Logg inn Funksjonalitet Prøv gratis Artiklar Video Kontakt oss Nettkurs RådgjevarPortalen
Start Funksjonalitet Prøv gratis Artiklar Videoar Kontakt oss Nettkurs

Even Dæhlin: Månadens bondeprofil, september 2019

Fakta om Gjerdrum Nordstuen
Henriette og Even Dæhlin
Profilbilde: Even Dæhlin

Henriette og Even, løk'lige korn- og løkbønder i Våler

Kvifor vart du bonde?

- Det må vel seiast å vere reine tilfeldigheita! I 1990 sa eg frå meg muligheita til å ta over garden der eg vaks opp, eg ville helst gjere andre ting då eg var yngre. Men så tok livet ei anna vending; i 1991 traff eg ho som skulle verte kona mi, Henriette. Det skulle vise seg at ho var odelsjente, så her enda eg opp med gardsdrift likevel! I 1998 flytta vi hit og tok over drifta. Garden står i kona mi sitt namn, sidan ho er herifrå.

Kva er det beste med å vere bonde?

- Valfriheita er det aller beste. Å kunne velje kva tid eg vil gjere dei ulike oppgåvene på garden. Og dersom det er ein dag utanom vekstsesongen eg ikkje er motivert, så kan eg faktisk velje å gjere ingenting, eller ta ein tur i verkstaden og lage noko nyttig. Eg lagar mykje av maskinene til løkproduksjonen sjølv. Eg set også stor pris på å få arbeide mykje utandørs.

Den største motivasjonen er likevel å kunne sjå resultatet av det eg produserer. Det er meiningsfullt å dyrke nødvendig og god mat til folket i Norge! Vi treng litt av alt, vi er til dømes berre 8 bønder i landet som har godkjend stikkløkproduksjon.

Kva er dei største utfordringane i drifta di?

Å klare å tene pengar er vel den aller største utfordringa. Med alle dei kostbare investeringane som må til, skal det ein del til for å tene inn att og gå i pluss. Generelt er innteninga i landbruket for dårleg, sett i forhold til risikoen og bunden kapital. Den store uforutsigbarheita kan vere stressande, men vi greier å få det til å gå rundt, så lenge ein av oss har anna arbeid ved sida av. Kona mi, Henriette, er tilsett i full stilling hjå Nortura. Slik må det vere, dersom vi skal ha nok å leve av.

Kva modular brukar du mest i Agrilogg?

- Stort sett brukar eg alle modulane, med unntak av dei som har med husdyr å gjere, sidan vi ikkje har dyrehald her på garden. Agrilogg hjelper meg med å halde styr på veldig mykje i drifta, og eg syns Agrilogg er eit unikt verkty som eg har stor hjelp i.

Eg har inntrykk av at mange grønsaksbønder har teke i bruk andre digitale verkty enn Agrilogg for registrering og loggføring. Det kan eg ikkje forstå, eg har iallfall alt eg treng her i Agrilogg, som i seinare tid har vorte endå betre for oss utan dyrehald også.

Har du ein kommentar, eller saknar du noko i Agrilogg?

- Det einaste eg saknar er ein plass å kunne registrere nedbør på - og notere manuell luking av til dømes floghavre. Dette har eg vore i kontakt med kundesenteret om, utan at det har kome på plass endå. Men eg har framleis håp om at det ordnar seg, slik som mange andre ting har gjort etter forespørsel. Eg må gje honnør til Agrilogg for rask og grei kundesørvis, det går sjeldan lenge før eg får svar på henvendelsane mine.

Kommentar frå Agrilogg: Registrering av luking av floghavre har vi faktisk fått inn, det kan leggast inn under Planteproduksjon > Korn. Under Annen aktivitet ligg luking av floghavre - og ein kan også registrere eigendefinerte aktivitetar. Nedbør kan registrerast som eit generelt notat, men noko utover det har vi ikkje pr. i dag.

Gjerdrum Nordstuen

Gjerdrum Nordstuen ligg i Våler i Solør, Hedmark fylke. Her driv Even Dæhlin og kona Henriette Gjerdrum Dæhlin med korn og løkproduksjon. Garden er mellom dei åtte gardane i landet med godkjend stikkløkproduksjon!

Vi ynskjer dei løk'lige bøndene på Gjerdrum Nordstuen mykje lukke til vidare!


Prøv Agrilogg | Logg inn | Kontakt oss

Prøv Agrilogg | Logg inn | Kontakt oss
©2016-2024 Agrilogg AS. All rights reserved
Agrilogg® is a registered trademark
Personvern (GDPR)

AgriLogg på Facebook    AgriLogg på Instagram