Logg inn Funksjonalitet Prøv gratis Artiklar Video Kontakt oss Nettkurs RådgjevarPortalen
Start Funksjonalitet Prøv gratis Artiklar Videoar Kontakt oss Nettkurs

Bjørn Even Nerland: Månadens bondeprofil, januar 2021

Maria Zelia og Bjørn Even
Profilbilde: Bjørn Even Nerland

Maria Zelia og Bjørn Even i jula. Eit flott par!

Sin eigen herre i Jakobgarden!

Han var ikkje gamle guttepjokken då har innsåg han var peika ut; han var odelsgut!

Bjørn Even vart fødd inn i Jakobgarden i Vistdalen i 1979. Han hadde ein fin barndom og oppvekst, og treivst godt med å hjelpe far sin i arbeidet på garden. Etter ungdomsskulen gjekk han landbruksskulen på Gjermundnes, der han fekk mykje bra lærdom å ta med vidare.

Lastebilsjåfør

Likevel jobba han som sjåfør for Felleskjøpet dei fyrste 10 yrkesaktive åra, der han leverte kraftfôr, før bonden i han vakna for fullt.

- Eg tok over garden etter far min i 2011. Då var den mykje mindre, med om lag 99 tonn mjølk i året, samt nokre oksar og sauer.

- Far min var ung då han vart sjølvstendig bonde. Berre 18 år gamal døydde far hans, og etterlet seg alt til neste generasjon, kan Bjørn Even fortelje, som sjølv var bikka tretti før han tok på seg same rolla.

- Eg bygde på driftsbygninga i eine enden etter at eg tok over, så den er godt tenleg også per i dag, sjølv om eg innser at tida er moden for lausdriftsfjøs. Dyra står framleis på bås her, men elles er bygninga moderne og enkel i drift, syns eg. Dei siste åra har eg også dyrka opp ein del, om lag 50 daa. Det meste eg slår går til eigen silo, men eg sel også noko rundballar.

Eige vaskefirma

Kona til Bjørn Even kjem frå Brasil. Ho har starta eige vaskefirma som ho driftar, så det seier seg sjølv at tida hennar går mest til jobben og familien, som også krev sitt.

- Ho er ikkje så ofte i fjøsen, men far min, kårkallen derimot, er endå flittig i gardsarbeidet! Han er no 71 år men tek framleis ein del av jobbane her saman med meg. Dette set eg stor pris på, seier Bjørn Even vidare.

Born

Til venstre: Maria Zelia og Bjørn Even likar å lage det fint til jul på den tradisjonsrike familiegarden
Til høgre: Eline Kristine drikk mjølk rett frå tanken. Det er bondejenta si det!

Bur i gamlehuset

- Eg, Maria Zelia og borna bur i det gamle våningshuset på garden, som vi har restaurert og pussa opp.

-Gamlefolket har kårbustaden om lag 100 meter lenger oppe her, så det er rimeleg kort veg og tett samarbeid, slik det skal vere på gardane. Mor mi er framleis yrkesaktiv, ho arbeider ennå litt i helsevesenet.

Maskinlag og avløysarring

- I tillegg til gardsdrifta, tek eg på meg noko leigearbeid, mellom anna med steinplukking.

Dei siste tre åra har eg vore med i eit maskinlag, der vi kjøper inn ulike maskiner og brukar etter tur. Dette er ei fin løysning, syns eg. Vi er fleire bønder her i Vistdalen enn meg, men ikkje så mange driv mjølkeproduksjon lenger. Dei seinare åra har fleire lagt ned bruka sine eller slutta med mjølkekyr.

Tidlegare var det vanskeleg å ta seg ferie meir enn nokre få dagar, men sidan eg også er med i ein avløysarring kan eg no unne meg ferie! Heldigvis fekk vi oss ein heil månad på tur, i grevens tid rett før koronaen braut ut i fjor. Då var vi nesten tre veker i Brasil, heime eit par veker og så to veker på cruise i Karibien. Dette cruiset var noko far min har drøymt om heile sitt liv, så då han fylte 70 reiste vi heile gjengen, fortel han vidare.

Maren og Tore

Bjørn Even på heimveg med ny steinplukkar. Utstyret må vere i orden, for slikt arbeidsfolk!

Sin eigen herre

- Å vere sin eigen herre og styre dagane sjølv, passar meg som fot i hose! Eg likar ikkje at nokon sjefar over meg, har alltid vore sjølvstendig og likt å legge opp dagane mine sjølv. Også då eg køyrde lastebil jobba eg fleksibelt, som er det er trivst best med, seier Bjørn Even og fortel om bruken av Agrilogg, som han har abonnert på heilt sidan 2016.

- Eg brukar Agrilogg mest på sommarhalvåret, mindre på vinteren. I slåtten blir det aller mest brukt, det gjev meg den oversikta eg treng over alt frå gjødsling til produksjonslager. Også leigekøyringa vert registrert og gjer det lettare, med unntak av det som kjem inn under maskinlaget, som vert fakturert derifrå.

Vedhogst som vintersyssel

- Her i Vistdalen har det kome ein god del snø i det siste, om lag 40 cm på flatmark er det no. Då syns eg det er fint å sysle litt med vedhogst. Det gjev dagane ei fin avveksling, i tillegg til fjøsstell og andre førefallande oppgåver på garden. Eg skal også til å bygge eit reiskapshus, så dagane går unna for å seie det mildt, kan Bjørn Even seie, før han takkar for praten!

Kyr

Ein fin vinterdag på setra

Agrilogg takkar også for praten, og ynsker bonden i Vistdalen all lukke til vidare!


Prøv Agrilogg | Logg inn | Kontakt oss

Prøv Agrilogg | Logg inn | Kontakt oss
©2016-2024 Agrilogg AS. All rights reserved
Agrilogg® is a registered trademark
Personvern (GDPR)

AgriLogg på Facebook    AgriLogg på Instagram