Logg inn Funksjonalitet Prøv gratis Artiklar Video Kontakt oss Nettkurs RådgjevarPortalen
Start Funksjonalitet Prøv gratis Artiklar Videoar Kontakt oss Nettkurs

Ole Håkon Farstad frå Hustad i Romsdal: Bondeprofilen våren 2023

Fakta om «Ruggå»
Ole Håkon Farstad
Profilbilde: Ole Håkon Farstad

Ole Håkon Farstad ute på beite med kyr og kviger (Foto: Privat)

– Det beste med å vere bonde er å jobbe mykje ute og at det er fysisk arbeid. Det er fint om våren og sommaren. Eg jobbar kanskje alt for mykje, men det blir nokre fine glimt i kvardagen – som når eg ruslar på beite med dyra og eg er heime når ungane kjem frå skulen.

Det fortel bonden Ole Håkon Farstad. Han kjøpte garden sin «Ruggå» på den opne marknaden for 10 år sidan, og han har allereie motteke plakat for 10 år med «Elitemjølk» frå Tine.

– Eg er født og oppvaksen på mjølkegard, men eg var sistemann i syskenflokken. Når eg ikkje kunne ta over familiegarden så kjøpte eg ein nabogard som ligg berre fem minutt ifrå, seier Ole Håkon.

Men før han kjøpte «Ruggå» var han nokon rundar i tenkjeboksen før han bestemte seg.

– Eg veit ikkje om eg hadde gjort det same i dag, på grunn av det økonomiske. Eg var vel ung og naiv då, ler Ole Håkon.

Barna til Ole Håkon
Barna til Ole Håkon er med på beite

Barna til Ole Håkon er med å sjekkar dyr på beite (Foto: Privat)

Kyr i solnedgang
Kyr i nydeleg solnedgang

Nydeleg solnedgang med kyr og kviger på beite (Foto: Privat)

Stor trivsel på garden

Ole Håkon har alltid jobba som avløysar, og trivast godt med å halde på med og ta vare på dyr. Han likar å få ting til å vekse og å skape ting. Som når han gjer eit arbeid som gir resultat to år fram i tid.

Slangespreiar
Slangespreiar

I år har Ole Håkon eit prøveprosjekt med slangespreiar, som pumpar fram gjødsla meir effektivt (Foto: Privat)

– Eg er ikkje ein «8-4» mann. Eg likar fleksibiliteten med gard, der eg får styre kvardagen sjølv. På garden er det varierte oppgåver og vi held sjeldan på med det same lenge, så eg er sjeldan lei. Eg kan nok vere ein rastlaus type, seier Ole Håkon med eit glimt i auge.

På ein typisk vårdag på garden står Ole Håkon opp og går i fjøs. Så et han ein rask frukost, og går ut for å halde på med det som trengs. No går det mykje i gjødselkøyring og gjerding. Så er det middagstid, før han går ut igjen. Så er det fjøsrunda.

– Det går jamt heile dagen. I går haldt eg på i 18 timar. Vintertida er litt rolegare, då held eg ikkje på langt til kveld. Nokon dagar tek vi oss fri også. Vi prøvar å ha litt familietid. Då er vi ute i naturen, på fjellet eller på leikeland, seier Ole Håkon.

Drøymer om lausdrift og mjølkerobot

No held Ole Håkon på med ny driftsplanlegging for ny fjøs. Båsfjøsen som han har i dag er frå 70-talet, som han både har bygd opp og ut. Om to til tre år må han bestemme seg for vidare satsing.

– Eg har litt for liten plass i båsfjøsen min for produksjonsvolumet som eg har i dag. Men eg kan drive i båsfjøsen til 2034. På sikt må eg trappe ned på produksjonen, eller så må eg bygge nytt med nye komande krav. Målet er lausdrift og mjølkerobot i framtida. Eg likar godt å mjølke slik som eg gjer no, men det blir meir lettvindt med ein mjølkerobot, seier Ole Håkon.

Beiteområde ved kysten
Beiteområde ved kysten

Beiteområde ved kysten for kyrne og kvigene (Foto: Privat)

Kyr på beite
Kyr på beite

Kyrne kosar seg på beite (Foto: Privat)

Vêret er den største utfordringa

På kystgarden til Ole Håkon er vêret den største utfordringa med tanke på å få til eit godt grovfôr. Nedbørsmengda har mykje å seie.

– I fjor vart det mykje nedbør og då vart fôret dårleg. Graset vart grovt. Og det dårlege foret vil henge på i lang tid utover vinteren, fortel Ole Håkon.

På garden har han også ulike jordtypar, noko som er utfordrande. Eit år var det tørke og då vart graset bra der han har myr, men tørke er der sjeldan. Og for andre markar er ikkje tørke bra.

– Det økonomiske er også ei utfordring i gardsdrifta. Eg har planar om nybygg og har mykje leigejord, og det går ikkje med nye investeringar i dag. Når ein byggjer nytt så blir ein meir låst. Skal eg satse med ti til tolv millionar til nybygg så blir situasjonen fort verre, seier Ole Håkon.

Gjødsling
Gjødsling

Mykje godt arbeid med gjødselkøyring for Ole Håkon (Foto: Privat)

Veldig fornøgd med Agrilogg

Ole Håkon bruker Agrilogg kvar dag. I Agrilogg legg har inn vedlikehald på maskiner og utstyr, og dokumenterer grøfting med timetal. Han har også lagt inn data for varmesum og vil kontrollere når han bør hauste avlinga.

– Eg har starta så vidt med kartskisser, og bruker alt av gjødsling og kalking-modulen med husdyrgjødsel og kunstgjødsel. Eg bruker også Agrilogg til såing og slått, samt for rundballar, fortel Ole Håkon, og legg til:

– Eg er veldig fornøgd med Agrilogg og er imponert over utviklinga. Det er temmeleg bra. Det er brukarvennleg, lett å bruke og enkelt å trykke seg fram på. Agrilogg er også veldig enkelt for å dokumentere ovanfor KSL-revisorar, alt er der. Til dømes sprøytejournal. Sist eg hadde besøk av ein KSL-revisor så var han veldig fornøgd med at eg brukte Agrilogg. KSL er ein god grunn til å velje Agrilogg, då går det knirkefritt!

– Er det noko du saknar i Agrilogg?

– Ja, under beiteslepp. Det skulle gått an å dele opp ein teig i fleire teigar/skifte. Det kan vere ein god funksjon, dersom det blir meir krav til slik dokumentasjon, avsluttar Ole Håkon Farstad.

Vi i Agrilogg takkar for praten, og ønskjer Ole Håkon lykke til vidare med drifta!

Tankbil
Tankbil

Hobbyen til Ole Håkon er tankbilkøyring (Foto: Privat)

Luftetur!
Luftetur!

Ei kvige er ute å luftar seg (Foto: Privat)


Prøv Agrilogg | Logg inn | Kontakt oss

Prøv Agrilogg | Logg inn | Kontakt oss
©2016-2024 Agrilogg AS. All rights reserved
Agrilogg® is a registered trademark
Personvern (GDPR)

AgriLogg på Facebook    AgriLogg på Instagram