Logg inn Funksjonalitet Prøv gratis Artiklar Video Kontakt oss Nettkurs RådgjevarPortalen
Start Funksjonalitet Prøv gratis Artiklar Videoar Kontakt oss Nettkurs

Karl Olav Hodnefjell, Mosterøy i Stavanger: Bondeprofilen sommaren 2023

Fakta om Karl Olav Hodnefjell
Karl Olav Hodnefjell
Profilbilde: Karl Olav Hodnefjell

Karl Olav Hodnefjell ute med kyrne på beite ein fin solskinsdag. (foto: Karl Olav Hodnefjell)

- Det beste med å vere bonde er å få jobbe med dyr. Eg får vere fysisk og utandørs. Eg likar å styre dagane mine sjølv og vere eigen sjef. Det er fint når dyra er på beite!

Det seier Karl Olav Hodnefjell som har teke over familiegarden på Hodnefjell. Han synest at våren er ei spesielt fin tid med lamming, kalving og lysare dagar. For Karl Olav var det aldri noko tvil om at han skulle ta over garden.

– Eg er oppvaksen på garden og hadde odelsretten. Eg hadde ein fin barndom. Vi var fem sysken og hadde godt selskap i kvarandre. På garden fekk vi jobbe med det vi hadde lyst til og der var ingen arbeidstvang. Eg har hatt interessa heilt i frå starten av, seier Karl Olav.

Mykje hjelp frå far

Ein typisk arbeidsdag for Karl Olav startar med stell i fjøset.

– Eg får mykje hjelp frå far om morgonen, slik at eg får levere barn i barnehagen. Når eg kjem heim så går eg ut og ordnar det som skal gjerast den dagen, og det varierer med årstidene. Så er det henting i barnehagen igjen, dei dagane eg skal gjere det. Til slutt er det kveldsstellet, fortel Karl Olav.

For nokon helgar sidan var det 2.slåtten som stod på timeplanen. På Hodnefjell finsnittar dei - legg i silo, og noko blir pressa til rundballar. Dei har hatt ei ny runde med gjødsling og driv med beitepussing. Om litt blir det 3.slåtten for familien.

«Nisjelam» er best betalt

Dei 90 vinterfôra sauene til Karl Olav får om lag 210 lam. Av dei blir ein del kopplam, og det blir alltid litt svinn. Kvart år tek dei vare på 20 av lamma til vidare produksjon som blir bedekt når tida er inne.

Lamming
Slangespreiar

Frå vårens lamming, der barna får helse på dei små lamma. (foto: Karl Olav Hodnefjell)

– På fredag vog vi og valde lam for slakt. Då må vi skilje sauene frå lamma i to ulike beiter, gjerne med litt avstand mellom. Det brukar å gå fint, men det tek ein god arbeidsdag å gjere det. Første døgnet frådelt kan det bli ein del breking. Dei ropar på kvarandre. Men det roar seg fort, seier Karl Olav.

Når Karl Olav veg lamma så vel han dei som er minst 50 kg for å få best pris ved slakt. Dei som ikkje har nådd ønska vekt må vente i tre veker før neste sending til slakt. Har dei enno ikkje nådd 50 kg då, så må dei ete seg opp i tre veker til – men det gjeld dei færraste.

– Vi har også kvote på og leverer «nisjelam», kalla «klosterlam». Dei er verken for lette eller for tunge. Klosterlamma må oppfylle gitte krav for både vekt og klasse for å få dei godkjent som klosterlam Desse vert seld på Rema 1000-butikkar. Vi får betre betalt for «nisje-produkt» enn ved vanleg leveranse av lam, seier Karl Olav.

Vanskeleg å innfri nye komande krav

I dag har Karl Olav båsfjøsar på Hodnefjell. Den største utfordringa i drifta er at driftsbygningane byrjar å bli gamle. Han må bestemme vegen vidare. Enten må han investere i nytt og bygge om til lausdrift, eller så tenkjer han å leggje om drifta til ammekyr. Å leggje ned er ikkje eit alternativ i dag.

30 mål fôrmais
Gjødsling

Kone og to av borna i åkeren, 30 mål fôrmais (foto: Karl Olav Hodnefjell)

– No er vi i ei planleggingsfase der vi vurderer alternativ. Det er vanskeleg å innfri dei nye krava som kjem om lausdrift, sjukepengar og ymse anna. Prisane har auka så pass mykje at vi må sjå kva som kan gjennomførast økonomisk. Vi må overleve, seier Karl Olav.

Agrilogg – eit nyttig verktøy til gardsdrifta

Karl Olav var tidleg ute med å prøve Agrilogg, og han synest det er eit nyttig verktøy til gardsdrifta. Han seier at det er lett å finne igjen alt og han finn det raskt. Det er positivt! Med Agrilogg får han lagt inn det han skal før han gløymer det.

– Eg synest at Agrilogg har utvikla seg bra frå oppstart til no. Agrilogg er ein kjempegod logg å ha med seg. Eg brukar mest modulane for slått, gjødsling, sprøyting og jordbearbeiding. Sprøytejournalen er fin! Og modulen til vedlikehald av maskiner. Eg brukar også notatmodulen, der eg lagar meg hugseliste for ting. Til dømes så brukar eg å notere kva innstillingar eg har på maskinene mine. Eg har notert innstillingane for gjødselspreiaren min, slik eg kan sjå om same innstilling høver neste år for til dømes mengde som skal spreiast, fortel Karl Olav.

- Det er ingenting eg saknar i Agrilogg, ikkje som eg kjem på.

Vi i Agrilogg takkar for praten og ønskjer Karl Olav Hodnefjell lykke til vidare med drifta!

Kalvar på beite
Beitekos

Kalvane kosar seg på beite (foto: Karl Olav Hodnefjell)

Poteter
Sette-poteter

Barna hjelper til med å sette poteter (foto: Karl Olav Hodnefjell)

Slått nr 2
Sette-poteter

Her er dei i full gang med andreslåtten (foto: Karl Olav Hodnefjell)

Riding
Riding

Eldste dotter, Vilde, har to hestar på garden. (foto: Hedda Transeth)


Prøv Agrilogg | Logg inn | Kontakt oss

Prøv Agrilogg | Logg inn | Kontakt oss
©2016-2024 Agrilogg AS. All rights reserved
Agrilogg® is a registered trademark
Personvern (GDPR)

AgriLogg på Facebook    AgriLogg på Instagram