Logg inn Funksjonalitet Prøv gratis Artiklar Video Kontakt oss Nettkurs RådgjevarPortalen
Start Funksjonalitet Prøv gratis Artiklar Videoar Kontakt oss Nettkurs

Anders Brødreskift frå Indre Fosen: Bondeprofilen sommaren 2022

Fakta om Ytre Stadsbygd Samdrift
Ytre Stadsbygd Samdrift
Profilbilde: Anders Brødreskift og dei andre i samdrifta

Frå venstre: Anders Brødreskift, Nils Morten Buan, Jostein Wemunstad

Kva er det beste med å vere bonde?

- Kvardagen som bonde består av mykje variasjon, ingen dag er lik. Det varierer mellom kontorarbeid, arbeid både med fjøset, i fjøset, arbeid på åkerane og ute på beita.

Korleis fann du ut at du ville bli bonde?

- Eg er oppvaksen på gard, så interessa for gardsarbeid kom ganske fort og naturleg. Etter kvart som eg blei eldre fekk eg hjelpe til meir og meir på garden. Eg fekk hjelpe til med blant anna å hesje, arbeid i silo, og etter kvart som beina rakk ned til pedalane fekk eg også køyre traktor. Eg har odel på garden, så planen var alltid å ta over garden då faren min skulle pensjonere seg - det gjorde han i 2016. Før eg blei bonde jobba eg som ingeniør ved Fosen Yard skipsverft.

Ytre Stadsbygd Samdrift
Slått i Fosen

Slått på bøane i Indre Fosen

Kan du beskrive ein typisk dag som bonde?

- Eg startar i fjøset klokka 7 om morgonen og held på i cirka 3 timar. Vi har kyr i fire fjøs så det er ikkje mangel på arbeid på garden. Samstundes held vi på å byggje på eit av fjøsa slik at vi kan klare oss med berre to fjøs. Etter arbeid i fjøsa et eg frukost. Om sommaren dreg et ut på teigane og driv med spreiing av kunstgjødsel og slått. Om ettermiddagen tek eg turen inn i fjøsa igjen og er der til ut på kvelden. Det blir fort 12 timars lange dagar.

Kva er dei største utfordringane i drifta dykkar?

- Den økonomiske delen av å drive gard er noko av det vanskelegaste fordi utgiftene er svært høge. I Trøndelag er vi også prega av mykje nedbør så ein må arbeide mellom regnbyene for å få unna arbeidet.

Kva modular brukar du mest i Agrilogg?

- Dei modulane eg brukar mest er slått, jordbearbeiding, gjødsling og kalking, sprøyting, notat og datablad.

Kva slags arbeid gjer du på garden no om sommaren og korleis brukar du Agrilogg i dette arbeidet?

- Eg brukar modulen slått under slåtten. Då kan eg legge inn både raking og pressing av rundballar samtidig som eg fører antall. Modulen for gjødsling og kalking er også flittig brukt under arbeidet.

Har du ein kommentar til, eller saknar du noko i Agrilogg?

- Eg synest det er kjempeflott! Kjekt å sleppe haugevis med bøker - og ikkje minst at alle oss tre i samdrifta kan registrere arbeidet på ein og same plass.

Slått
Under slåtten, flate bøar og utsikt mot Trondheimsfjorden

Under slåtten, flate bøar og utsikt mot Trondheimsfjorden

Arbeid på jordet
Arbeid på jordet

Arbeid på jordet

Vi i Agrilogg takkar for praten, og ynskjer Anders Brødreskift og dei andre i Ytre Stadsbygd Samdrift lukke til vidare med drifta!


Prøv Agrilogg | Logg inn | Kontakt oss

Prøv Agrilogg | Logg inn | Kontakt oss
©2016-2024 Agrilogg AS. All rights reserved
Agrilogg® is a registered trademark
Personvern (GDPR)

AgriLogg på Facebook    AgriLogg på Instagram