januar 2019

Fakta om Ulven gard
Iver Ulven
Profilbilde: Iver Ulven

Bonden Iver Ulven på Hadeland med sonen Even (3 år)

Kvifor vart du bonde?

- Eg er oppvaksen her på garden, fødd odelsgut, og synest at gardsdrift er interessant. Faktisk så held eg på å ta agronomutdanning i vaksen alder på nettet! Dette gjer eg for å ha endå meir tyngde i faget og fleire bein å stå på.

Kva er det beste med å vere bonde?

- Det beste er at eg må tenkje sjølv! Eg likar ikkje at andre skal fortelje meg kva eg skal gjere. Å kunne planlegge dagen og tenkje ut sjølv kva som bør gjerast er best for meg.

Kva er dei største utfordringane i drifta di?

- Klimautfordringa, heilt klart! Etter sommaren 2018, der vi var sterkt ramma av ekstremtørke på desse kantar, vart eg litt skremd. Det er store utfordringar i gardsdriftene her omkring som følgje av dette, mange dyr måtte slaktast, formangelen gjer det vanskeleg. Så ja, klimautfordringa er den aller største, så kan vi ta diskusjonen rundt årsaka ein anna gong. Der kan mykje seiast!

- Ei anna utfordring er dei dårlege kjøtprisane, til dømes på sauekjøt. Eg synest synd i dei som investerte og bygde nytt for få år sidan, no er det elendige prisar, heilt skammeleg! I lengda er det slitsamt å stå i ei bransje som er så usikker.

- Og så har vi problemet med ulv som er stort her på desse kantar. Sjølv har eg gått klar, men det er berre flaks!

Kva modular brukar du mest i Agrilogg?

- Eg bruker aller mest modulen for leigekøyring. Heilt genialt å kunne loggføre alt eg gjer! I tillegg til gardsdrifta leiger eg meg ut til ulike typar handverkstenester og kan lett ta ut fakturagrunnlag i Agrilogg. Eg brukar Agrilogg dagleg, og anbefaler det varmt til alle eg snakkar med som driv eit bruk. Rapportering, daglege gjeremål og mykje anna vert loggført. Faktisk heldt eg akkurat på å utarbeide ei sikker jobbanalyse i Agrilogg då du ringde, kan Iver fortelje.

Har du ein kommentar, eller saknar du noko i Agrilogg?

I starten var det litt slitsamt, syns eg, fordi alt måtte leggjast inn, både teigar, kundar og andre ting. Det var mykje jobb. Men eg forstår at det må vere slik. Etter kvart vart det lettare, når eg berre kan hente opp teigen igjen. No er Agrilogg uunnverleg!

Bondeprofil: Iver Ulven

På Ulven Gård i Lunner Kommune på Hadeland står det ikkje på køyretøyet! Bonden Iver Ulven har fire søner, der den eldste er svært ivrig i gardsdrifta allereie. Her er framtidsutsikta bra!

Vi takkar Iver Ulven for ein kjekk bondeprat, og ynskjer lykke til på Hadeland!


Prøv Agrilogg | Logg inn | Kontakt oss

Prøv Agrilogg | Logg inn | Kontakt oss
©2016-2024 Agrilogg AS. All rights reserved
Agrilogg® is a registered trademark
Personvern (GDPR)

AgriLogg på Facebook    AgriLogg på Instagram