Logg inn Funksjonalitet Prøv gratis Artiklar Video Kontakt oss Nettkurs RådgjevarPortalen
Start Funksjonalitet Prøv gratis Artiklar Videoar Kontakt oss Nettkurs

Janne Mette Valberg og Roger Lein: Månadens bondeprofil, januar 2020

Fakta om Valberg Slektsgard
Janne Mette Valberg og Roger Lein
Profilbilde: Janne Mette Valberg og Roger Lein

Janne Mette og Roger driv med potet og rotvekst, i tillegg til kurs- og konferansesenter med overnatting

Kvifor vart de bønder?

- Eg har vakse opp her på garden som «odelsveik» så det fall heilt naturleg for meg, kan Janne Mette seie på ekte trøndersk.

Sidan 1996 har eg drive garden saman med far min. Eg og mannen min flytta hit i 2000. I 2013 tok vi over drifta, men far min er framleis aktiv og tek gjerne i eit tak. Begge foreldra mine bur her endå, som er veldig kjekt for alle.

På Frosta er det eit spesielt godt miljø og samarbeid mellom oss bønder, der det herskar stor positivitet og glede. Det er noko vi set stor pris på!

Kva er det beste med å vere bonde?

- Det beste er at vi er våre eigne herrar og rådar over arbeidet og dagane sjølve. Det er spennande med alle utfordringane vi møter på vegen, og vi ser verdien av å bu og arbeide ilag, eg og mannen min. Ikkje minst så har det vore svært praktisk at ein av oss alltid er heime, spesielt då ungane var mindre. Eg syntes det er heilt unikt å kunne ha det slik!

Vi har funne ein fin måte å dele ansvaret på, der eg tek meg av jordbruket og Roger har ansvaret for kurs- og konferansesenteret. Vi leiger ut lokale til alt frå kursing til bryllaup. Vi serverer ureist, heimelaga lokalmat frå Frosta oppe på låven, har Gardshotell og seks tømmerhytter til utleige, med plass til om lag 100 overnattingsgjestar totalt. På garden er det fleire ulike lokalar til disposisjon, der vi tek imot arrangement med plass til frå 15-150 personar.

Her har vi hatt besøk med bevertning til både dei nordiske landbruksministrane og kronprinsparet, då dei var på reise i Trøndelag for tre år sidan! I år skal vi halde heile 13 bryllaup her på garden, så begivenheitene står i kø framover, lovar Janne Mette, som for augeblikket er på etterlengta ferie på Tenerife, saman med mannen sin.

Moglegheitene på Valberg Slektsgard er mange. I flott natur med utsikt over Tautra og Trondheimsfjorden, ligg alt til rette for at diverse samlingar vert vellukka. Alle arrangement vert skreddarsydd etter ynskje og behov. Sjå meir på visitvalberg.no

Kva er dei største utfordringane i drifta dykkar?

– Det er vanskeleg å få tak i arbeidskraft med rette kompetansen i høgsesongen, då vi er avhengige av å leige inn ekstra folk. Sesongen startar for våra del allereie i april, men frå juli til oktober treng vi ekstra arbeidskraft, som altså er ei utfordring. Det er ikkje så mange med den rette kompetansen som er interesserte i å arbeide berre nokre få månadar i året, dessverre. Også vêret kan gje utfordringar, spesielt hausten, der nedbøren er stor og gjev altfor våte åkrar.

Kva modular brukar du mest i Agrilogg?

- Eg har brukt modulen for sprøyting veldig mykje, og også modulen for notat er mykje i bruk. Eg kunne absolutt vore endå flinkare å registrere ting i Agrilogg, det er noko eg jobbar med vidare, for Agrilogg er kome for å bli!

Har du ein kommentar eller er det noko du saknar i Agrilogg?

- Nei, det har eg for så vidt ikkje, det gjeld berre å sette seg godt nok inni systemet og finne måtar å gjere det på sjølv.

Bondeprofil: Janne Mette Valberg og Roger Lein

Janne Mette og Roger driv med produksjon av potet og rotvekst

Vi takkar Janne Mette Valberg og Roger Lein for praten og ynskjer dei mykje lukke til vidare!


Prøv Agrilogg | Logg inn | Kontakt oss

Prøv Agrilogg | Logg inn | Kontakt oss
©2016-2024 Agrilogg AS. All rights reserved
Agrilogg® is a registered trademark
Personvern (GDPR)

AgriLogg på Facebook    AgriLogg på Instagram