Anders Voll Eltun frå Lærdal: Bondeprofilen våren 2022

Fakta om Voll Gard / Nedi-garden
Anders Voll Eltun
Profilbilde: Anders Voll Eltun

Resultatet av arbeidet viser igjen på innsatsen - difor gjer han sitt beste!

Kva er det beste med å vere bonde?

- Det beste med å vere bonde er det å kunne vere ute og arbeide fysisk. Eg styrer kvardagen min sjølv. Resultatet av arbeidet viser igjen på innsatsen, så eg gjer mitt beste.

Korleis fann du ut at du ville bli bonde?

- Eg vaks opp på gard som liten og har vel eigentleg alltid visst at eg har ville bli bonde. Eg fekk vere med på både smått arbeid som steinplukking, men fekk også bidra med større arbeidsoppgåver etterkvart som eg blei eldre.

Eg fullførte vidaregåande og begynte på Høgskulen i Sogndal.

Eg hugsar spesielt ei ExPhil-førelesing eg var i, der eg hugsa at tankane mine var ein heilt anna plass enn på det som skjedde framføre meg. Eg tenkte heller på gardsarbeid enn faget. Eg slutta då på høgskulen og blei bonde.

Eg tok over garden til faren min i 2013 og blei bonde på fulltid i 2015. Eg trivest godt med å arbeide på garden, og ved å sjå arbeidet som hadde blitt gjort på garden fekk eg lyst til å vidareutvikle garden når det var min tur til å ta over. Eg fekk eit eigarforhold til garden.

Kan du beskrive ein typisk dag som bonde?

- Eg startar dagen med å gi ungane frukost og køyrer dei til skule og i barnehage. Deretter gjer eg det som trengs på garden. Kona har ofte allereie begynt å arbeide når eg kjem att. Eg får mykje hjelp til gardsarbeidet, til dømes frå far min og nokre utanlandske arbeidarar. Om våren og hausten dei siste 6 åra har eg tilsett ein utanlandsk arbeidsmann som gjer det manuelle arbeidet på åkeren. Om hausten får eg også hjelp av 11 bærplukkarar til å plukke bringebær og morellar. Det maskinelle arbeidet gjer eg sjølv, til dømes arbeidet på gulrotåkeren med traktor som ugrasbekjemping og slått.

Kva er dei største utfordringane i drifta dykkar?

- Vatning er eit av dei største problema eg har, det er veldig tørt klima i Lærdal. Så er jo det også det økonomiske – å ha råd til drivstoff, maskiner og gjødsel. Det blir spennande å sjå om kravet til bøndene blir innfridd.

Korleis synast du det er å bruke Agrilogg til arbeidet på garden om våren?

- Om våren? Eg synest at det går fint å bruke Agrilogg heile året. I november og desember brukar eg mest produksjonslageret. Andre modular eg brukar er gjødsel- og kalkregistrering, sprøyting og planteproduksjon. Eg registrerer også slått, men sel det på rot.

Er det noko du saknar i Agrilogg?

- Eg skulle gjerne ønska ein eigen modul for vatning slik at eg har ein plass der eg har oversikt over kva tid eg vatna dei ulike holda.

PS: Vatning finst allereie som eige val under Observasjon/aktivitet i alle modulane under Planteproduksjon.

Plastlegging på potet

Anders er godt i gang med å plastlegge potetene

Vi i Agrilogg takkar for praten, og ynskjer Anders Voll Eltun lukke til vidare med drifta!


Prøv Agrilogg | Logg inn | Kontakt oss

Prøv Agrilogg | Logg inn | Kontakt oss
©2016-2022 Agrilogg AS. All rights reserved
Agrilogg® is a registered trademark
Personvern (GDPR)


AgriLogg på Facebook    AgriLogg på Instagram