Håvard Dretvik i arbeid i tobakksplanteåkeren
Håvard Mordal Dretvik tok over familiegarden i 2012 og har sidan då drive med kornproduksjon og tobakksproduksjon (2400 planter). Han driv "Snusbonden" saman med Anna Widén-Björk og Eirik Volent. Dei er dei einaste bøndene i Norge som driv på med tobakksproduksjon til snus.
Han har heilt sidan han var 4-5 år gamal hatt ein draum om å drive gard, og i 2012 vart denne draumen oppfylt. Den største utfordringa med å ta over familiegarden var å finne ut kva utstyr han trengde, kva utstyr som passa til dei ulike maskinene og kva nivå ein måtte ha på dei ulike maskinene. Han ville også finne ut kva maskiner som måtte fornyast med tanke på at dei har drive garden i vel 40 år - rett og slett å finne ut kva ein skulle investere i.
Det å sjå kva som trengdes av endringar for å betre produksjonen kunne vere vanskeleg til tider, men etter at Potten Gård tok i bruk Agrilogg, seier Håvard at det har blitt mykje enklare å vite kva ein har gjort bra og kva som må betrast.
Kornproduksjonen går veldig bra og Håvard prøver også å utfordre seg med å dyrke erter og fangvekstar, medan tobakksproduksjonen er i ein slags forsøksfase, seier han.
Håvard jobbar no som prosjektleiar og innkjøpar i firmaet Consto Midt-Norge, samtidig som han er bonde på deltid, men han jobbar på i håp om at han ein dag skal kunne leve av berre gardsdrifta og då vere bonde på fulltid.
Håvard hadde høyrt om Agrilogg frå før gjennom andre, men det var ikkje før i 2021 at han vart ein aktiv brukar av verktøyet, då han såg at han hadde eit større behov for å loggføre arbeidet på garden. Å kunne bruke Agrilogg til å loggføre arbeidet har vore til stor hjelp på garden, då spesielt tobakksproduksjonen har strenge krav om kva som må dokumenterast.
Med eigne ord seier Håvard at det har vore eit genialt verktøy å bruke i kvardagen på garden.
Tobakksplantene må først tørkast før dei omsider kan kvernast
Håvard og resten av gjengen i Snusbonden deler bilde frå eventyret deira på Instagram og Facebook