Børre Tystad frå Sandane: Månadens bondeprofil, juli 2019

Fakta om Børre sin gard
Børre Tystad
Profilbilde: Børre Tystad

Børre driv frukt- og grønsaksproduksjon på heiltid! Foto: Aadne Gloppestad (Firda Tidend)

Kvifor vart du bonde?

- Eg vart bonde fordi eg har vakse opp her på garden som odelsgut - og det fall heilt naturleg for meg å ta over. Etter vidaregåande skule og militæret gjekk eg to år på Hjeltnes Gartnarskule i Hardanger som gav meg den rette kompetansen for vidare drift av denne type gard. Eg fekk ei god og spesifikk utdanning som har vore svært nyttig!

Her på garden har vi drive med dyrking av frukt og grønsaker i ei årrekke, besteforeldra mine starta med dette for 50-60 år sidan. Tilhøva ligg godt til rette, det er fint klima for frukt, bær og grønsaksproduksjon i området.

Tidlegare hadde vi fleire typar produksjonar på garden. Då eg tok over, bestemte eg meg for å satse på færre sortar, men i større kvantum. Eg valde då isbergsalat og eple som dei to største produksjonane, samt noko pærer i tillegg. Om fruktsesongen fell dårleg ut, kan salatsesongen bli bra, det er sjeldan desse to slår feil same året. Foreldra mine bur på garden og er framleis ei god hjelp i drifta, det set eg pris på!

Kva er det beste med å vere bonde?

– Å få arbeide utandørs er noko av det eg set mest pris på. Eg er også motivert av det meiningsfulle med å dyrke noko matnyttig, det gleda meg å sjå resultatet av arbeidet eg legg ned!

Kva er den største utfordringa i drifta di?

- Vêret er nok det som spelar inn i størst grad i denne type produksjon. Det er vanskeleg å vite resultatet eller inntekta før sesongen er over. Veret kan vere lagleg i store delar av sesongen, men med nokre få dagar med kulde i blomstringa, eller ein storm tidlig på hausten kan gje store utslag i fruktavlinga. Du veit aldri!

I 2018 var vi nok av dei som kom bra ut, i forhold til andre stadar. Her vart det ein bra sesong, i og med at vi har vatningsanlegg på åkrar og i frukthagen. Epla vaks godt og vart store og fine i varmen. Korleis det vert dette året er vanskeleg å spå, men det ser greitt ut hittil. Vi kryssar fingrane for at det held fram slik...

Eg er nok av dei som ser mykje på vêrmeldingane, planlegging har mykje å seie, og å ta ting i rette rekkefølga er viktig.

I dei to hovudproduksjonane vi har, er tanken at haustinga skal gå etter kvarandre, slik at når vi er ferdige å skjere salaten, er det tid for å plukke epla. Til dette leiger vi inn litt hjelp. Det er arbeidslag som held til i området som arbeidar på runde der det er behov, både med bær- og fruktplukking.

No er vi godt i gong med skjering av salat, dette held vi på med til medio september, då startar frukthaustinga.

Vi har ei ganske streng oppfølging av Mattilsynet i forhold til at vi produserar mat som skal etast på direkten, men eg ser ikkje på det som ei utfordring. Det gjeld berre å følge krava, så går det fint.

Derimot kan lagring og dokumentasjon vere ei utfordring i forhold til KSL-revisjonen. Det er veldig mykje som skal haldast orden på, men Agrilogg har absolutt vore med på å forenkle dette. Eg skaffa meg Agrilogg i april dette året og brukar det svært aktivt.

Kva modular brukar du mest i Agrilogg?

- Modulen for leigearbeid er mest i bruk, men ikkje fordi eg driv med leigearbeid. Eg har funne ut at det er fint å bruke leigearbeidsmodulen til loggføring i forhold til Innovasjon Norge sitt etableringstilskot, som eg kan søkje på ved etablering av ny frukthage. Her kan eg lage meg ei god oversikt over dei kategoriane eg treng. Det er gull verdt for meg. Moglegheitene er mange i Agrilogg, det gjeld å finne sin måte å nytte verktøyet på best måte for kvar enkelt, trur eg.

Eg brukar også modulen for gjødsling, kalking og sprøying ein god del, og synest det er svært nyttig at sprøytejournalen ligg ved. Også planteproduksjonsmodulen er mykje i bruk.

Har du ein kommentar, eller saknar du noko i Agrilogg?

- I forhold til min type produksjon, er det framleis ein del som ikkje er heilt på plass, til dømes i sprøytejournalen. Men eg har vore i kontakt med kundeservice i Agrilogg og fått god hjelp. Dei strekkjer seg langt for å utvikle systemet vidare etter behov, også i denne produksjonen. Eg ser at det allereie no har vorte meir brukarvenleg for meg, så dette teiknar til å bli bra!

Bondeprofil: Børre Tystad

Børre held til i ein av Noregs mange idyllar: Sandane!

Agrilogg takkar for praten, og ynskjer Børre og familien hans ein god sesong på Sandane!


Prøv Agrilogg | Logg inn | Kontakt oss

Prøv Agrilogg | Logg inn | Kontakt oss
©2016-2019 Agrilogg AS. All rights reserved
Agrilogg® is a registered trademark
Personvern (GDPR)

AgriLogg på Facebook    AgriLogg på Instagram    AgriLogg på Twitter