Logg inn Funksjonalitet Prøv gratis Artiklar Video Kontakt oss Nettkurs RådgjevarPortalen
Start Funksjonalitet Prøv gratis Artiklar Videoar Kontakt oss Nettkurs

Arne Hernes: Månadens bondeprofil, mars 2021

Monika og Arne Hernes
Profilbilde: Arne Hernes

På vegne av ERA Samdrift kunne Monika og Arne ta imot Sølvtine i 2019, etter leveranse av elitemjølk i 15 år

- Med Agrilogg har vi stålkontroll på produksjonslageret!

På Fosenhalvøya ytterst i Trondheimsfjorden finn vi heiltidsbonden Arne Hernes, som sidan 2001 har vore ein av bøndene i ERA Samdrift DA. Her drivast mjølk- og kjøttproduksjon i stor skala, med heile 285 dyr i fjøset!

På bileta å døme har både folk og dyr det som plomma i egget, i moderne og lettdriven lausdriftsfjøs bygd 2010.

- Heldigvis har vi ein dyktig fast avløysar som røktar mykje av det daglege, men primært er det eg og familien min som jobbar her, samt far min, kårkallen, seier Arne, som slett ikkje angrar på yrkesvalet.

Flatt og grøderikt

- Fjøsen ligg rett attmed garden min her i Ryggen. Mykje av jorda er samla i dette området, heile 60 prosent faktisk. Vi køyrer ikkje langt for å slå, berre nokre få kilometer unna er resten av jorda å finne.

I løpet av sesongen haustar vi enga tre gongar og raigraset fire gongar. Slåtten gjer vi ofte unna i løpet av ein dag. Då er alle mann i sving! Vi samlar saman ballane og veg om lag 10 % av dei.

Det mest lønsame og effektive for oss er å leige folk til å presse rundballane, sidan over tre tusen ballar vert produsert i løpet av sesongen. To-tre rundballepresser går non-stop til alt er ferdig. Effektivitet er høgt verdsett, tid er pengar, skjemtar Arne vidare.

- Her i området har vi ein snørik og kald vinter i år. Garden ligg på berre ti meter over havet, så det blir fort kaldt og vindfullt. Det er ein nedgang i tal på gardsbruk i området, men nokre satsar og bygg nytt også, heldigvis.

Sølvtina i 2019

I 2019 tok Monika og Arne Hernes på vegne av ERA Samdrift imot Sølvtina, for levering av elitemjølk gjennom 15 år.

- Dette var stor stas, kan Arne seie, og fortel om utmerkinga. Bak dette ligg det nok mykje godt arbeid, som bøndene i ERA Samdrift kan klappe seg sjølve på skuldrane for.

Traktoregg

Traktoregg i siktet så langt auge kan sjå!
ERA Samdrift gjer ofte unna slotten på berre ein dag. Då er alle mann i sving, både familien til Arne Hernes og alle i samdrifta. Snorre Baill er entreprenøren som vert brukt i slåtten. To-tre rundballepresser går non-stop til alt er ferdig.

God oversikt med Agrilogg

- For å ha kontroll på ei slik mengde fôr som vi brukar, er det viktig med god oversikt. Agrilogg hjelper oss heldigvis med dette; produksjonslageret er dagleg oppdatert etter nøyaktige type fôrlager. Men dette kunne vore endå betre, meir detaljert og skreddarsydd etter mitt ynskje. Eg saknar også å kunne legge inn fôrprøver i same biten som resten, då hadde produksjonslageret vore komplett for min del, kan Arne seie vidare, og rettar utfordringa mot Agrilogg sitt kundesenter.

Fokus på digital registrering

- Eg held Agrilogg-kurs for dei andre i samdrifta, slik at alle skal kunne logge seg på og registrere etter kvart, anten på mobilen sin eller på kontoret. Dette er noko vi jobbar kontinuerleg med.

Avløysaren vår er ein dyktig kar frå Estland som har jobba for oss i mange år. Han snakkar berre engelsk, men les heldigvis på norsk. Registreringa tek vi i fellesskap etter kvart, så alt er a jour.

Slått

- Snorre Baill stiller med to traktorar med butterfly-slåmaskin. Bakerst kjem vi med to 2-3 slåmaskiner, seier Arne. Her går slåtten unna!

HMS

Sikkerheita tek vi på alvor. Gjennom Agrilogg er det enkelt å utarbeide ei sikker jobbanalyse før risikofylt arbeid vert gjort, berre til dømes det å skifte lyspærer i tak. Men vi skulle brukt det mykje meir, sjølvsagt.

Eg syns også det er bra å bli minna på dei ulike fristane, skulle gjerne fått ein «pling», også, så det vart endå tydelegare når dei kom.

KSL revisjonen gjekk som ein draum siste eg hadde det; alt vart godkjent i Agrilogg, kan trønderbonden seie fornøgd.

Fjøs

I 2010 vart det bygd ny lausdriftsfjøs med god plass til heile 285 storfe. - Vi har lettdriven fjøs med robot, som gjer arbeidet til ein leik og sikrar at dyra har det bra

Nyttig verktøy

- Eg jobbar med at alle i samdrifta skal registrere direkte i Agrilogg, slik at vi får ein slutt på desse notatlappane, som lett blir vekk under klesvasken.

ERA samdrift ble starta i 2001, så heile tjue år med stadig forbetringar og utvikling har vi bak oss. Med 285 dyr har vi nok å henge fingrane i. Heldigvis trivast vi godt med arbeidet, som er meiningsfylt og kjekt.

No har vi hatt Agrilogg i over fire år, og er svært fornøgd med dette. Framtida kan ingen spå, men vi treng slike verktøy for å samkøyre drifta, seier Arne og rundar av bondepraten.

Gardsfolk

Venstre: Avløysaren Renno ute med kalven. - Renno har jobba hos oss i mange år no. Han er ein dyktig kar frå Estland
Høgre: «Litjveita» Hanne har sjølvsagt eigen traktor med namnet sitt på, til liks med mor si, Monika

Kyr

Venstre: Holstein-kvige i solnedgang. Vakrare vert det neppe!
Høgre: Gleda av å kome ut er så stor at det plutselig går i dans!

Kyr

Lukkelege kvigekalvar på beite. Alt vitnar om eit godt samspel mellom menneske og dyr i ERA Samdrift

Solnedgang

Vakre kyr i vakker solnedgang

Agrilogg takkar for praten, og ynskjer bøndene i ERA Samdrift lukke til vidare!


Prøv Agrilogg | Logg inn | Kontakt oss

Prøv Agrilogg | Logg inn | Kontakt oss
©2016-2024 Agrilogg AS. All rights reserved
Agrilogg® is a registered trademark
Personvern (GDPR)

AgriLogg på Facebook    AgriLogg på Instagram