Logg inn Funksjonalitet Prøv gratis Artiklar Video Kontakt oss Nettkurs RådgjevarPortalen
Start Funksjonalitet Prøv gratis Artiklar Videoar Kontakt oss Nettkurs

John Magne Krøvel i bondeprofilen sommaren 2021

Fakta om Johansgarden
John Magne Krøvel
Profilbilde: John Magne Krøvel

John Magne Krøvel i grisefjøsen

Kva er det beste med å vere bonde?

- Det beste med å vere bonde må vere det at eg kan styre min eigen arbeidsdag - eg er min eigen sjef - men eg har samtidig eit ansvar, sjølvsagt.

Korleis fann du ut at du ville bli bonde?

- Slekta har drive gardsdrift i mange generasjonar, det fall då naturleg for meg å drive gard. Eg og broren min har hatt praktiske yrke, eg som rørleggar og han som elektrikar - eg fann etterkvart ut at eg også ville prøve meg på å drive gard. Eg tok over garden i 2012. I 2014 bygde vi fjøs og vi flytta inn på garden i 2015. Eg driv garden mykje sjølv, men sambuaren min og bror min hjelper ofte til.

Korleis er ein typisk dag for deg som grisebonde?

- Eg står opp og bruker tid saman med familien, om eg ikkje har purker som ventar grisungar. Så tek eg turen til fjøset der eg kokar meg ein kopp kaffi, før eg måkar møkk og strør sagmask som grisane kan rote i. Eg sjekkar grisane for sår og gir dei kos, og passar på at alle grisane har det bra. Denne runda tek eg to gongar om dagen. Når eg er ferdig med runda i fjøset går eg inn på kontoret for å gjere diverse kontorarbeid. Det vert ofte lange dagar når ein er grisebonde, men eg prøvar som oftast å ta meg ei pause saman med sambuar og borna til felles middag. Når purkene er få dagar unna å føde, søv eg på kontoret mitt slik at eg er i nærleiken dersom noko skjer.

Dyra skal ha det godt!

Venstre: John Magne er opptatt av at dyra skal få kos. Høgre: Varmerom for grisungane

John Magne Krøvel på kontoret

John Magne søv som regel på kontoret dagane før purkene føder

Kva meiner du om oppslaga i media rundt den norske kjøtindustrien, der aktivistar braut seg inn i 28 grisefjøs for å dokumentere dårlege levekår for grisar?

- Eg er sjølvsagt skuffa over dei funna aktivistane har gjort, det er ikkje slik det skal vere. På den andre sida så trur eg ikkje det er 28 tilfeldige fjøs. Eg har høyrt at aktivistane har gjort si undersøking før dei har brote seg inn i dei utvalde fjøsa. Eg synest også det er dumt at dei dreg fram bilde frå 2019 då eg veit at dei har forbetra seg mykje sidan då. Det er også berre 28 av over 2000 grisefjøs, så det er ikkje rettferdig å dra alle under ein kam. Mattilsynet kjem på besøk og då er det sjølvsagt best å ha ting på stell, men om mattilsynet finn manglar eller feil i drifta er dei til god hjelp for bonden, slik at drifta blir betre etter besøket frå Mattilsynet.

Etter å ha vore på besøk hos John Magne ser vi at i hans drift er det langt frå desse skrekkeksempla som har blitt vist i media. Purkene og smågrisane har god plass til å bevege seg og det er fint og reint i kvar binge. John Magne har installert røyr i taket slik at grisane får avkjølt seg i kaldt vatn når det er varmt. I tillegg har han laga rom med varmelampe slik at smågrisane får meir lyst til å vere der enn i bingen med mora. Det er positivt, for purka kan i verste fall kan legge seg over smågrisane og klemme dei i hel. Varme gjer også at dei veks fortare og vert betre eigna til vidare avl, sal eller slakt. Purkene til John Magne føder til saman mellom 2000 og 2500 grisar i løpet av året, der ca. 1000 av desse vert slakta.

Kan du fortelje litt om den tradisjonsrike matproduksjonen du har drive med på garden?

- Matproduksjonen eg driv med på garden er kun for meg og familien min, då garden ikkje er godkjent for vidare sal av matvarer. Garden er for liten til å produsere store nok mengder, men eg har maskinene ein treng for å lage ulike kjøtprodukt. Det er ikkje billegare å produsere kjøtprodukta sjølv enn å kjøpe dei i butikken, men vi synest det er kjekt å halde på med dette. På sikt håper eg det er mogleg å drive med sal av eigenproduserte kjøtvarer.

John Magne Krøvel og broren produserer kvalitetsmat

Matproduksjon for eigen bruk - gardstradisjon i Johansgarden!

- Besteforeldra mine dreiv med matproduksjon då eg var liten. Det var vel då det starta. Dei laga kjøtvarene sine sjølv på tradisjonelt vis og vi borneborna fekk vere med på matlaginga. Vi fekk til og med vere med å sjå korleis slaktinga gjekk føre seg.

- Eg og bror min ynskjer å føre denne tradisjonen vidare. Av hjort som vi skyt lagar vi kjøtkaker, og av sau lagar vi blant anna julemiddagen. Bestemora mi har også lært oss å lage smør.

Kva er dei største utfordringane i drifta dykkar?

- Økonomien er den største utfordringa med å drive svineproduksjon. Det kostar å drive gard, mykje skal kjøpast inn og ofte vert utgiftene mykje høgare enn inntektene vi får inn av sal.

Kva modular brukar du mest i Agrilogg?

Mest brukt er modulane for slått, snøbrøyting, sprøyting, beiteslepp (sau) og leigekøyring.

Har du ein kommentar, eller saknar du noko i Agrilogg?

Eg kjem ikkje på noko eg saknar, men det eg har lyst å seie om Agrilogg er at kundeservicen er alltid god. Eg var nemleg så heldig å få prøve ut Agrilogg i startfasen for 4-5 år sidan og var då mykje i kontakt med dei tilsette i Agrilogg.

Grisefjøset i Johansgarden

Grisefjøsen i Johansgarden

Baconhill

Baconhill

Vi takkar for praten, og ynskjer John Magne lukke til vidare som norsk matprodusent!


Prøv Agrilogg | Logg inn | Kontakt oss

Prøv Agrilogg | Logg inn | Kontakt oss
©2016-2024 Agrilogg AS. All rights reserved
Agrilogg® is a registered trademark
Personvern (GDPR)

AgriLogg på Facebook    AgriLogg på Instagram