Logg inn Funksjonalitet Prøv gratis Artiklar Video Kontakt oss Nettkurs RådgjevarPortalen
Start Funksjonalitet Prøv gratis Artiklar Videoar Kontakt oss Nettkurs

Lars Gunnar Bratberg: Månadens bondeprofil, september 2020

Lars Gunnar Bratberg
Profilbilde: Lars Gunnar Bratberg

Bonden Lars Gunnar Bratberg i Brumunddal

Profilbilde: Elisabeth og Arild Kleppe

Vintrane i Ringsaker Kommune kan vere svært snørike, og mange har behov for brøytehjelp. Lars Gunnar og Kjell Arne stiller villig opp. Det er greitt å ha mange bein å stå på, variasjonen i arbeidskvardagen blir deretter!

Står stødig på fleire bein!

Ringsaker kommune er ei av dei største landbrukskommunane i Noreg. Her finn vi eit omfattande og variert landbruk, som pregast av små og store gardsbruk med eit rikt mangfald av produksjonar.

På Nystuen Gard i Brumunddal finn vi Lars Gunnar Bratberg; entreprenør og sauebonde som har funne formelen på drifta ilag med sambuaren sin, Sara Nilsstuen. Saman med dei to borna sine har dei satsa på eit idyllisk og godt familieliv i landlege omgjevnadar. For kva er vel betre enn å vekse opp på ein gard i «Dala», med hestar og sauer rundt seg?

Born to be a farmer boy?

Guttepjokken Lars Gunnar vaks sjølv opp i Gaupen på 80-talet. Han viste tidleg interesse for gardsdrift, til tross for at han sjølv ikkje kom frå gard.
- Eg brukte mykje tid på bestefaren og onkelen min sine bruk, då eg var yngre. Der fekk eg utfalde meg og arbeide med det eg likte best. Eg tok meg også jobbar på andre gardar i området, og då eg var 16 år byrja eg som sommarhjelp på Grefsheim Gard på Neslandet, som er ein skikkeleg storgard. Eg var der også dei to neste somrane. Dette var ei interessant og kjekk tid, som verkeleg ga blod på tann for ein lærevillig bondespire. Etter kvart fekk eg meg 100 prosent stilling på Grefsheim Gard, og deltok i sjølve drifta. Til saman jobba eg i 20 år på denne garden, og trivest veldig godt. Eg hadde ikkje ville vore utan den erfaringa eg fekk hos ein alle tiders arbeidsgjevar; Johan E. Mellbye!

Agronomutdanning

- Eg tok agronomutdanning på Jønsberg Vidaregåande skule i Stange då eg var yngre, og sikra med dermed kunnskap innan fleire felt. Det skulle vise seg å kome godt med.

Far min har alltid brukt å ta på seg ulike typar arbeid for andre, noko eg tidleg vart involvert i. Allereie i 18-19 års alderen starta eg og syskenbarnet mitt Kjell Arne Thorstad å samarbeide om diverse entreprenørjobbar. Dette held vi framleis på med, og har dermed sikra oss mange bein å stå på i tillegg til kvar vår gard. Vi er begge sjølvstendig næringsdrivande og aktive Agrilogg-brukarar. Alt av leigearbeid vert registrert fortløpande på mobilen, heilt enkelt!

Kjøpte eige bruk som 20-åring

Lars Gunnar fortel vidare:
- Som 20 åring fekk eg tilbod om å kjøpe ein gard i Dala. Eg slo til, og har seinare ikkje angra; det var dette eg var født til å halde på med!

Dei tidlegare eigarane på garden hadde høns og kyllingproduksjon. Dette fortsette vi med i ei tiårs tid. Men eg ville ha sau. Mange sauer! Etter kvart vart hønsa fasa ut til fordel for sau. Vi ligg no på ei 80-120 vinterfôra sauer, alt etter som. Dette er ei barnevenleg drift, både sambuar og born er med i arbeidet på garden, og trivast med det. I tillegg har Sara og eldste dottera vår Emma ein hest, som dei har stor glede av.

Vi sel også saueskinn av eigne sauer, som er ei fin attåtnæring. Desse er det Sara som står for. Vi plukkar nøye ut skinna frå garveriet, så kvaliteten skal vere bra!

Leigearbeid over ein lav sko

Her i området er marknaden for ulike typar leigearbeid stort. Vi arbeidar etter sesong, med plenty snøbrøyting på vintrane, horving, såing av korn og gras og vedlikehald på våren, og slåttearbeid i sommarsesongen, der det går mykje i rundballepressing.

I år vart tredjeslåtten noko forringa av tørke, men elles brukar det å vere nokså stabilt, tre slåttar i sesongen er vanlegast i desse trakter, kan Lars Gunnar seie vidare.

Nybygg på gang!

- Akkurat no er det bygging av nytt våningshus på garden heime som står på agenda, i tillegg til den vanlege drifta. Huset vårt var frå 1800-talet og ikkje lenger tenleg etter våre behov. Vi måtte tenke nytt og bygg no hus fem meter unna det gamle, så vi flyttar ikkje så langt, kan du seie, seier bonden humoristisk og tek fatt på dagens gjeremål.

Det er alltid nok å halde fingrane i på ein gard.
- Skal vi halde fram å produsere mat, er det berre å stå på! Så set vi vår lit til at det norske folk kjøper og et norsk mat, som er den sunnaste ein kan få i verden, slår han fast!

Bondeprofil: Lars Gunnar Bratberg

Lars Gunnar har ofte to traktorar i sving på jordet når arbeid skal utførast

Bondeprofil: Lars Gunnar Bratberg

ATV er kjekt å ha under beitetilsyn, syns Sara. Her med fin utsikt over Mjøsa

Bondeprofil: Lars Gunnar Bratberg

For bonden er det ikkje noko som heiter åtte til fire-jobb. Ofte kan klokka bikke midnatt før dagens gjeremål er vel i hamn. Det gjeld å nytte høvet når vêret er bra, men akk så fine kveldar det kan vere på Hedmarken!

Bondeprofil: Lars Gunnar Bratberg

Venstre: Tidleg krøkjast som god bonde skal bli! Johanne 1 år
Høgre: Emma og mamma Sara på tur i skogen

Bondeprofil: Lars Gunnar Bratberg

På Nystuen gard har dei både vanleg kvit og gamalnorsk spelsau. Skinna vert garva og selde, noko som er ei fin attåtnæring som Sara står for

Vi ynskjer Lars Gunnar og familien ein fin haust, og mykje lukke til på Nystuen Gard!


Prøv Agrilogg | Logg inn | Kontakt oss

Prøv Agrilogg | Logg inn | Kontakt oss
©2016-2024 Agrilogg AS. All rights reserved
Agrilogg® is a registered trademark
Personvern (GDPR)

AgriLogg på Facebook    AgriLogg på Instagram