Logg inn Funksjonalitet Prøv gratis Artiklar Video Kontakt oss Nettkurs RådgjevarPortalen
Start Funksjonalitet Prøv gratis Artiklar Videoar Kontakt oss Nettkurs

FB Samdrift AS: Månadens bondeprofil, november 2019

Fakta om FB Samdrift AS
Gjengen frå FB Samdrift AS
Profilbilde: Gjengen frå FB Samdrift AS

FB Samdrift AS, f.v. Lars Olav Tvergrov, Jan Rune Ville, Ole Johan Rekkedal, Ole Martin Flø og Jørn Kjetil Wille.

Kvifor vart de samdriftsbønder?

- Tidlegare dreiv alle på kvar sitt småbruk, noko som var tungt og lite lønsamt. Det vert lange dagar når ein skal halde liv i garden samstundes med å ha anna jobb ved sida av, som ein gjerne MÅ ha for å få det til å gå rundt. For nokre av oss stod ei omfattande renovering og fornying av driftsbygningar for tur. Dette er kostbart og vanskeleg å gjere åleine utan å utvide produksjonen, og det tek lang tid å tene inn att for eit lite bruk åleine. Vidare ynskte dei fleste å fortsette med dei sivile jobbane ved sidan av. Alt dette sett i lys, vart det bestemt at ein skulle gå i samarbeid om bygging. I 2007 vart FB Samdrift AS skipa og fellesfjøsen på Rekkedal bygd.

No har vi fått orden på ferie og fritid, og kan kombinere gardsarbeidet med anna yrke, utan å slite oss halvt ihel! Og med Agrilogg tett ved sida vår, går det endå betre!

Kva er det beste med å vere samdriftsbønder?

- Det må vere det sosiale. Vi er fleire om å gjere arbeidet og løyse problema. For min del er jordbearbeiding det eg syns er kjekkaste gardsarbeidet. Samdrifsmedlemane disponerer eigne gravemaskinar/utstyr som vi leiger ut til samdrifta med forskjellige timesatsar. Slik dyrkar, drenerer og slår vi markane sjølve. For dette arbeidet fakturerer vi samdrifta, og her er Agrilogg viktig for at vi får med oss alt arbeid vi gjer. Alt areal som samdrifta disponerer, søker samdrifta arealtilskot på.

Kva er dei største utfordringane i drifta dykkar?

- Det må vere at mekanisk og teknisk utstyr ikkje varer så lenge. Utstyr som vi er avhengige av både inne i fjøset og ute, krev mykje vedlikehald og må ofte fornyast. Heldigvis er vi ein gjeng karar med god teknisk innsikt og kan reparere mykje sjølve, men det er ein del kostnadar knytt til dette. Då er det ekstra godt at vi er fleire!

Sjølvsagt er veret også ei utfordring her som andre stadar, men stort sett går det greitt.

Kva modular brukar de mest i Agrilogg?

- Det må vere timeregistrering som er aller mest i bruk. Alle i samdrifta fører timane sine i modulen for leigearbeid. I tillegg brukar vi mykje teigoversikta, slåttmodulen og modulen for vedlikehald på maskiner. Sidan vi er i samdrift, er det ekstra kjekt å kunne samkøyre arbeidet i Agrilogg. Tidlegare var det desse notatbøkene som låg att i ulike traktorar. No har vi alt samla på kvar vår mobiltelefon, og alle har tilgang til dei same opplysningane. Det er veldig greitt!

Har de ein kommentar eller sakna de noko i Agrilogg?

- Det må vere at timane i fakturagrunnlaget kan verte markerte som fakturerte (når dei er fakturerte i eit anna eksternt system).

Bondeprofil: Gjengen frå FB Samdrift AS

Like under dei ragande, spektakulære Sunnmørsalpane ligg Fremre Bondal Samdrift AS som eit Soria Moria Slott for landbruket

Vi ynskjer alle bøndene i FB Samdrift AS mykje lukke til vidare!


Prøv Agrilogg | Logg inn | Kontakt oss

Prøv Agrilogg | Logg inn | Kontakt oss
©2016-2024 Agrilogg AS. All rights reserved
Agrilogg® is a registered trademark
Personvern (GDPR)

AgriLogg på Facebook    AgriLogg på Instagram