Logg inn Funksjonalitet Prøv gratis Artiklar Video Kontakt oss Nettkurs RådgjevarPortalen
Start Funksjonalitet Prøv gratis Artiklar Videoar Kontakt oss Nettkurs

Elise Blixgård: Månadens bondeprofil, mars 2019

Fakta om Elise Blixgård
Elise Blixgård
Profilbilde: Elise Blixgård

Ein livsglad geitemjølkbonde!

Kvifor vart du bonde?

- Eg budde tidlegare i Tromsø med mann og to born, men vi hadde lyst å endre livsstil. Verken eg eller mannen min hadde noko erfaring frå gardsdrift, likevel kjøpte vi eit bruk på den frie marknaden i 2010 og satsa for fullt. Dette angrar vi slett ikkje på!

Kva er det beste med å vere bonde?

- Vi har det kanskje finare enn mange andre. Dei første fire åra vi budde her på garden, hadde mannen min framleis arbeid i Kystvakta. Då dreiv eg garden åleine når han var vekk på jobb. No jobbar vi saman på garden i fulltid begge to. For fire år sidan fekk vi også eit fosterbarn, så til saman har vi no tre born.

Eg deltek i den daglege drifta på lik linje med mannen min - og likar arbeidet godt.

Å ta valet om å leve som bonde kan vere tøft. Ein må brenne for det ein gjer, for min del ser eg på produksjon av geitemjølk som meiningsfullt, mykje fordi den mjølka har heilt unike bruksområde! Geitemjølka er også relativt bra betalt for tida, i forhold til annan produksjon, men utan tilskot hadde det vore vanskeleg å fått det til å gå rundt.

Vi er berre ca 300 bruk i landet som driv med geiter, så dette er ei næring som absolutt treng å verte framsnakka!

Som bønder vert vi slett ikkje rike på pengar, men eg må seie vi har ein annan type rikdom som er meir verdt for oss og borna vore, basert på grunnverdiane i livet. Det er vel ikkje slik at ein vert rik av å vere sjukepleiar eller elektrikar heller, men må sjå på arbeidet ein gjer som meiningsfullt.

Kva er dei største utfordringane i drifta dykkar?

- Den aller største utfordringa er nok det politiske bilete, både nasjonalt og internasjonalt. Landbrukspolitikk er ikkje berre-berre, men det som er heilt sikkert er at matproduksjon trengst i heile verda!

I og med at vi kjøpte bruket vårt utan arv eller odel, har vi heller ingen kårfolk eller andre å lene oss på. Vi står ganske åleine om ansvaret, har ingen i nærleiken å samarbeide med. Det er krevjande, men vi får det til!

For å kunne drive stort nok, starta vi med å utvide driftsbygninga til det dobbelte då vi kjøpte garden. Vi har også pussa opp huset.

Her driv vi inga attåtnæring, vi bestemte oss for å satse berre på ein type produksjon, som naturleg vart geiter, sidan det var geiter som vart drive med på garden her frå før.

Det ligg også ei utfordring i å alltid tenke langsiktig planlegging. Vi har tatt mange kurs undervegs, og har måtte lære oss sjølve korleis ting skal gjerast. Brenn ein nok for det ein gjer, så går det!

Kva modular brukar de mest i Agrilogg?

– Agrilogg tok vi i bruk for ca eit år sidan, og har ennå ikkje fått lagt inn alt. Men vi brukar modulane for slått, produksjonslager, gjødsling, jordarbeid og vedlikehald på maskiner. Det er veldig greitt og ryddig med Agrilogg - og lett tilgjengeleg.

Har du ein kommentar til, eller saknar du noko i Agrilogg?

- Eg saknar ingenting, synest det er oversiktleg og noko vi vil bruke enda meir i tida framover.

Bondeprofil: Elise Blixgård

Geiteflokken på veg "til seters for å gjere seg feite"

Bondeprofil: Elise Blixgård

Sprekare bonde må du leite lenge etter! Eit geitefjøs kan brukast til så mangt. Her dansar Elise Blixgård ballett i fjøsen

Vi takkar Elise Blixgård for praten, og ynskjer lykke til med geitene i Nordreisa!


Prøv Agrilogg | Logg inn | Kontakt oss

Prøv Agrilogg | Logg inn | Kontakt oss
©2016-2024 Agrilogg AS. All rights reserved
Agrilogg® is a registered trademark
Personvern (GDPR)

AgriLogg på Facebook    AgriLogg på Instagram