Logg inn Funksjonalitet Prøv gratis Artiklar Video Kontakt oss Nettkurs RådgjevarPortalen
Start Funksjonalitet Prøv gratis Artiklar Videoar Kontakt oss Nettkurs

Elisabeth og Arild Kleppe i månadens Agrilogg-profil, mai 2020

Fakta om drifta (Rokne Gard)
Folka på Rokne Gard
Profilbilde: Elisabeth og Arild Kleppe

Arild og Elisabeth Kleppe framfor den siste investeringa: ny Valtra-traktor!

Profilbilde: Elisabeth og Arild Kleppe

Kaia og Håvard med flaskelam

Mjølkebønder på Voss investerer for framtida!

- Snøkave i mai? Eg ser positivt på framtida for Norsk landbruk, og tek ingen sorger på førehand, seier bonden Arild Kleppe, som driv Rokne Gard saman med kona si, Elisabeth. Desse to var meint for kvarandre, der dei sat på kvart sitt bruk med berre seks kilometer mellom seg.

Ofte vert vegen til medan ein går. Slik vart det for dette paret, som har teke over og slått saman bruka sine, bygd nytt og investert for framtida, og midt oppi det heile fått tre born. Alt dette har dei fått til i løpet av få år! Her snakkar vi om pågangsmot og positivitet! Dette er bønder vi tek av oss hatten for, dette er bønder for framtida!

Frå avløysar til heiltidsbonde

- Her i området er det fleire som er i investeringsfasen og har bygd nytt fjøs, til liks med oss, som for to år sidan bygde nytt lausdriftsfjøs. Men det er ein evig kamp om leigejorda, kan Arild seie vidare, og fortel korleis det vart heiltidsbonde av han.

- På vidaregåande tok eg skogbruklinja ved Voss Jordbruksskule. Etter militæret jobba eg som avløysar, og fekk tilbod om å forpakte eit bruk. Samtidig var eg avløysar andre stadar, og var også innom Rokne-garden, der ei søt jente budde…

Elisabeth har ein tre år yngre bror som hadde planar om å drive garden. Men då Arild kom inn i biletet vart det aktuelt at odelsjenta Elisabeth likevel skulle ta over og drive heimgarden saman med han, og broren fann seg eit anna yrke.

Eit smalahove må til!

- Eg sjølv har vakse opp seks kilometer unna, på ein noko brattlend gard med tre kyr og nokre sauer. Sauene har eg teke med meg vidare. Det er bra å drive med litt sau og, i tillegg til storfe, som gjev oss primærinntekta. Sauene held kulturlandskapet så fint ved like, og held oss med kjøt til eige bruk. Det er ikkje fritt for at eit smalahove på ekte Vossa-vis ligg på middagsfatet på Rokne, seier Arild.

Paret overtok bruket på Rokne i 2010 etter Elisabeth sine foreldre. Elisabeth har jobb i barnehage, men både ho og borna er med på stell av dyra og tek del i ulikt arbeid. Interessen er der – kanskje har dei nokon etter seg som seinare vil overta?

Fire generasjonar samla

- Vi bur i generasjonsbustad i det gamle våningshuset på garden, med Elisabeth sine foreldre i øvste etasjen. Besteforeldra til Elisabeth bur i kårhuset ved sida av, så her er mange for borna å få merksemd frå - og eit godt samarbeid mellom fleire generasjonar. Svigerfar hiv seg ofte i traktoren og tek i eit tak, og vi er fleire om å passe borna.

Glad i årstider

Arild er ein praktisk kar som trivst godt ute med variert gardsarbeid.

- Ja, sånt innearbeid og papirarbeid er iallfall ikkje noko for meg, det er heilt klart, slår han fast.

- Eg ser særleg stor pris på dei ulike årstidene vi har, sesongane som gjev naturleg variasjon i arbeidet. Stort sett er eg nøgd og trivst i jobben min, kan han seie, og fortel om nytta han har av Agrilogg:

Agrilogg – nyttig verktøy

På Rokne har dei nytta seg av det digitale verktøyet Agrilogg i snart tre år no.

- Eg brukar Agrilogg både titt og ofte. Modular som gjødsling, slått og produksjonslager er flittig i bruk. Også leigearbeid. Sidan eg tek på meg oppdrag med rundballepressing og litt køyring av møkk til andre, er det fint og lettvint å kunne registrere det der.

Vi har bygd opp garden vår jamt og trutt sidan vi tok over i 2010, og kjem til å fortsette med det. Agrilogg blir med vidare – det er heilt klart, seier Arild Kleppe, før han tek til med dagens gjeremål.

Bondeprofil: Elisabeth og Arild Kleppe

Storfe i fjøsen

Bondeprofil: Elisabeth og Arild Kleppe

- Eg verdset dei ulike sesongane vi har som gjev naturleg variasjon i gardsarbeidet, seier den fornøgde bonden Arild Kleppe.

Vi ynskjer Elisabeth og Arild Kleppe ein fin sesong og mykje lukke til vidare i drifta!


Prøv Agrilogg | Logg inn | Kontakt oss

Prøv Agrilogg | Logg inn | Kontakt oss
©2016-2024 Agrilogg AS. All rights reserved
Agrilogg® is a registered trademark
Personvern (GDPR)

AgriLogg på Facebook    AgriLogg på Instagram