Lars Øyvind Hillestad: Månadens bondeprofil, oktober 2019

Fakta om Alver hjort
Lars Øyvind Hillestad
Profilbilde: Lars Øyvind Hillestad

Lars Øyvind Hillestad driv hjorteoppdrett på heiltid!

Kvifor vart du bonde?

- Ettersom far min ikkje var interessert i å drive garden i tillegg til administrativ jobb i kommunen, så hoppa det over ein generasjon. Men både far og farfaren min merka seg tidleg at eg viste interesse for gardsdrift. Som ung tok eg mellom anna på meg arbeid som dreng på nabogarden, og likte denne type arbeid godt. Difor spurte dei tidleg om eg hadde lyst å ta over garden, sjølv om eg hadde ein eldre bror. Broren min viste ingen interesse og skreiv frå seg odelen til meg. Då eg var 15 år var garden min på papiret!

Alver Gard ligg i sentrale strøk og tett på storbygnad i Alversund. Inntil nyleg har eg vore den einaste i heile Hordaland fylke som har drive med hjorteoppdrett! For ei veke sidan selde eg nemleg ti dyr til ein annan som ville starte opp inne i Bergen.

Kva er det beste med å vere bonde?

- Allsidigheita i drifta er det beste, at dagane og gjeremåla ikkje er like. Eg har mange ulike ting å styre med kvar dag. Ein annan ting eg vil nemne er nærheita til det jordnære og ekte i livet, som eg set stor pris på. Sjølv om ein stor del av tida mi går med i gravemaskina, passar denne kombinasjonen bra for meg.

Kva er dei største utfordringane i drifta di?

- Å vere bonde er absolutt ei utfordring. For min del er det avgjerande å kunne få inntekter av andre ting enn akkurat av kjøttet. Med andre ord; her må ein vere kreativ! Eg driv mellom anna med kursing, og garden er besøksgard der ulike arrangement vert stelt til. Hjorten er eit ynda objekt for små og store, som gler seg over å klappe og kose med dyra. Desse vert meir tame enn sauen, og er eit nysgjerrig og enkelt dyr å ha med å gjere, og ikkje minst eit flott skode når dei hoppar og sprett omkring på jordet!

I tillegg til dette driv eg også ein jordtipp, der eg tek imot jord frå entreprenørar som må kvitte seg med overskotsmasse. Jorda planerer eg og dyrkar opp på garden min. Slik har eg nok å gjere, og får ei attåtinntekt som kjem godt med og gjer at eg kan drive med denne type produksjon.

Per i dag er det ikkje noko offentleg slakteri som tek imot hjort, difor har eg bygd mitt eige slakteri. Såleis kan eg slakte og vidareforedle dyret her heime. Vi tek dermed hand om produksjonslina heilt frå grasproduksjonen til biffen har kome på tallerkenen, DET er litt spesielt!

På landsbasis er vi om lag eitt hundre bønder som driv produksjon av hjort, så vi er slett ikkje mange.

Vêret er heilt klart ei av utfordringane i drifta mi også, til liks med mange andre bønder i landet vårt. Dei fleste hjortebønder har dyra sine gåande ute heile året, men på denne kanten som vi bur, er det som kjent mykje nedbør. Difor har eg teke grep og bygd ein hall der dyra kan stå innandørs ved behov.

Kva modular brukar du mest i Agrilogg?

- På vinterstid er det heilt klart modulen for snøbrøyting som er mest i bruk. Den modulen i seg sjølv har vore med på at eg har hugsa å fakturere alle timane mine, så Agrilogg-kontingenten har nok vore tent inn att opptil fleire gongar berre der, vil eg tru!

Eg brukar også modulen for leigearbeid mykje om vinteren.

På sommarstid er beitemodulen i flittig bruk, denne har eg vorte svært glad i. Også modulen for gjødsling/kalking og plantevernjournalen er mykje i bruk.

Eg må seie at Agrilogg har vore veldig flinke med å etterkome ynskje frå oss bønder. Heilt sidan eg starta å abonnere i 2017 har systemet vidareutvikla seg mykje, også for oss hjortebønder. Den delen eg verkeleg har sakna er no på plass; hjorteregister og registrering av hjort i dyrehaldmodulen. Vi hjortebønder har ikkje hatt noko slikt digitalt verktøy tilgjengeleg tidlegare, vi er svært glade for at dette no har kome på plass i Agrilogg, og ser fram til å få bruke det mykje!

Har du ein kommentar, eller saknar du noko i Agrilogg?

- Eg har iallfall eit lite ynskje, ein tanke som eg har lyst å formidle; kva med å lage ein liten, enkel modul for utlån av verktøy? På alle gardar er det mange ulike verktøy. Desse vert ofte lånt ut til andre utan at eigaren har oversikt over kven, kva og når. Når dagen kjem der eg treng dette verktøyet, hugsar eg slett ikkje kven eg har lånt det til! Med å integrere dette i Agrilogg hadde det vore enklare å finne tilbake til utlånet, og eg slepp å leite garden rundt etter tinga mine...

Bondeprofil: Lars Øyvind Hillestad

I Alversund beitar hjorten lukkeleg. Om Lars Øyvind må tilbringe ein del tid i gravemaskina, har han i alle fall mange flotte dyr å sjå på!

Vi ynskjer Lars Øyvind Hillestad mykje lukke til vidare i drifta!


Prøv Agrilogg | Logg inn | Kontakt oss

Prøv Agrilogg | Logg inn | Kontakt oss
©2016-2019 Agrilogg AS. All rights reserved
Agrilogg® is a registered trademark
Personvern (GDPR)

AgriLogg på Facebook    AgriLogg på Instagram    AgriLogg på Twitter