I følge Nyt Norge (2024) «er det i Norge i dag omlag 530 hønsebønder, det til ei kvar tid er rundt 4,4 millionar verpehøner». I 2023 vart den totale eggproduksjonen på rundt 2 milliardar egg. Dette tilsvarer omlag 370 egg per person i Norge for eit heilt år.
Om den unge hønsebonden:
Den unge hønsebonden, Johannes Aksnes, poserer utanfor hønsehuset. Foto: Johannes Solbakk
På ein gard på Sunnmøre finn vi den 18 år gamle odelsguten Johannes. Han vart 18 år i april 2024, og signerte overtakelsespapira på bestefaren sitt hønseri på Rovde, berre 2,5 mnd etter. Med ein eggprodukjson på 7500 egg kvar dag, driv han hønseriet medan han tek agronomutdanning i Trondheim. Han likar godt å køyre traktor og å gjere gardsarbeid - og kosar seg med dette.
- Sjølv om skulen som eg går på; Øya VGS i Trondheim, har mest fokus på drift av kyr og sau, er eg jo eigentleg interessert i heile spekteret i norsk landbruk. For to år sidan fekk eg spørsmål om eg var interessert i å ta over hønseriet til bestefar min. Etter å ha holdt litt på den tanken, endte det til slutt opp med å verte ein realitet. Oppsummert har der no vore både eit ønske og eit tilbod.
- Plukka egg, fortel han med eit smil om munnen.
- Nei, eigentleg har eg gjort meg opp ein del erfaringar. Før eg tok over har eg
brukt mykje tid på vasking og det mekaniske i hønseriet, mellom innsetta. Etterkvart har eg også plukka ein del egg og lært mykje av
maskineriet på pakkerommet i hønseriet.
- På topp i innsetta, har vi gjennomsnittleg ein produksjon på 7500 egg per dag. Det tilsvarer antal høns som hønseriet rommar. I Norge får ein ikkje ha meir en 7500 høner pr bonde.
- Hønseriet eig eg åleine, men eg driv det i lag med bestefar, som er fast tilsett. I tillegg har eg mykje gode folk rundt meg – eg hadde ikkje klart dette utan dei. Dei har støtta meg, og hjelper til om det trengst. I tillegg er det mange andre hønsebønder i nærleiken av produksjonen min som alltid kjem med gode tips og råd, dersom problema oppstår. Vi slepp også å ha så mykje opplæring dersom vi leiger inn kvarandre i ferie og slikt. Sosialt sett har det gjort at vi har fått eit lite felleskap rundt det å vere hønsebonde, slik at vi ikkje står i det heilt åleine.
- Eg har utruleg lyst til å drive med landbruk, og eg fann ut at det var best å starte så tidleg som mogleg. Då eg fekk mogleheita, tenkte eg at det var for dumt å ikkje hoppe på. Eg synst det er utruleg kjekt. Eg føler meg utruleg heldig som har fått ei stor moglegheit vidare i livet.
- Til å begynne med skal eg drive hønseriet så mykje eg klarer, fram til eg har fullført skulegongen. Når eg flyttar heim, vil eg drive hønseriet på fulltid. I tillegg vil eg mest sannsynleg jobbe ved sidan av i eit maskinfirma og litt heime på garden.
- Ja, dersom det norske samfunnet har ei meir realistisk innstilling på kva det innebærer, kor mykje arbeid det er og tid det tek å vere bonde. Slik at ein får ei realistisk betaling som står deretter, så ser eg verkeleg lyst på framtida som agronom. I tillegg så håper eg det norske folket ser verdien av å vere sjølvforsynte, og arbeidet bøndene legg ned.
- Det er no litt 50/50 av og til, men eg ser på det som eit yrke som er mogleg å gå inn i, ja. Det er jo ein risiko eg er villig til å ta.
- Eg elskar å vere bonde! Det gjeld arbeidsstilen der eg kan jobbe med dyr, maskiner og traktorar. Gleda eg får av å vere bonde, er den største motivasjonen eg har til å fortsette.
- Eg tek agronom-utdanning. I tillegg skal eg ta påbygg til generell studiekompetanse, som eit sikkerheitsnett dersom det er noko som gjer at eg ikkje kan halde fram med dette seinare.
- Heilt ærleg har eg ikkje sett meg heilt inn i det enda, sidan eg nyleg overtok. Ser eg på korleis politikarane verdsetter bøndene, så opplever eg det som veldig dårleg. Eg synest ikkje at det norske samfunnet gir bonden den respekta og betalinga som bonden forteenar. I tillegg så synest eg det er dårleg av det norske folket å ikkje sette seg inn i kva det handlar om å vere bonde, men å berre drage konklusjonar ut i frå kva andre meinar.
