Christine Soma Nårstad: Månadens bondeprofil, mars 2020

Fakta om Nårstad Gard
Christine Soma Nårstad
Profilbilde: Christine Soma Nårstad

Christine Soma Nårstad har det kjekt på grisen Gaute - og Gaute synes det står til!

Profilbilde: Christine Soma Nårstad

Husbonden Audun Nårstad og borna

Målet er å vere sjølvforsynte!

Kva gjer at ei jente utan erfaring frå gardsarbeid, buset seg på ei lita øy og vert bonde? Svaret er enkelt: Ein mann, ein gard, og ei glødande interesse for ekte norske matvarer!

Christine Soma er fødd og har vakse opp i Ålgård. Som barn var ho og familien ofte på hytteferie på øya Ombo, som er den nest største øya i Rogaland, og den største i Stavanger, med ein butikk, ein skule og om lag 250 fastbuande. Der leika ho med andre born, og kom etter kvart i kontakt med Audun, som seinare skulle verte ektemaken hennar. Men det måtte ein påskedans på grendahuset til 😊

For sju år sidan stod bryllaupet, som vart feira med brask og bram i det same grendahuset på Ombo, med ein middagsbuffet beståande utelukka av mat frå eigen gard, tilbereda av den dyktige Ryfylkekokken!

- Ja det stod om oss i VG den gongen, seier Christine, og fortel om bryllaupsfesten. Ho har elles mykje artig på hjartet som ho vil dele. Det er lett å lese entusiasmen for norsk landbruk her i garden!

Framsnakk landbruket!

- Eg vil gjerne snakke opp landbruket som eg syns har vorte tynga ned i media den seinare tid, seier den inspirerande deltidsbonden - og fortel om ein gard med lang historie og ei lys framtid.

- Å verte sjølvhjelpte med mat frå eigen gard er målet. Vi har allereie nok av kjøt, no har eg bestilt opp ei masse ulike frø som skal såast i ny åker. Det er god dyrkingsjord og lite insekt her vi bur, held ho fram. Her er dame med drivkraft og god motivasjon til landbruk, noko som kan trengast - ikkje minst no i desse Koronatider, som har fått opp augene til folk kor viktig det er å vere sjølvforsynte i landet vårt!

Heiltidsstudent og deltidsbonde

Christine og Audun budde tidlegare i Ganddal, der jobba ho som personalansvarleg for røyrleggarar og elektrikarar, og Audun var Nordsjøarbeidar, noko han framleis er. For om lag sju år sidan velde dei å ta over familiegarden der Audun vaks opp, då onkel og tanta hans bestemte seg for å selje. Det angra dei slett ikkje på. Garden er stor og moglegheitene mange.

- Akkurat no er det ein hårfin kabal som skal gå opp, med både studiar og gard, og med mannen på arbeid to veker i strekk, men det går fint så langt, seier Christine, som er ei strukturert og dyktig dame.

- Vi skal dyrke opp endå meir innmark, men har nok fôr til eige bruk slik det er allereie. Eg har ynskje om å auke talet på sauer framover, det trur eg vi har anledning til.

På beite heile sommaren

- Dyra har gode beiteområde - både sauer og storfe går ute heile sommarsesongen og berre kosar seg! Her går alt naturens gang. På Ombo er det mykje bjørkeskog som vi nyttar oss av. Slik tvingar vi fram ope landskap, samstundes som vi brukar trea til mellom anna flis. Då vi bygde nytt fjøs til ammekyrne for få år sidan, innreidde vi med treflis på heile golvarealet. Det er svært gunstig å gjødsle med når det skiftast ut, i tillegg til naturleg gjødsling av dyr på vekselbeite.

Svigerfar som dreng

Sidan Audun er borte på jobb i Nordsjøen to veker i strekk og Christine for tida er heiltids sjukepleiarstudent, er svigerfar god å ha.

- Heldigvis er han pensjonist og glad i å ta i eit tak. Han hjelper villig til i alt av arbeid på garden, når vi sjølve ikkje har anlednin - det er ei velsigning for oss, kan Christine seie, om far til Audun.

Sunn oppvekst for born

Christine og Audun hadde allereie eitt barn og nummer to på veg då dei flytte til garden. No har dei tre born som alle er interesserte i gardsarbeid.

- Eldste jenta likar aller best lammetida, medan han i midten deltek i alt frå å hogge ved til å måke skit! Alle dyra har sitt eige namn og blir kosa og stelt godt med, likevel er borna med på slakting og et kjøtet utan å mukke!

- Både kaninar og sauer går unna med den største sjølvfølge, kan Christine seie vidare, og fortel om barneklubben ho er leiar for.

"Turbo-klubben"

- Kvar torsdag møtast om lag femten born frå øya her på garden vår og har "Turbo-klubb". Då får borna vere med på gardsarbeid, kose med dyra, og deltek også i slakting. Det var veldig populært då vi grilla hjarte på bål! Nokre syns kanskje det er rart, men vi vil at borna skal ha kjennskap til kvar maten kjem frå, og sjå naturleg på syklusen som vi i aller høgste grad er avhengige av.

- Vi må sjå alt med matproduksjon og natur i samanheng. Vi treng både kjøt og grønsaker sjølve her i landet, og må verdsetje og ta vare på den moglegheita vi har med eiga jord, slår Christine fast - og trur det vil bli endå meir verdifullt i framtida.

Alt samla i Agrilogg

- Då mannen min og eg oppdaga det digitale verktøyet Agrilogg for to år sidan, vart vi kjempeglade! Her var akkurat det vi hadde mangla for å ha kontroll på garden. Agrilogg er kome for å bli, og skal takast endå meir i bruk framover, seier ho avslutningsvis.

Bondeprofil: Christine Soma Nårstad

Dyra på beite heile sommarhalvåret

Bondeprofil: Christine Soma Nårstad

Jammen trivst dei ute om vinteren også!

Bondeprofil: Christine Soma Nårstad

Dagros passar på kalven sin!

Vi ynskjer alle store og små, to- og firbeinte på Nårstad gard masse lukke til i drifta framover!


Prøv Agrilogg | Logg inn | Kontakt oss

Prøv Agrilogg | Logg inn | Kontakt oss
©2016-2020 Agrilogg AS. All rights reserved
Agrilogg® is a registered trademark
Personvern (GDPR)

AgriLogg på Facebook    AgriLogg på Instagram