Logg inn Funksjonalitet Prøv gratis Artiklar Video Kontakt oss Nettkurs RådgjevarPortalen
Start Funksjonalitet Prøv gratis Artiklar Videoar Kontakt oss Nettkurs

Kristoffer Emil Ueland: Månadens bondeprofil, november 2020

Fakta om Kristoffer Emil Ueland
Kristoffer Emil Ueland
Profilbilde: Kristoffer Emil Ueland

Kristoffer Emil Ueland har vore bonde i tjue år til saman

Profilbilde: Elisabeth og Arild Kleppe

Her sel Kristoffer Emil sjokolade på Matstreif i Oslo. Mang ein godbit fann vegen til ei kresen gane!

Sjokoladeeventyr og kyr i skjønn foreining

- Det er gildt å sjå heile prosessen

...seier bonden Kristoffer Emil Ueland på Jæren. Med over tjue års erfaring frå gardsdrift kan den allsidige sosionomen også by det norske folk på heimelaga sjokolade, i tillegg til kjøtprodukt frå eigen og andre sin gard.

Du finn dei ikkje så ofte. Desse menneska som ser moglegheiter der andre ser avgrensing. Dei som tek ein kva som helst slags idé og bles liv i den. Ein må vere positivt innstilt. Men mest av alt krevst det hardt arbeid og pågangsmot. Det skadar heller ikkje å få hjelp og støtte av andre undervegs, slik Kristoffer Emil er så heldig å ha i familiebedrifta Nyyyt!

Kursendring

Det var broren som var odelsgut. Kristoffer Emil vaks opp på garden, tok sosionomutdanning og jobba som miljøterapeut, men enda altså med å ta over gardsdrifta etter bror sin for 12 år sidan, då han ville gje seg.

- Ja, det vart ei kursendring for min del, men eg angrar ikkje. Eg starta først med sau på ein annan gard som heiter Røysland, der vi no har produksjonslokale. Så tok eg over garden heime, og starta med mjølkeku i samdrift. Dette held eg på med i seks - sju år, før eg gjekk over til ammeku og kjøtproduksjon for å nytte dei store beiteområda vi har her. Den tida jobba eg som miljøterapeut i tillegg til gardsdrifta. Sau av NKS-rasen har eg hatt heile vegen. Til saman har eg vore bonde i tjue år no, kan Kristoffer Emil fortelje.

Nyyyt – Familiebedrift med foredling av kjøtprodukt

Men det stoppar ikkje der. Kristoffer Emil har også andre bein å stå på, i tillegg til eigen gard. I 2005 stifta sju lokale bønder opp kjøtforedlingsbedrifta Nyyyt. Per i dag er tre av dei opprinnlege eigarane igjen, desse er Kristoffer Emil, broren Georg-Fredrik og far deira Kjell-Ivar, alle med etternamn Ueland. Med lokal forankring og kunnskap er visjonen å skape kjøtprodukt med unik historie og den aller beste smaksopplevinga. Nyyyt arbeidar tett med bøndene som leverandørar, noko som er sjølve nøkkelen til kvalitet.

- Med sporberre produkt tilbake til den enkelte bonde, er vi klare til å bryte nytt land, sa produsentane i startfasen. Dette har dei greidd å leve opp til. Produkta til Nyyyt kan finnast i mange butikkar, og har blitt eit kjent og kjært merkevare i det ganske land.

Lokal forankring

- Alt startar hos bonden. Vi i Nyyyt brenn for kvalitetskjøt heile vegen og handplukkar kjøt av beste kvalitet. Dette kjem kresne kundar til gode, ikkje minst gjev det meirverdi til bøndene vi samarbeider med, seier Kristoffer Emil.

I Nyyyt vert det produsert pinnekjøt og andre produkt av lam, okse og svin. Fleire bønder i området leverer slakta sine til Nyyyt, ferdige produkt vert levert til restaurant, butikk og privatmarknaden over heile landet.

- Våre kundar skal ikkje berre ha tryggleik, men også få kunnskap. Difor skal dei til dømes vite om pinnekjøtet kjem frå lam som har beitt på heida eller lam som har beitt på lågareliggande områder, held han fram. Slaktinga går føre seg andre stadar, inntil vi får bygge vårt eige slakteri neste år på ein gard ved sida av her.

Angus og Wagyu

- Førre veke slakta vi den første oksen vår, Kjell. Det vert spennande å sjå kva respons det vil gje når den no skal ut på marknaden.

Storferasane vi har lagt oss på er ettertrakta, med det godt marmorerte Wagyuen, som den kallast her i landet, og Black Angus, som begge er edle raser.

Sjokolade - eventyr!

- I Nyyyt er vi også svært glade i sjokolade, og stolte eigarar av merkevara Sjokoladehjørnet. Her har vi smakt oss fram til 80 ulike typar handlaga variantar. Alle bitane vert laga for hand, sjølvsagt med nydeleg belgisk sjokolade! Vi har eige godkjent lokale for denne produksjonen, som vi fekk tilbod om å ta over etter andre og har drive sidan 2013. Vi hadde utsal i Julebyen i Egersund i fire- fem år, innan vi flytte den opp hit i nytt produksjonslokale. Vi leverer sjokolade både til private og bedrifter rundt om i heile landet.

Sjokoladen vår er glutenfri og kan også leverast som ein sukkerfri variant, den er sett på som eksklusiv og kostbar i produksjon, så hittil har vi vel ikkje tent ei krone på det, ler Kristoffer Emil, og seier at i tillegg til sjokolade har dei også is i magen, og von om å få til inntening etter kvart.

Om ikkje anna er det veldig kjekt å ha noko anna å halde på med i tillegg til vanleg gardsarbeid, slår den sjokoladeglade bonden fast.

Sosial person

Eg er eigentleg ein utåtvend og sosial person, og treng stundom fleire rundt meg for å trivast. Såleis er sjokoladen noko vi vil halde fram med. Då får eg reise litt rundt og treffe andre folk. Det kan bli einsamt å arbeide på ein gard åleine dag ut og dag inn, så dette gjev ei kjærkomen avveksling i kvardagen for min del.

Born er gjerne med å smakar og pakkar sjokoladen, vi har ei familievenleg og kjekk bedrift i Sjokoladehjørnet!

I Agrilogg vert mykje av arbeidet på garden registrert. Den viktigaste modulen for min del er brunstmodulen, men fleire av dei andre er også i flittig bruk, og eit godt verktøy i drifta mi.

Eg er stolt av å vere bonde og trivast godt med det, seier Jærbonden avslutningsvis, før han tek til på dagens gjeremål.

Sauer

Kristoffer Emil og hunden Fly gjeter saueflokken

Storfe

Venstre: Lukkelege dyr på beite. - Vi har store og gode beiteområde her, som bør nyttast maksimalt, kan bonden på Høg-Jæren slå fast
Høgre: Oksen Kjell på sluttforing. Kjell vart slakta i førre veke. - Det skal bli spennande å sjå responsen av dette, seier Kristoffer Emil

Høg-Jæren gard

Flyfoto av Høg-Jæren gard

Vi i Agrilogg ynskjer Kristoffer Emil og familien lukke til med drifta!


Prøv Agrilogg | Logg inn | Kontakt oss

Prøv Agrilogg | Logg inn | Kontakt oss
©2016-2024 Agrilogg AS. All rights reserved
Agrilogg® is a registered trademark
Personvern (GDPR)

AgriLogg på Facebook    AgriLogg på Instagram