- Vanlegvis brukar eg 2,5 – 3 timar kvar dag. Då vaskar eg, ryddar, plukkar egg og det som trengst. Mellom innsetta er der ein lengre periode der vi vaskar ned huset, klargjer, går over all elektronikk og heile maskineriet. Då reknar vi mellom 200-300 arbeidstimar. Vi får høna når ho er 16 veker, og slaktar dei når ho er 78, så totalt sett har vi høner i omtrent 52 veker. Den totale arbeidstida vert då på 2,5-3 timar i 52 veker, så 200-300 timar fordelt på 3-4 veker.
- Får eg lov til å drøyme litt, håpar eg at eg framleis kan drive med dette yrket eg har starta på. Eg vil fortsette med hønseri - og kanskje overta mjølkeproduksjonen til foreldra mine.
- Opprinneleg vaks eg opp på ein gard med sauedrift. Etterkvart overtok foreldra mine ein gard med mjølkeproduksjon, som vi og har utvida med ein kjøtproduksjon med oksar og storfetypen Hereford - dette i tillegg til at bestefar min har hatt eggproduksjon så lenge eg har levd. Eg vil seie at vi kjem frå ein ganske allsidig gard, som driv med litt forskjellig.
- Det må nok fort bli pappa, som har vore der for meg når eg treng det. Eg ser veldig opp til han, fordi han verkeleg har stått på heile livet mitt for at vi skal kunne ha dei moglegheitene vi ønsker, og eg har eit håp om å prøve å fylle skoa hans. I tillegg må eg tilføye besteforeldra mine, som har stått i dette sidan dei var unge. Likevel elskar dei dette framleis - og har stått på dag og natt for at det skal gå rundt.
- Eg håper resultatet vert så godt at bøndene kan leve godt av det. At det skal vere mogleg å ta seg fri, sjølv om ein driv på ein mindre måte. Slik satsinga i samfunnet er i dag, vil dei ha større bruk, som ikkje nødvendigvis er det beste. Eg ser på det som positivt dersom det var mogleg å ha mange fleire mindre bruk. Det er viktig at bonden skal kunne møte alle dyra sine behov i løpet av ein dag. Dersom ein fortsett med store bruk, ser eg for meg at det skulle vore positivt at ein kunne gjort det økonomisk enklare å tilrettelegge for fleire arbeidsplassar enn berre for ein bonde. Med dette kunne en hyra inn avløysarar, drengar og ungdommen, som kan få vere med å arbeide og tene pengar. Ein gard kan faktisk vere ein arbeidsplass for mange - og slik som samfunnsutviklinga ser ut trur eg dette er vegen å gå.
- Slik standarden er, vil eg seie at dyrevelferda i eit hønseri er bra. Det er jo så klart ein kunstig måte å drive på, og det er utfordrande å skulle finne gode løysingar slik drifta er i dag. Eg trur dyra har det veldig bra, fordi miljøet er veldig rolig og ikkje så mykje i forandring. Fjørfe er ganske skjøre mot forandring, så denne løysinga er jo positiv. Det er jo klart at rasa har jo mykje å seie for trivselen på hønene i eit hønseri, så til neste år har eg tenkt til å prøve ei anna enn den vi har i år. Som bonde er jo dyrevelferda mykje det du gjer den til sjølve, men eg skulle ønske det var laga et betre systen for å drive med høner som går ute. Dersom det var lagt til rette for det både økonomisk og teknologisk er eg veldig open for å kunne drive drifta mi med moglegheit for å vere ute og i litt mindre skala. I forhald til arbeid lønner det seg ikkje å drive på denne måten. Den betalinga bonden får, gjer det i dag veldig vanskeleg å skulle ha den type drift i ein større produksjon som ein skal kunne leve av.
Han avsluttar intervjuet med å tilføye:
- Det viktigaste for min del når det kjem til val av yrke, er at eg vil drive med noko eg synest er kjekt, mot dei høge inntektene. Sjølv om det
er mykje brutto inntekt i ei gardsdrift er det ikkje like mykje netto i det lange løp. Det er mykje viktigare for meg å heller drive med eit
yrke der eg kosar meg kvar dag, enn noko eg gjer berre for pengane sin del. Til slutt vil eg komme med ei oppmodning til alle dykk unge, lovande;
velg det de elskar framfor noko som er godt betalt!
Den stolte hønsebonden viser fram produktet: Ferske egg av beste kvalitet! Foto: Johannes Solbakk
I produksjonen. Foto: Johannes Solbakk
Kjelder: