Logg inn Funksjonalitet Prøv gratis Artiklar Video Kontakt oss Nettkurs RådgjevarPortalen
Start Funksjonalitet Prøv gratis Artiklar Videoar Kontakt oss Nettkurs

Sommarrefleksjonar frå ein ung potensiell hønsebonde

Møre og Romsdal sin største egg-produksjon er lokalisert på Rovde i Vanylven kommune. Dette innlegget er skrive av ei jente som har sommarjobb med bestefaren sin på eit hønseri.

7500 frittgåande høns i produksjon

Eg jobbar som avløysar på eit av hønseria saman med bestefar. Eg er oppvaksen på gard med både storfedrift og sauedrift. Det er bestefar min som eig og driv hønseriet, men eg har fått vere med å jobbe der som avløysar. Vi tek hønseriet tidleg om morgonen, kanskje rundt klokka 8. Men vi bestemmer det sjølv. I hønseriet jobbar eg for det meste på pakkerommet, medan bestefar plukkar egga inne. Inne med hønene er det to store aviar, som hønene klatrar og leikar seg fritt på. På aviara har hønene fri tilgang på vatn, og dei får mat automatisk fem gongar om dagen. På aviara er det også eigne rugeplassar, der hønene legg egg. Egga trillar ned på eit rulleband.

Sortering av egg

Sortering av egg: Skitne, knuste, doble, små, misfarga og fine egg

Når eg kjem på jobb startar eg rullebandet frå det eine aviaret - og når det er tomt, startar eg det andre. På rullebandet sorterer eg egga etter skitne, knuste, doble, små, farga og fine egg. I løpet av ein dag får vi rundt 7500 egg. Dette er ganske mykje i seg sjølv, men på Rovde er det heile seks hønsehus. Desse har seks forskjellige eigarar. Alle hønsehusa har like stor kapasitet og på ein dag med alle hønseria i drift vert det produsert heile 45000 egg. Med ei så stor drift er det både positive og negative opplevingar, men for det meste er det positivt.

Det er ein bra start på arbeidslivet spesielt for dei unge. Det kan også vere ein god start på dagen. Ein arbeidsdag i hønseriet kan vare i 2-3 timar, kor lang tid det tek varierer etter kor mange vi er. Om eg ikkje er på jobb er det bestefar som må gjere alle arbeidsoppgåvene, men når eg er der plukkar han berre på golvet og aviaret inne og reiser heimatt. I hønseria jobbar det mange unge, og bransjen er veldig open for nytt liv og ny utvikling.

Hønsegjødselen må fraktast bort

Noko av det som kan påverke kor lang tid arbeidet tek i hønseriet er gjødselkøyring. I løpet av ein dag vert egga sortert på rullebandet, vi plukkar egga inne på golvet, og egga på aviara som ikkje er lagt på rugeplassane. Desse egga må eg då vaske i vaskemaskina før dei kan gå gjennom dei vanlege prosessane. Inne i hønsehuset er det eit eige system for gjødsel, i eit hønseri er det ikkje noko gjødselkjellar. I staden for gjødselkjellar er der eit lagringshus.

Hønsegjødsel

Hønsegjødselen vert frakta bort

Kvar femte dag vert gjødsla henta ut av hønseria, og blir køyrd til lagerhuset. For å hente ut gjødsla, trykker bestefar på ein knapp. Dette startar opp eit gjødselband under aviara, som skyver gjødsla ut i andre enden av hønseriet. Med dette kjem gjødsla ut på eit rulleband i enden av hønseriet, og sender gjødsla ut. Ute står ein traktor med ei hønsegjødselvogn, som tek i mot gjødsla og køyrer den til lageret.

Ved å fjerne berre litt gjødsel om gongen og dermed ikkje fjerne alt strøet på golvet, vil dette gi hønene noko å plukke i og dermed sørge for naturleg atferd. Sidan det er mange som driv på samme området på Rovde avlastar bøndene kvarandre, slik at kvar bonde berre køyrer gjødsel kvar 30. dag. Krava om reinhald i hønseriet vert på denne måten fortsatt oppfylt. Dette er nok eit unntak, sidan det er fleire hønsebønder på Rovde i samme område.

