Bernt Olav Bjørge vart heiltidsbonde i 2004
- Det eg synest er best med å vere bonde er at eg kan styre arbeidsdagen min mykje sjølv.
- Både bestefaren og faren min var bonde. På grunn av det blei interessa mi for gardsbruk fort fanga. Som ung gjekk eg på landbruksskulen på Hamar og tok seinare agronomutdanning. Eg jobba på austlandet på gard i omtrent 5-6 år før eg gjekk over til transport med lastebil i 4 år for Synnøve Finden. Eg køyrde også slakteriavfall før eg starta som bonde på heiltid i 2004.
- Eg har to faste tilsette. Ei dame frå Ukraina som hjelper til i fjøset og ein mann som hjelper til med brøyting. Faren min er pensjonist og hjelper til i fjøset når han kan. Om morgonen dreg eg ut i fjøset for å fòre og stelle med kyrne, dottera mi på 7 år er med når ho har lyst til det.
Arbeid i fjøset
Seinare på dagen driv eg på med utearbeid. Om natta og litt ut på morgonen driv eg med snøbrøyting. Eg har omtrent 150 kundar som eg brøyter for regelmessig. Det går fort 16-17 timar på å brøyte. Eg og min mannlege kollega jobbar på skift. Vi brøyter berre private eigedomar. Eg måkar i sentrum på ein radius på cirka 2 km. Eg bur 3 km unna sentrum.
- Eg vil seie at lønsamheit er den største utfordringa. Det er ikkje alltid like enkelt å tene nok pengar til å overleve på å jobbe berre som bonde. Utan snøbrøytingsarbeidet hadde det ikkje gått rundt.
- Eg er godt fornøgd! Eg hadde nokre innspel då eg begynte med Agrilogg, dette høyrde dei på og oppfylte dei ønska eg hadde.
- Eg har 2 traktorar som begge er av merket John Deere. Av utstyr til traktorane har eg bakmontert fres og plog, og ein sandstrøar som er kjekk å ha når det er glatt ute.
- Eg saknar at det går an å legge ein kunde rett inn i brøytemodulen i staden for å måtte gå inn i innstillingane og legge dei til der.
Venstre: Brøyting med traktor
Høgre: Bjørge Gard