Logg inn Funksjonalitet Prøv gratis Artiklar Video Kontakt oss Nettkurs RådgjevarPortalen
Start Funksjonalitet Prøv gratis Artiklar Videoar Kontakt oss Nettkurs

Terje Rostad og Eli Rostad Solhus: Månadens bondeprofil, juni 2020

Fakta om Solhus Gard
Terje Rostad og Eli Rostad Solhus
Profilbilde: Terje Rostad og Eli Rostad Solhus

Eli og Terje er optimistiske potetbønder på Fannrem (Foto: Privat)

Ta ein potet!

På Solhus Gard vert det produsert poteter som aldri før. Også korn satsast det på framover.

- Vi selde mjølkekvota og la ned mjølkeproduksjonen no i vår. Samtidig tok vi oppatt kornproduksjonen, som det tidlegare har vore her på garden. No fokuserer vi på korn, potet og kortreist mat, der vi også vil foredle eigne produkt av potetene, som vi sel i gardsutsalet Eli er engasjert i, «Smaker fra Orkland», seier Terje Rostad, aktiv Agrilogg-brukar og lukkeleg deltidsbonde på Fannrem i Trøndelag.

Med store flater og steinfattig jord, er Fannrem perfekt for åkrar. Garden ligg berre 25 meter over havet, og midt mellom innland - og kystlandskap. Klimaet er ganske stabilt, men også her kjem nedbøren, ofte i lange periodar. Derimot skin sola lenge og vel, og plantene veks og trivast godt på Solhus Gard – garden som Eli Solhus har vakse opp på, og budd på heile livet.

- Vi har vore i samdrift med far til Eli sidan 2002. I 2015 tok vi over heile garden, då han gjekk over i pensjonistane si rekkje. Han bur framleis her på Solhus i kårbustaden, og er med og tek i eit tak i onnene, kan Terje seie.

Draumen om eit gardsbruk

- Sjølv kjem eg ikkje frå gardsbruk, men hadde sterk tilknyting til onkelen min sin gard, der eg heldt til mykje i oppveksten. Eg drøymde ofte om å ha eigen gard når eg vart vaksen, og jammen gjekk ikkje draumen i oppfylling! kan Terje seie vidare, og fortel kor godt det lagde seg då han trefte Odelsjenta Eli Solhus som han deler livet med.

Saman har desse to store born, ei jente på 21 år som studerer biologi ved NTNU i Trondheim, og ein gut på 18 år som no er lærling i sveisarfaget.

Godt å bidra i samfunnet

Å vere bonde gjev ei god kjensle – kjensla av å bidra med noko viktig i samfunnet. For kva er viktigare enn mat?

- Alle treng mat og alle treng potet. Her på garden har vi konsentrert oss om potetsortane Asterix, Pimpernell, Brage og Folva, i tillegg dyrkar vi noko Kuraas, som vert produsert til potetmjølsproduksjon. Vi har fast avtale med Hoff om levering av denne poteten, som inneheld mykje stivelse og eignar seg godt til dette formålet.

Smaker fra Orkland

Her på Solhus har vi eige pakkeri og gardsutsal. Mesteparten av potetene vert selt gjennom gardsutsalet. Her sel vi også varer frå andre produsentar i laget «Smaker fra Orkland» – eit produsentlag som satsar på kortreist matleveranse. Eli er leiar for dette laget. Ho er svært engasjert og jobbar for at mat som blir produsert i området skal direkteseljast til forbrukaren, utan å gå gjennom fleire ledd. Vi har fleire faste kundar i området, og leverer potet til fleire restaurantar og hotell, til dømes.

I gardutsalet er det fokus på sesongvarer, samt egg, honning og andre matvarer heile året.

Verdifull næring

Vi har planer om å foredle eigne produkt av potet som skal kome for sal i gardsbutikken, slik som til dømes potetsalat. Dette er noko vi vil jobbe med no framover.

Å kunne bidra i samfunnet på denne måten er verdifullt og gjer kvardagen meiningsfull for oss. Kortreist, rein mat, som ikkje treng gå gjennom fleire ledd for å kome på bordet. Ja takk!

Når det gjeld kornproduksjon er vi endå ferske i gamet, då dette var noko vi starta opp no i vår, etter at mjølkeproduksjonen vart lagt ned. Det blir spennande å sjå korleis det går!

Registrerer fortløpande i Agrilogg

På Solhus Gard har vi nytta Agrilogg sidan februar 2017 og er svært fornøgde! Alt av jordbearbeding, sprøyting og slått vert registrert fortløpande. Også mange av dei andre modulane vert nytta, men bruksmønsteret vil endre seg litt framover, då vi ikkje lenger har dyrehald på garden. Likevel er nytteverdien av Agrilogg stor. Der er mange moglegheiter eg endå ikkje har teke i bruk, men at verktøyet eignar seg til vår type produksjon er utvilsamt.

For to år sidan hadde vi KSL-revisjon på garden. Eg leitte fram alt i Agrilogg, og fekk det godkjent! Enkelt og greitt! Så enkelt hadde det neppe vore utan Agrilogg, slår Terje fast avslutningsvis.

Bondeprofil: Terje Rostad og Eli Rostad Solhus

Solhus Gard sett frå lufta. Ein vakker, velstelt og grøderik gard! (Foto: Berdal dronefoto)

Bondeprofil: Terje Rostad og Eli Rostad Solhus

Potetopptaking! (Foto: Berdal dronefoto)

Bondeprofil: Terje Rostad og Eli Rostad Solhus

På Solhus Gard konsentrerer dei seg om potetsortane Asterix, Pimpernell, Brage og Folva - i tillegg til Kuraas, som vert produsert til potetmjølsproduksjon (Foto: Privat)

Vi i Agrilogg ynskjer alle på Solhus Gard ein grøderik og fin sommar!


Prøv Agrilogg | Logg inn | Kontakt oss

Prøv Agrilogg | Logg inn | Kontakt oss
©2016-2024 Agrilogg AS. All rights reserved
Agrilogg® is a registered trademark
Personvern (GDPR)

AgriLogg på Facebook    AgriLogg på Instagram