Refleksjonar om eggproduksjon

Eg synest hønene har det bra, men eg skulle ønske dei fekk gå ute i ei slags innhegning. Eg trur at om hønseria ikkje var så samla, så ville vi hatt ein plass ute til dei, men med tanke på smitte ville det ha vore veldig risikabelt. Om berre ei høne hadde fått ein sjukdom, kunne alle dei 45 000 andre hønene også verte smitta. Med litt vind kunne fjæra blitt spreidd, eller ein fugl med eit virus/sjukdom nappar borti dei og gjort dei sjuke. På Rovde er det ikkje noko pågåande smitte av fugle-sjukdommar - vi er ein del av den trygge norske drifta på grunn av dei strenge norske krava til eggproduksjon. Utan dei norske krava ville nok drifta, helsa og dyrevelferda ikkje vore så god som den er i dag. Sjølv om eg tenkjer at dyrevelferdskrava kunne ha vore forbetra med til dømes utegang. Likevel er Norges eggproduksjon såpass sikker at du til og med kan ete egga rå med minimal sjanse for å bli sjuk eller smitta av noko type sjukdom, slik som Salmonella. I mange andre land er dette ikkje trygt, og alle egg må dermed varmebehandlast før folk kan ete dei.

Med ein så stor eggproduksjon kjem eit stort ansvar, dette vert teke veldig alvorleg. For å kunne gå inn til hønene på ein så stor produksjon må ein gjennom ei smittesluse. Først må ein inn på ei separat sluse og stå i urein sone, her kan ein ferdast med eigne klede og sko. For å komme seg til rein sone må ein ta på seg heildekkande dressar, pustemaske og sko godkjende for bruk i akkurat dette hønseriet. Då kan ein gå over grensa. Dette må alle arbeidarar gjennom. Dersom ein har vore i utlandet må ein også i karantene.

Ferdig sorterte og vaska egg

Ferdig sorterte og vaska egg vert pakka

I frå vi får levert hønene i hønseriet, til dei blir gassa ned, går det omtrent 14 månader. Etter dei månadene har vi fri og tid til å vaske ned og desinfisere heile hønsehuset til nye høns. Mykje av arbeidstida til ein hønsebonde går med til gjødselkøyring, avliving og innsetting. Når hønene skal avlivast, vert dei gassa inne i hønsehuset. Så fraktar vi dei ut når dei er avliva. Med denne måten slepp vi stresset som var tidlegare, der vi måtte løfte og bære hønene i live ut i avlivingskonteinarar. Måten vi avlivar høns på i dag, tenkjer eg kan høyrast verre ut enn det faktisk er. Eg tenkjer at levetida til hønene er det som heller burde stillast i eit meir problematisk lys. Sjølv om alt på høna blir nytta av Norsk Protein etter avliving, tenkjer eg at det er dumt at den råvara me har so mykje av i dag, ikkje kan bli nytta til mat.

Noko eg tenkjer berre er heilt feil er måten vi må sortere egga på. Nordmenn vil i dag berre ha det beste av det beste. På same måte som både agurkar og gulrøter (m.fl) har den norske eggproduksjonen «skjønnheitsstandardar». For at egga vi leverer skal kunne passe inn i kartongar, må vi sortere ut dei egga som er for store eller doble. Og for at kundar ikkje skal bli misfornøgde må vi sortere vekk egga som er for små. Egg som er skitne vil ikkje kundar ha, fordi ingen vil ha ein flekk på maten sin, dette viser berre kor urealistisk det norske samfunnet har utvikla seg til å bli. Etter all denne sorteringa, kjem vi til det som toppar alt etter mi meining. Vi må sortere ut dei egga som har den minste misfarge, sjølv om det ikkje er noko gale med dei. Alle dei nemnde egga blir fjerna fordi dei ikkje passar inn i eggstandarden. Dette meiner eg blir heilt feil å ikkje ta opp når det er snakk om matsvinn.

Egg er ein stor del av den norske kvardagen, vi kan bruke egg til både frukost, lunsj, middag, dessert og kveldsmat. Dei inneheld alle vitamin ein treng i løpet av ein dag med unntak av C-vitamin. Den norske eggproduksjonen er ein gigantisk produksjon som mettar mange. Og vi som hønsebønder står stolte som produsentar av den reine norske maten, og gode norske råvarer.

Video

Publisert sommaren 2022


Prøv Agrilogg | Logg inn | Kontakt oss

Prøv Agrilogg | Logg inn | Kontakt oss
©2016-2024 Agrilogg AS. All rights reserved
Agrilogg® is a registered trademark
Personvern (GDPR)

AgriLogg på Facebook    AgriLogg på Instagram