Logg inn Funksjonalitet Prøv gratis Artiklar Video Kontakt oss Nettkurs RådgjevarPortalen
Start Funksjonalitet Prøv gratis Artiklar Videoar Kontakt oss Nettkurs

Svein Magne Åsbakk: Månadens bondeprofil, juni 2019

Fakta om Åsbakk Gard ANS
Svein Magne Åsbakk
Profilbilde: Svein Magne Åsbakk

Øyvor og Svein Magne Åsbakk har mykje moro på garden!

Kvifor vart du bonde?

- Eg var nummer tre i odelsrekka på familiegarden, så noko fortrinn hadde eg eigentleg ikkje. Likevel vart det eg som tok over garden etter foreldra våre. Eg trur den interessa og lidenskapen som foreldra og onkel og tanta mi hadde for å drive gard, smitta over på meg i større grad enn på syskena mine. Eg vart motivert for å drive familiegarden vidare, det fall naturleg.

Eg jobba litt som avløysar i ungdomstida, og tok deretter agronomutdanning i Mosjøen ved Vefsn Landbruksskole, som det heitte den gongen.

Her på garden har det vore drift med kyr og gris i lang tid, som er ein fin kombinasjon! Vi brukar grisemøkka til gjødsel og held såleis mengda med kunstgjødsel nede. Grovfôret som dyrkast gir vi både til storfe og gris. Såleis nyttar vi ressursane veldig godt.

Bestefaren min bygde grisefjøs her i 1972, den brann dessverre ned i 2017. No har vi fått opp ny fjøs, og i februar i år kunne nye grisar flytte inn. Det var stor stas! No gjeld det å auke produksjonen av gris opp på det nivået det skal vere. Vi mista alle grisane under brannen, som var ei forferdeleg oppleving.

Landbruket er politisk styrt, vi veit aldri kva som skjer. Likevel må vi satse og sjå positivt på framtida!

Kva er det beste med å vere bonde?

- Eg syns det er fantastisk å sjå det vi dyrkar spire og gro, eg frydar meg over resultatet av arbeidet! Vi syns også det er ein fordel å kunne bestemme korleis ein vil legge opp dagane og arbeidet sjølve.

Kona mi hadde eit anna yrke tidlegare, det var ingen sjølvfølge at ho skulle velje å jobbe på garden saman med meg. Eg syns det er kjekt å sjå den bratte læringskurva hennar, ho er flink, altså! Vi har mange fine dagar her på garden saman, som absolutt veg opp for dei kjedelege dagane. Det vil der alltid vere, uansett kva ein driv med.

Kva er dei største utfordringane i drifta di?

- Dei største utfordringane må vere å tilpasse seg nye krav heile tida. Å vere à jour og greie å tilfredsstille nye lover og reglar, til ein overkommeleg pris. Det er vanskeleg å halde tritt, syns eg. Og det å ha tid til å få gjort alt ein skal til rett tid. Veret spelar også inn i stor grad, det gjeld å prioritere rett når tilhøva ligg føre.

Kva modular brukar du mest i Agrilogg?

- Snøbrøyting, jordarbeiding og slått er dei tre modulane eg brukar mest. Eg har hatt Agrilogg i to år no og har mykje dokumentasjon lagra. Den nye husdyrloggen som kjem gler eg meg til å ta i bruk i grisefjøsen. Det vert spennande!

Vi har ein avløysar på garden no, men kjem nok til å kome opp i tre avløysarar når alt er oppe og går her. Tanken er at også avløysarane skal kunne loggføre og rapportere i Agrilogg etter kvart.

Har du ein kommentar, eller saknar du noko i Agrilogg?

- Her i vinter kom eg på at noko kunne vore endå lettare, dersom eg kunne fylle inn jobbane eg gjer undervegs. Slik det er no, for eksempel i slåtten kor eg køyrer lass må eg huske eller notere i ei bok, før eg kan fylle det inn i Agrilogg. Det er mogleg at det berre er eg som ikkje forstår alt endå, men tanken er at ein skal sleppe notatbok, noko eg altså ikkje gjer enno (du kan føre alt rett inn i Agrilogg direkte dersom du brukar mobilen).

Elles er eg fornøgd med Agrilogg, men kunne vore endå flinkare til å bruke det.

Bondeprofil: Svein Magne Åsbakk

God sommar på Åsbakk Gard i Bodø!

Vi ynskjer Svein Magne og Øyvor lukke til med slåtten.


Prøv Agrilogg | Logg inn | Kontakt oss

Prøv Agrilogg | Logg inn | Kontakt oss
©2016-2024 Agrilogg AS. All rights reserved
Agrilogg® is a registered trademark
Personvern (GDPR)

AgriLogg på Facebook    AgriLogg på Instagram